Om prosjektet

Me har valt oss ut to spesifikke historiske tilfelle, der spørsmålet om gruppetilhøyre til urfolk eller nasjonalstat har vori særleg aktuelt. Det fyrste tilfellet er perioden med aktiv assimiliering/segregering av samar i dei skandinaviske nasjonalstatane. Det andre tilfellet er perioden 1939-45, da verdskrig og okkupasjon sette eit særleg skarpt lys på spørsmålet om borgarars nasjonale identitet.

Målsettinga med prosjektet er å analysere korleis sørsamisk identitet og minne har blitt skapt over tid gjennom forhandlingar mellom urfolksgruppa og den ikkje-samiske majoritetsbefolkninga. Me spør: Korleis har desse to kritiske punkta i sørsamisk historie blitt forstått, hugsa, tolka og brukt til å uttrykke idéar om sørsamisk identitet, anten det nå er innanfor det sørsamiske samfunnet eller i høve til storsamfunnet utanfor?

Prosessane, røynslene og responsen i det sørsamiske samfunnet blir sett i samanheng og samanlikning med andre samiske samfunn, og til liknande prosessar og utfordringar som andre urfolk har gått gjennom i Canada og USA.

Me skal samle inn og analysere tre hovudtypar av datamateriale: kvalitative intervju, historiske arkivkjelder, og historiografiske tekstar, forteljingar og analysar. Teoretisk kjem prosjektet til å søkje å byggje bruer mellom moderne minneteori til urfolksstudier.

Nord universitet er prosjekteigar.