Ansattbilde: Leiv Heming Sem

Leiv Heming Sem

Professor
Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag
Studiested
Levanger
Kontor
Levanger, C Nylåna, 4.322
Kompetanseområder
Discourse analysis, Identity, Language policy, Popular poetry, Folklore, Literature history, Memory culture, Norwegian literature, Norwegian language, South Saami history, Sami, War history, Cultural diversity, Cultural history, Museum, Sami history/indigenous studies

Slik kropp du aldri fann

i heile Noas ark.

Han er meir enn ein mann:

Han er frå Telemark!

Og mangt er lest og lært

med honoms hug og blikk.

Ja, alt er kjent og kjært

— minus pedagogikk.

Eg underviser i norsk på både bachelor- og masternivå, mest om litterære emne, men eg har også undervist i somme språklege emne, og da mest språkhistoriske og språkpolitiske.

Sidan den faglege bakgrunnen min er folkloristikk, har eg undervist på universitetsnivå også i somme samfunnsvitskaplege fag som masteremnet Identitet og politikk ved NTNU, og eg har vori sensor på masternivå i kulturhistorie ved UiO og kulturminneforvalting ved NTNU, i tillegg til å vere sensor i norsk.

For tida er eg rettleiar for to PhD-studentar.

Forskingsinteressene mine krinsar om tre hovudemne: Eitt er litteraturhistorie, særleg munnleg folkedikting og folkloristisk faghistorie.

Eit anna hovudemne er minnekultur, særleg knytt til traumatiske hendingar. Her har særleg den norske minnekulturen etter andre verdskrigen vori sentral for meg.

Dei seinare åra har eg jobba med sørsamisk historie og identitetsbygging.

Eg leiar ei forskingsgruppe ved fakultetet der kulturell og didaktisk handsaming av traumatisk historie er kjernen.

2016
Metodikkens skål! Moltke Moe som feltforsker 2016 Tidsskrift for kulturforskning - Audun Kjus, Kyrre Kverndokk, Line Esborg, Leiv Sem
2012
Gravene i Falstadskogen 2012 - Leiv Sem, Åshild Karevold, Ingeborg Arntine Heitmann Hjort, Arne Langås
2009
Innherad tvangsarbeidsleir 1945-49 2009 - Leiv Heming Sem, Trond Risto Nilssen, Åshild Karevold
Doktoren svarer 2009 - Leiv Heming Sem
Debatten om Falstad 2009 Dagsavisen - Leiv Heming Sem, Trond Risto Nilssen, Ingeborg Arntine Heitmann Hjort, Åshild Karevold
Dialog om vår egen fortid 2009 - Leiv Heming Sem, Trond Risto Nilssen, Ingeborg Arntine Heitmann Hjort, Åshild Karevold
"Smertefull kulturarv" 2009 Spor - Marianne Neerland Soleim, Leiv Heming Sem, Marek E. Jasinski
Innherad tvangsarbeidsleir 1945-1949. Utstillingskatalog 2009 - Leiv Heming Sem, Trond Risto Nilssen, Åshild Karevold, Ingeborg Arntine Heitmann Hjort
Avdekker vanskelige krigsminner 2009 - Tove Eivindsen, Marek E. Jasinski, Marianne Neerland Soleim, Leiv Heming Sem, Lars Fredrik Stenvik, Arne B. Johansen