Er du student med aktiv studierett på eit studieprogram ved Nord universitet (intern søkar) eller ved ein annan lærestad (ekstern søkar), kan du søke overgang til eit tilsvarande studieprogram ved Nord universitet.
Følgjande generelle regler gjeld for overgang:
- Du må ha aktiv studierett på eit tilsvarande studieprogram.
- Du må seinast innan studiestart dokumentere at du har fullført kvalifiserande utdanning for å kunne begynne i det studieåret som du søker overgang til.
- Søknader om overgang blir behandla på kvart enkelt fakultet.
Det er ikkje alle studieprogram du kan søke overgang til i Søknadsweb. Dersom du ikkje kan søke overgang til ditt studium, eller du ikkje kvalifiserer til å søke om overgang, kan du søke opptak til første studieår via Samordna opptak innan ordinær søknadsfrist.
Dersom du får tilbod om studieplass på studiet du ønsker å fortsette på, kan du søke om fritak frå eksamenar som er avlagt ved anna studiested og oppflytting til høgare årskull.
Dersom du studerer Bachelor i sjukepleie, Bachelor i vernepleie, Bachelor i farmasi eller Bachelor i paramedisin ved Nord universitet eller anna universitet/høgskule, og ønsker å byte studiestad, går du fram på følgande måte:
- Søk deg inn på aktuell utdanning ved den studiestaden du ønsker gjennom Samordna opptak.
- Dersom du får tilbod og takkar ja til opptak gjennom Samordna opptak, kan du søke om godkjenning av emner og om oppflytting til høgare årstrinn. Send søknaden så snart som mogleg og seinast 5. august. Ingen søknader behandlast før denne datoen, og du kan rekne med svar medio veke 32. Dersom du har fullført og bestått emner tilsvarande heile første studieår (60 stp), kan du søke om oppflytting til 2. studieår. Dersom du har fullført og bestått emner tilsvarande heile første og andre studieår (120 stp), kan du søke om oppflytting til 3. studieår. Send søknaden til postmottak@nord.no og legg ved karakterutskrift for fullførte emner, eventuelt elektronisk resultatutveksling, og studieplan og emnebeskrivingar som viser innhaldet i beståtte emner frå anna universitet/høgskule.
- Dersom du får godkjent første studieår, eller første og andre studieår, kan du innvilgast oppflytting til 2. eller 3. studieår føresett at det er ledig plass ved det aktuelle kullet. Merk at det på nokre utdanningar kan vere avgrensa tal studieplassar.
- Dersom det er fleire søkarar som er kvalifisert for 2. eller 3. studieår enn det er ledige studieplassar, prioriterast søkarar etter konkurransepoeng frå Samordna opptak.
- Dersom du får godkjent eitt eller to heile studieår, og ikkje får plass i høgare årstrinn på grunn av mangel på ledige studieplassar, kan du søke om permisjon og behalde plassen i det kullet du kom inn på gjennom Samordna opptak.
- Søk deg inn på aktuell utdanning ved den studiestaden du ønsker gjennom Samordna opptak.
Overflytting til tredje studieår på Bachelor barnehagelærarutdanning ved Nord universitet
Dersom du er i ferd med å fullføre andre studieår av ein heiltids barnehagelærarutdanning ved ein annan utdanningsinstitusjon i Noreg, kan du søke om overflytting for å ta ditt tredje studieår ved Nord universitet.
For å få innvilga søknaden, krev vi at dei to første studieåra er bestått i henhald til gjeldande studieplan ved studiestaden du søker frå.
Du må vere registrert som aktiv student eller ha gyldig permisjon ved lærestaden du søker overflytting frå. Har du ein avbrote barnehagelærarutdanning, må du søke opptak via Samordna opptak og deretter søke om innpassing av dei emna du har teke tidlegare.
Du kan ikkje krevje ei spesiell tilrettelegging av studiesituasjonen på grunn av manglande samsvar mellom studiemodellen ved den institusjonen du søker deg bort frå og den gjeldande studiemodellen ved Nord universitet.
Søknadsprosedyre ved overflytting til 3. studieår på Bachelor barnehagelærarutdanning, heiltid
- Du må søke via Søknadsweb.
- I Søknadsweb vel du kategorien «Overflytting/overgang til høgare årskull».
- Vel studiestedet du ønsker overflytting til.
- I merknadsfeltet skriv du kva fordjupningsfag du ønsker.
- Det er viktig at du har opna for resultatutveksling mellom institusjonane under «Eksterne resultat» i Søknadsweb for at behandlinga av søknaden skal gå fortare.
Dokumentasjon som du må laste opp i Søknadsweb:
- Bekrefting på studentstatus ved noverande universitet/høgskule.
- Viss eksamensresultata dine ikkje ligg i Vitnemålsportalen, må du laste opp karakterutskrift over eksamenar og praksis. Ettersendingsfristen for resultat du oppnår i vårsemesteret på andre studieår er 1. juli.
- Fag- og studieplan frå det universitetet/høgskulen du søker overflytting frå. Denne finn du ofte på nettsidene til lærestaden.
Søknadsfristen er 15. april.
Fakultet for samfunnsvitskap har følgande kriterium for intern overflytting mellom Sosialt arbeid i Bodø og Sosialt arbeid i Levanger:
1. Aktiv studierett
2. Bestått 60 studiepoeng studiestaden der man ble tildelt opptak
3. Tilstrekkelig kapasitet ved ønskt studiestadFakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet tilbyr grunnskulelærarutdanning i Bodø, Levanger og Nesna.
- Grunnskulelærarutdanning 1-7, campusbasert: Bodø og Levanger
- Grunnskulelærarutdanning 1-7, nett- og samlingsbasert: Nesna og Levanger
- Grunnskulelærarutdanning 5-10, campusbasert: Bodø og Levanger
- Grunnskulelærarutdanning 5-10, nett- og samlingsbasert: Nesna
Alle studietilbod er på heiltid, uavhengig av om studiet er campusbasert eller nett- og samlingsbasert. Både ekstern og intern overflytting blir innvilga etter ei heilskapleg vurdering kring fagleg berekraft, tilgang til praksisplassar og studentmiljø.
Søknadsfrist for eksterne søkarar: 15. april
Søknadsfrist for interne søkarar: 1. juni
Moglege masterfag ved dei ulike studiestadene
Kontakt studierettleiar for informasjon. Kontaktinformasjon til studierettleiar finn du på studieprogrammet si nettside.
Vi gjer merksam på at det kan vere samkøyrt undervisning mellom studiestadene på dei ulike masterfaga. Samkøyrt undervisning betyr at noko av undervisninga kan føregå på ein studiestad og bli overført digitalt til dei andre studiestadene.
Det kan også vere løysingar der masterfaget er samlings- og nettbasert. Pedagogikk og elevkunnskap på fjerde studieår blir campusbasert inntil to dagar i veka på Levanger, medan det i Bodø og på Nesna blir samlings- og nettbasert. Med atterhald om endringar.
Søknadsprosedyre for søkarar frå andre universitet og høgskular som søker om overflytting til 2. eller 3. studieår på Grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10 og 1-10 master:
- Søk opptak via Samordna opptak innan ordinær frist 15. april.
- Når du har fått tilbod om plass, kan du søke om godkjenning av tidlegare gjennomført utdanning. Send søknaden til postmottak@nord.no så fort du har takka ja til studieplassen.
- Du må dokumentere antall dagar praksis som er gjennomført og bestått.
Du kan søke om overflytting frå ein annan norsk institusjon til Nord universitet dersom du er student på ei femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 eller 5-10. I medhald av forskrift om rammeplan for dei femårige grunnskulelærarutdanningane, kan du søke om overflytting det året du fullfører tredje studieår.
Kravet for å få innvilga overflytting er som følgjer:
- Alle fag må vere bestått på dei tre første åra.
- All rettleia og vurdert praksis må vere bestått på dei tre første åra.
- Det må ikkje vere oppretta skikkasak ved institusjonen du søker overflytting frå.
- Nord universitet må tilby masterfaget du ønsker, og at det er ledig plass på masterfaget.
- Fristen for å dokumentere at alt er bestått på dei tre første åra er 1. juli.
Krav for overflytting til femårig Grunnskulelærarutdanning trinn 1-7
Overflyttingsstudentar må ha gjennomført følgande etter avslutta 3. studieår:
- 30 studiepoeng matematikk og 30 studiepoeng norsk
- 30 studiepoeng i eit tredje skulefag
- 30 studiepoeng i eit fjerde skulefag/skulerelatert fag
- 30 studiepoeng som bygger på eitt av skulefaga over, og som vi tilbyr som masterfordjupning
- 30 studiepoeng i pedagogikk og elevkunnskap
- 85 dagar rettleia og vurdert praksisopplæring
Krav for overflytting til femårig Grunnskulelærarutdanning trinn 5-10
Overflyttingsstudentar må ha gjennomført følgande etter avslutta 3. studieår:
- 60 studiepoeng i eit skulefag vi tilbyr som masterfordjupning
- 60 studiepoeng i eit anna skulefag
- 30 studiepoeng i eit tredje skulefag/skulerelatert fag
- 30 studiepoeng i pedagogikk og elevkunnskap
- 85 dagar rettleia og vurdert praksisopplæring
Informasjon om oppbygging av studiet finn du i studieplanen til den respektive grunnskulelærarutdanninga.
Det kan ikkje krevjast spesiell tilrettelegging av studiesituasjonen på grunn av manglande samsvar mellom studiemodellen ved den institusjonen du søker deg bort frå og den gjeldande studiemodellen ved Nord universitet.
Søknadsprosedyre for søkarar frå andre universitet og høgskular som søker om overflytting til 4. studieår på Grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10, master:
- Du må søke via Søknadsweb.
- I søknaden vel du kategorien "Overflytting/overgang til høgare årskull" og "Overflytting Grunnskule/barnehagelærar".
- Deretter vel du den studiestaden du ønsker overflytting til. For Levanger må du spesifisere om du ønsker campusbasert eller nett- og samlingsbasert (kun MAGLU 1-7).
- I merknadsfeltet i søknaden skriv du kva masterfag du ønsker.
Dokumentasjon du må laste opp i Søknadsweb:
- Bekrefting på studentstatus ved noverande universitet/høgskule.
- Dersom eksamensresultata dine ikkje ligg i Vitnemålsportalen, må du laste opp karakterutskrift over eksamenar og praksis. Ettersendingsfristen for resultat du oppnår i vårsemesteret på tredje studieår er 1. juli.
- Fag- og studieplan frå det universitetet/høgskulen du søker overflytting frå. Den finn du som oftast på lærestaden sine nettsider.
Søknadsfrist er 15. april.
Søknadsprosedyre for søkarar frå andre universitet og høgskular som søker om overflytting til 5. studieår på Grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10, master:
Send ein søknad på e-post til postmottak@nord.no. Søknaden må innehalde følgande:
- Fullt navn, adresse, telefonnummer og fødsels- og personnummer (11 siffer)
- Prioritert studiestad (Bodø, Nesna eller Levanger).
- Prioritert masterfagvalg.
Ein overflytting til 5. studieår føreset at all praksisopplæring på grunnskulelærarutdanninga er gjennomført (115 dagar) sidan det ikkje blir tilbydt praksis på 5. studieår ved Nord universitet. Det er også ein føretsetnad at studiemodellen på 5. studieår er lik ved dei to institusjonane.
Søknadsfrist 15. april.
Søknadsprosedyre for Nord-studentar som søker overgang fra ein studiestad til ein annan:
Send ein søknad på e-post til postmottak@nord.no.
Søknaden må innehalde følgande:- Fullt navn og studentnummer
- Prioritert studiestad (Bodø, Nesna eller Levanger)
- Prioritert masterfagvalg.
Vær merksam på at fagtilbodet kan variere mellom dei ulike studiestadane, for eksempel fag 3 for MAGLU 1-7 og fag 2 for MAGLU 5-10. Dette kan føre til at man ikkje får fortsette på valgte fag ved overflytting etter fullført 1. eller 2. studieår, og kan føre til forseinking i studiet.
Søknadsfrist 1. juni.