Studentar i praksisstudium i Noreg blir sette på som arbeidstakarar etter arbeidsmiljølovas (§1-6) reglar om helse, miljø og tryggleik. Det er praksisstaden som har ansvar for å vurdere, og eventuelt stille krav om og tilby vaksinar.
Ved praksisstudiar og utveksling i utlandet må du som student sørge for å ta dei vaksinane som praksisstaden krev. Fakultet for sjukepleie og helsevitskap (FSH) dekkjer reisevaksinar tilrådd av Folkehelseinstituttet ut over det ordinære barnevaksinasjonsprogrammet til studentar ved FSH som reiser på utveksling til utlandet. I tillegg dekker FSH vaksinar som mottaksland krev for innreise og påkravde yrkesvaksinar.
Det er ansvaret til arbeidsgivar å vurdere risikoen for smitte og sjukdom i samband med yrkesutøvinga, både risiko for direkte og indirekte smitte. Arbeidsgivar kan òg vurdere å tilby vaksine mot sjukdom som kan påverka sjukefråvær, kapasitet og beredskapsevne.
Enkelte praksisstader i utlandet stiller krav om yrkesvaksinasjon. Kvar enkelt student har ansvar for å framleggje dokumentasjon på pålagde yrkesvaksinar via journalutskrift eller vaksinasjonskort. Nord universitet hjelper til med å innhente informasjon om kva yrkesvaksinar den enkelte praksisstaden krev for studentar i praksisstudiar.
Folkehelseinstituttet fører oversikt på sin nettside over kva vaksinar som blir tilrådde til helsepersonell og andre yrkesgrupper. Den enkelte praksisstaden har oversikt over påkravde yrkesvaksinar.
Studentar som skal ha praksis i utlandet må i god tid før avreise vurdere anbefalte reisevaksinar. Fakultet for sjukepleie og helsevitskap (FSH) refunderer reisevaksinar tilrådd av Folkehelseinstituttet ut over det ordinære barnevaksinasjonsprogrammet til studentar som reiser på utveksling til utlandet. Alle bør vere vaksinert i samsvar med barnevaksinasjonsprogrammet og ha nødvendige oppfriskningsdoser.
Kva vaksinar som blir tilrådde varierer og avheng av mellom anna reisemål, varigheita til reisa og eigne føresetnader. Folkehelseinstituttet fører oversikt over reisevaksinar (tilrådde og påkravde).
Folkehelseinstituttet tilrår at ein startar vaksinasjon i god tid før eventuell avreise og oppstart i praksisstudiar. Ein kan starte vaksinasjon seinast tre månader før avreise dersom vanleg vaksinasjonsprogram i Noreg er følgt (ein er grunnvaksinert med DTP-polio og MMR), og om ein legg til grunn at to dosar hepatitt B-vaksine gir tilstrekkeleg vern på korte turar.
FSH dekker legemiddelprofylakse ved malaria for utvekslingsstudentar ved FSH der det er vurdert som aktuelt eller tilrådd av Folkehelseinstituttet og anbefalt av lege.
FSH dekker den lågaste prisen på vaksineklinikkane på utgifter til covid-19 test og stadfesting, såkalla «Fit to fly», dersom destinasjonen (flyselskap, land eller region) krev det, til utvekslingsstudentar ved FSH. Studentar som skal på utveksling er ansvarleg for å sjekke reglane for reisa og om det blir stilt krav om covid-19-test og stadfesting.
For refusjon av utgifter, fyll ut og send skjemaet Refusjon av utgifter elektronisk til fsh-post@nord.no. Hugs å legge ved kopi av kvitteringar/dokumenterte utgifter.
Refusjon av utgifter (bokmål)
Refusjon av utgifter (nynorsk)
Vaksinar, testar og legemiddelprofylakse
Informasjon til studentar ved FSH i praksisstudiar eller på utveksling i utlandet.