Å jobbe som eksamensvakt ved Nord universitet

Eksamensvaktene spelar ei sentral rolle i gjennomføringa av skriftlig skuleeksamen ved universitetet.

Som eksamensvakt representerer du eksamenskontoret og Nord universitet. Her finn du relevant informasjon for deg som ønskjer å bli eksamensvakt, eller som allerede er det.

    • Som eksamensvakt er det viktig at høyrsel, syn og fysikk fungerer tilfredsstillande.
    • Ein må vere noko teknisk anlagt. Dei aller fleste skuleeksamener føregår på PC, og eksamensvakta må kunne bistå kandidatene med enkle oppgåver. Opplæring blir gitt.
    • Ein må evne å skaffe overblikk og være løysningsorientert når det oppstår uventa situasjonar.
    • Øvre aldersgrense er 80 år.
    • God skriftleg og munnleg kommunikasjon og framstillingsevne på norsk.
    • Må kunne forstå og gjere seg forstått på engelsk.
  • Eksamensvaktene er eksamenskontorets representantar under skoleeksamen. Nøyaktig kva arbeidsoppgaver ein har vil variere litt ut fra hvilken vaktkategori ein har.

    Eksamensvaktene sine arbeidsoppgåver er å:

    • Klargjere eksamenslokalet før eksamensstart.
    • Ønske studentane velkomen og sørge for at dei er klare til eksamensstart.
    • Følge studenter ut på lufteturar.
    • Vere tilgjengelig ved spørsmål fra studentane.
    • Avdekke forsøk på fusk.
    • Levere eksamensmateriell til eksamenskontoret ved dagens slutt.
  • Når du blir tilsett som eksamensvakt ved Nord universitet, vil du få god opplæring i retningslinjer og rutinar. På dine første oppdrag vil du få jobbe saman med ein erfaren eksamensvakt, slik at du blir trygg på rutinane.

    Før du har opplæringsvakt har du en samtale med ein representant for eksamenskontoret. Der går vi gjennom kva som blir forventa av ein eksamensvakt og finn ut om det er noe for deg.

  • Vi har skuleeksamen gjennom hele året, men brorparten av eksamensdagane er i hovedperioden.

    Hovedperioden arrangeres i november/desember og mai/juni. Eksakte datoar kan du finne i studiekalenderen.

    Skuleeksamen utenom hovedperioden er meir sporadisk.

  • Alle som er tilsett som eksamensvakt ved Nord universitet har pensjonistlønn.

    Lønnssatsen blir oppdatert 1. januar kvart år. Sjå Statens Personalhåndbok - engasjement på pensjonistvilkår pensjonistlønn Pensjonistlønn - Statens pensjonskasse (spk.no)

    Du må sjølv passe på at skattekortet ditt er korrekt, slik at du ikkje blir trekt 50% skatt. Dette må du sjekke kvart år når skatteetaten har laga skattekort for kommande år.

    Nord universitet er bi-arbeidsgiver, og skal trekkast for “annen øvrig lønn”.

    Om det blir trekt for mykje skatt eitt år, får ein dette igjen i juni året etter.

    Fremgangsmåte for å registrere trekkprosent på lønn frå Nord universitet:

    • Gå inn på Skatteetaten.no og vel "Sjå eller endre skattekortet"
    • Logg inn
    • Legg inn eit cirka beløp (f.eks. 5.000, 10.000 eller 20.000, alt etter kva ein trur ein vil ha i inntekt utanom pensjonen) på «Lønnsinntekt heile året»
    • Skattekortet får eit prosenttrekk på biinntekt/hovedinntekt
    • Gå til nederst på siden og trykk på «Send inn endringar»

    For hjelp til endring av skattekort, ta kontakt med Skatteetaten.

    Engasjement på pensjonistvilkår:

    Engasjement på pensjonistvilkår blir ikkje meldt inn i Statens pensjonskasse. Meir informasjon finn du i Statens personalhandbok pkt 2.7.4. Engasjement som alderspensjonist Statens personalhandbok - regjeringen.no