Høgskolen hadde utgangspunkt i Nesna lærarhøgskule, som med samanslåing av andre studium på Helgelandskysten, hadde avdelingar for lærarutdanning, idrett og realfag, språk- og kunstfag, samfunnsfag og sjukepleiarutdanning.
Det heile starta i 1918, då presten Ivar Hjellvik kom til Nesna for å overta prestegjerninga. Kort tid etter vart Hjellvik klar over at Nordland fylkesting i 1916 hadde vedteke einstemmig å be styresmaktene om å opprette ein lærarskole i Nordland fylke. Frå før var det berre ein lærarskole i Nord-Noreg, Tromsø lærarskole, og det var mangel på lærarar i landsdelen.

Ivar Hjellvik fekk raskt ideen om at Nesna måtte vere den ideelle staden for ein ny lærarskole.
Hjellvik mobiliserte alle han kjende på staden og fekk stor støtte både frå kommunen og innbyggjarane på Nesna. Om lag tre månader etter at ideen vart unnfanga, lyste Nesna lærarskule ut opptak til ein klasse med eittårig småskulelærarutdanning og ein klasse med treårig lærarutdanning, med oppstart den same hausten. I løpet av sommaren var dei nødvendige lærarane på plass. Hjellvik sjølv fekk først halv permisjon frå prestestillinga og etter kvart fullt arbeid som rektor og lærar.
Elevtalet auka jamt dei første åra, og det vart heilt nødvendig å få reist eigne bygg til den nye lærarskolen. I 1920/21 stod heile fire nye bygg ferdige.
Skolen vart statleg i 1924. Dermed var økonomien sikra.
I 1984 endra skolen namn og status, og fekk namnet Nesna lærarhøgskole. Skolen lanserte samlingsbasert allmennlærarutdanning i 1978. Den første samlingsbaserte førskulelærarutdanninga kom i 1988.
Nesna lærarhøgskole vart reorganisert som Høgskolen i Nesna i 1994. Dette forplikta høgskolen til å kunne tilby fleire studium i tillegg til dei tradisjonelle lærarstudia, inkludert etter- og vidareutdanning for lærarar.
I tillegg etablerte skulen nye utdanningstilbod: årsstudium i idrett (1985), årsstudium i informatikk (1987), og toårig studium i naturfag med vekt på biologi, i samarbeid med Universitetet i Tromsø. Det vart òg etablert ei rekkje etter- og vidareutdanningar.

Historien strekk seg altså tilbake til 1918:
Den 1. januar 2016 stansa Høgskolen i Nesna som sjølvstendig institusjon. Den vart då fusjonert med Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nord-Trøndelag for å danna dagens Nord universitet.
Gjennom den nasjonale Høgskolereformen i 1994 vart skulen reorganisert som Høgskolen i Nesna. Institusjonen utvida fagkrinsen til å omfatta mellom anna sjukepleie og økonomisk-administrative fag, i tillegg til lærar- og barnehagelærarutdanning.
I 1973 kjem det ein lov om lærarutdanninga. Utdanninga blir der utvida til 2-årig, seinare 3-årig og i 1992 utvidas den til 4 år.
Den private lærerskulen blir overteke av staten den 1. august 1924. Skulen har då flytta inn i eit nybygd skulebygg.
Skolen blir etablert som ein privat skule av presten Ivar Hjellvik. Formålet er å løysa samfunnsutfordringane med få lærarar i distrikta, og i Nord-Noreg.