Eksterne undersøkingar:
- Studiebarometer
- Studentane si helse- og trivselsundersøking
- Underviserundersøkinga
- NIFU si kandidatundersøking
Nasjonale studieprogramevalueringar og tilsyn:
Nord universitet uteksaminerer rundt 2000 kandidatar årleg. Det er viktig at kandidatane opplever at dei har tileigna seg relevant kompetanse, og at dei er ettertrakta i arbeidsmarknaden.
Undersøkinga fokuserer på overgangen mellom studier og arbeidsliv, noverande arbeidssituasjon og korleis kompetansen frå studia er relevant for arbeidslivet.
Resultata frå undersøkinga blir brukte til å utvikle studia vidare og sørgje for at utdanningane er arbeidslivsrelevante.
Meld. St. 20 (2023-2024) Opptak til høgare utdanning
Meld. St. 19 (2023-2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet
Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032
Meld. St. 21 (2020-2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og framtida
Meld. St. 19 (2020–2021) - Styring av statlege universitet og høgskolar.pdf
Meld. St. 16 (2020–2021) - Utdanning for omstilling.pdf
Meld. St. 7 (2020–2021) - Ei verd av moglegheiter.pdf
Meld. St. 14 (2019–2020) - Kompetansereforma – Lære heile livet.pdf
Meld. St. 4 (2018–2019) - Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2019–2028.pdf
Meld. St. 25 (2016–2017) - Humaniora i Noreg.pdf
Meld. St. 16 (2016-2017) - Kultur for kvalitet i høgare utdanning.pdf
Meld. St. 18 (2014-2015) - Konsentrasjon for kvalitet - Strukturreform i universitets- og høgskolesektoren.pdfEin del av kvalitetsarbeidet knytt til utdanningane ved Nord universitet er å sjå på relevant statistikk. Nord har fleire kjelder til statistikk om studentar og studium. Statistikk frå Nord blir mellom anna brukt som ein del av grunnlaget for avgjerder, og i samband med rapportering.
Database for statistikk om høyere utdanning (DBH)
DBH er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) si eiga database for sektoren, og inneheld fleire gode rapportar for å hente ut data. Så langt det let seg gjere, bør data hentast frå DBH, sidan dette er dei offisielle tala til Nord universitet.
Data frå DBH inkluderer mellom anna informasjon om studietilbodet, talet på søkjarar og studentar ved institusjonen, studiepoengproduksjon, gjennomstrøyming, internasjonalisering, med meir. Det er òg mogleg å sjå på overordna nøkkeltal for institusjonen.
NOKUT-portalen (NOKUT sine kvalitetsindikatorar), som inneheld fleire indikatorar for kvalitet i forsking og utdanning, ligg òg i DBH.
Data frå DBH er ope tilgjengelege for alle, men tala er avrunda til næraste 5 av omsyn til personvern.
Lenkje til DBH finst her: Database for statistikk om høyere utdanning - DBHAndre kilder til statistikk
Nord universitet har òg andre datakjelder til statistikk i arbeidet med utdanningskvalitet.
Tableau er eit visualiserings- og analyseverktøy der fleire datakjelder knytte til studentar og studium er samla. Her ligg fleire datakjelder og rapportar som blir brukte av både fakultet og leiing. Tableau byggjer hovudsakleg på kjelder frå datavarehuset STAR (Statistikk, analyse og rapportar). STAR er ei felles løysing for rapportering og statistikk knytt til studiedata ved universitet og høgskular. Løysinga gjev tilgang til standardrapportar og legg til rette for eigendefinerte rapportar, og blir nytta av fleire institusjonar i sektoren. Det er mogleg å lese meir om STAR her: STAR – Tableau.Statistisk sentralbyrå (SSB). SSB har fleire nyttige data i sin statistikkbank, mellom anna om utdanning og demografi. Desse data blir henta ut og bearbeidde for å skape eit betre faktagrunnlag der det er relevant. For å sjå på SSB sin statistikkbank, klikk her: Statistikkbanken – SSB.
Talgrunnlag frå ulike undersøkingar, som Kandidatundersøkinga og Studiebarometeret, er òg viktige kjelder for statistikk om utdanningskvalitet. Avhengig av behovet for statistikk blir òg andre kjelder nytta som datagrunnlag.
- Studiebarometer 2024 ble behandla av Styret i sak 12/25 den 06.03.25
- Studiebarometer 2023 ble behandla av Styret i sak 09/24 den 07.03.24
- Studiebarometer 2022 ble behandla av Styret i sak 13/23 den 10.03.23
SHoT er Noregs største undersøking om studentane si fysiske og psykiske helse, og trivsel. Undersøkinga kartlegg studentane si helse og trivsel i brei forstand, med hovedvekt på psykososiale forhold.
Malar for rapportering på utdanningskvalitet:
EVU-RAPPORT_2023.docx
EMNERAPPORT.docx
STUDIEPROGRAMRAPPORT.docx
FAKULTETSRAPPORT.docxLenkene under kan nyttast for å sjå på historiske data. Husk å velje rett startkull og type utdanning!
Gjennomføring og fråfall
Kandidatundersøkinga
Kvalifiserte søkarar pr. budsjetterte studieplass
StudiebarometeretAlle emne skal evalueres av studentane kvar gong emnet blir gjennomført, enten som midtveisevalueringar eller som sluttevaluering.
Ordninga med evaluering av emne og studieprogram er vedteke av utdanningsutvalet. For evaluering av emne kan følgjande malar nyttast. Fakulteta står fritt til å endre desse etter behov.
Mal - Midtvegsevaluering av emne - utvida.docx
Mal - Midtvegsevaluering av emne - forenkla.docx
Mal - Sluttevaluering av emne - utvida.docx
Mal - Sluttevaluering av emne - forenkla.docx
Mal - Evaluering av praksis.docxNord universitet har et eige system for å melde frå om ros, ris eller komme med forslag til forbetringar. Alle studentar og tilsette er velkomne til å seie frå om forhold dei meiner det er viktig å følge opp. Meldingane blir behandla av mellom anna læringsmiljøutvalet ved Nord universitet.
For raskast oppfølging av bygningsmessige forhold (varme/ventilasjon/utstyr) og IT-relaterte problem, kontakt IT Helpdesk.
Lenke til skjema for innsending av ros og ris: Ros og ris
Oppdatert
26.11.2025
Oppdatert av
utdanningsavdelingen@nord.no