Kvalitetssystem for utdanningsverksemda

Systematisk kvalitetsarbeid skal sikre at alle studietilbod til ei kvar tid oppfyller alle krav, og bidra til utvikling og forbetring av utdanningane og læringsmiljø.

Kvalitetssystemet og kvalitetsarbeidet i utdanning ved Nord universitet er forankra i gjeldande lovverk for utdanningsverksemda.

  • Du som student er den viktigaste bidragsytaren i kvalitetsarbeidet ved Nord universitet. For å sikre studietilbod med høg kvalitet er universitetet avhengig av medverknad frå studentane. Det vere seg tilbakemeldingar som gjeld innhaldet i studia, måten undervisninga vert gjennomført på så vel som dei sosiale og fysiske rammene rundt studia.

    På ein eigen nettstad har universitetet samla informasjon om kvar studentane deltek og har påverknadskraft i kvalitetsarbeidet, kva kanalar dei kan nytte for å gi tilbakemelding og kvar dei finn informasjon om resultata frå det systematiske kvalitetsarbeidet.

    Utdanningskvalitet - Studentmedverknad

    • Modellen er vedteken av Nord universitet i styresak 14/25 den 6.mars 2025.

    Modellen er forankra i universitets- og høgskolelova, forskrift til universitets- og høgskolelova og forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet. I forskrifta til universitets og høgskolelova §§1-6, 1-7 og 1-8 er både krav til kvalitetssystem og krav til kvalitetsarbeidet beskrivne.

    Modell for kvalitetssystem og kvalitetsarbeid i utdanning gir eit overordna bilete på komponentane i kvalitetsarbeidet og samspelet mellom dei. Modellen er tre-delt og består av grunnmuren, det løpande- og det periodiske kvalitetsarbeidet.

    Systematisk kvalitetsarbeid i høyere utdanning

  • Evaluering og rapportering
    Undervisere skal jamleg evaluere sin undervisninga si, vere i dialog med studentar og kollegaer, setje i gang forbetringstiltak og vurdere effekten av desse. Dette skal rapporterast i tråd med gjeldande rapporteringslinjer.

    Delingskultur
    Studentar og tilsette er forventa å bidra til ein delingskultur og delta i relevante dialogarenaer om utdanningskvalitet og læringsmiljø.

    Risikostyring
    Tilsette skal bidra til å identifisere risikoar som kan påverke studentenas læringsutbytte, og utvikle tiltak for å minimere disse. Dette sikrar eit trygt og stimulerande læringsmiljø, og bidreg til at studietilbuda til ei kvar tid oppfyller alle krav.

    Roller og ansvar
    Tilsette skal tenkje heilskapleg om kvalitetsarbeidet, og skal derfor koordinere og søkje avklaring der det er uvisse om vidare oppfølging og ansvar for kvalitet og kvalitetsbrot.

    Utvikling og medverknad
    Studenter og tilsette skal ha ei aktiv rolle i evaluering og vidareutvikling av studietilbod. Representantar frå arbeids- og samfunnsliv, samt eksterne fagfellar, skal bidra med innsikt og erfaring - mellom anna for å sikre at studietilboda er relevante for arbeids- og samfunnsliv. Utviklingstiltak skal være basert på en kost-nytte-vurdering.

  • Studentar og tilsette skal medverke i kvalitetsarbeidet. I tillegg skal studentar, samt representantar frå arbeids- eller samfunnsliv og eksterne fagfellar som er relevante for studietilbodet, bidra i periodisk evaluering av studietilboda. Rapporteringslinjer innan utdanningsverksemda skal bidra til transparens, medverknad og utvikling. Sviktande kvalitet skal fangast opp slik at nødvendige tiltak kan bli iverksatt.

  • Då styret vedtok Strategi 2030 (sak 126/20), vart det samstundes bestemt at den overordna strategien skal danne grunnlag for delstrategiar og handlingsplanar ved fakulteta og avdelingane. Styret vedtok seinare handlingsplan for utdanning 2021-2025 (sak 92/21). Denne er seinare revidert av utdanningsutvalget.

Roller og ansvar

Rollene omhandlar utdanningsområdet. Tilsette i desse rollene kan i tillegg ha andre oppgåver. Om fakulteta har ei supplerande rollebeskriving, er det viktig å passe på at det ikkje er brot i ansvarslinja.

For ph.d.-utdanninga, sjå forskerutdanninga for meir utfyllande informasjon.

    • har det overordna ansvaret for kvalitetssystemet og det systematiske kvalitetsarbeidet innan utdanningsområdet
    • har ansvar for at prioriteringar og vedtak legg til rette for utvikling av studieporteføljen
    • har det overordna ansvaret for at læringsmiljøet ved institusjonen er forsvarleg ut i frå ei samla vurdering av omsynet til studentanes helse, tryggleik og velferd
    • skal aktivt delta i dei råda og utvala der studentdemokratiet er representert
    • skal delta i evalueringar, bidra med innspel til forbetringar, og gjennom det bidra til utvikling av kvalitetskulturen
    • har ansvar for å delta aktivt i læringsprosessane
    • har ansvar for å melde frå dersom dei opplever forhold som hemmar deira læring og faglege utvikling
    • skal sørge for at prioriteringar og rammevilkår bidrar til godt læringsmiljø og god kvalitet i utdanningane
    • har på styret sine vegne ansvaret for at det systematiske kvalitetsarbeidet tilfredsstiller interne og eksterne krav
    • har et ansvar for at kvalitetsarbeidet er forankra i institusjonens styre og leiing på alle nivå
    • har ansvar for endeleg godkjenning av studieplanar, akkreditering og periodisk evaluering av studietilbod over 30 studiepoeng
    • rapporterer til styret gjennom den årlege kvalitetsrapporten for utdanning
    • har ansvar for at det vert drive eit systematisk kvalitetsarbeid innan utdanningsområdet i tråd med gjeldande regelverk
    • har ansvar for å vidareutvikle det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til å fremme ein kvalitetskultur
    • har ansvar for å sikre eit velfungerande system for akkreditering og periodisk evaluering av studieprogram
    • leier det sentrale utdanningsutvalet
    • leier internasjonalt utval
    • leiar/nestleiar i læringsmiljøutvalet
    • har det overordna ansvaret for det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til å fremme ein kvalitetskultur ved fakultetet
    • skal sjå til at studentane har eit forsvarleg læringsmiljø 
    • har ansvar for ressursfordeling og kvaliteten i utdanningane
    • har ansvar for at studietilboda vert dekt av vitskapleg personell i tråd med regelverket
    • har ansvar for å sikre god saksførebuing i fakultetet sitt arbeid med akkreditering
    • har ansvar for godkjenning av studieplanar, samt akkreditering og periodisk evaluering av  studietilbod på 30 studiepoeng og mindre, samt dokumentasjon av dette
    • skal årleg rapportere til rektor gjennom fakultetets rapport om utdanningskvalitet
  • Prodekan for utdanning har på vegne av dekan ansvar for:

    • å leie fakultetet sitt utdanningsutval
    • ansvar for å sikre og dokumentere at fakultetet sin studieportefølje oppfyller krav i gjeldande regelverk, irekna akkreditering og periodisk evaluering av studietilbod
    • ansvar for å iverksette kvalitetshevande tiltak og oppfølging av desse, samt vere ein pådrivar i det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til å vidareutvikle kvalitetskulturen
    • skal legge til rette for kvalitetsarbeid og bidra til å vidareutvikle kvalitetskulturen
    • har ansvar for at det blir lagt til rette for forskingsverksemd, fagutvikling og at undervisninga er forskingsbasert
    • har ansvar for kompetanseutvikling
    • har saman med fakultetsleiinga ansvar for at studietilboda har naudsynte ressursar tilgjengeleg
    • har ansvar for at det blir gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak i undervisningssituasjonar med mogleg høgare risiko

    Nærare om faggruppeleiar sitt ansvar blir utarbeidd på det enkelte fakultet.

  • SPA skal utøve fagleg og pedagogisk leiarskap for studietilbodet. SPA har ansvar for planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling i tråd med krav i gjeldande regelverk. I dette ligg:

    • at SPA er ansvarleg for at studietilbodet har/er del av studieprogramråd, og er leiar for studieprogramrådet (SPR) der det er naturleg.
    • skal delta i arenaer for kvalitetsutvikling av emner og studieprogrammet
    • skal vurdere om studietilbodet oppfyller krav til kompetanse ut frå krav i forskrift, og melde eventuelle behov til fakultetsleiinga
    • der studietilbodet er tilbydd på fleire studiestader, skal SPA bidra til at studentane får lik kvalitet 
    • saman med fagmiljøet og studieprogramrådet utvikle fagleg innhald, profil og relevans, eit programdesign med god samanheng mellom emne, og samsvar mellom læringsutbytte, lærings- og vurderingsformer 
    • å bidra til at læringsaktivitetane er forskingsbaserte
    • at SPA saman med prodekan for utdanning har eit ansvar for at studietilbodet har høg internasjonal kvalitet og at det er eit velfungerande vindauge for mobilitet
    • gjennomføre årleg å studieprogramevaluering basert på relevant informasjon som utgangspunkt for forbetring og utvikling
    • ansvar for at det er gjort ei vurdering av tryggleiken i undervisningssituasjonar slik det er skriven i studie- og emneplanar, ved akkreditering, periodisk evaluering av studieprogrammet og ved årleg studieplanrevisjon
    • ha faste møter med studenttillitsvalde og eventuelt andre studentar om forbetring av kvaliteten i studietilbodet og læringsmiljøet
    • sørge for dokumentasjon av kvalitetsarbeidet på studietilbodet og utarbeide årleg rapport til lokalt utdanningsutval
    • sørge for ein årleg gjennomgang av studieplanen, samt sikre at informasjon om studietilbodet på nettsider er oppdatert og relevant
    • bidra i planlegging og gjennomføring av studiestart og -avslutning, ha kontakt med samarbeidspartnarar og bidra i arbeidet med studentrekruttering
    • vere ein pådrivar i det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til å vidareutvikle kvalitetskulturen
  • Studieprogramkoordinator har oppgåver delegert frå SPA der studietilbodet går på fleire studiestader, men breidda i oppgåver varierer mellom program og fakultet. Dette er oppgåver som normalt blir lagt til SPK:

    • ansvaret for koordinering og drift av studietilbodet på studiestaden i forlenging av SPA
    • i samarbeid med SPA, ha faste møter med studenttillitsvalde og andre studentar om forbetring av kvaliteten i studietilbodet og læringsmiljøet
    • oppfølging av studentsaker etter behov
    • bidra i planlegging og gjennomføring av studiestart og -avslutning, ha kontakt med samarbeidspartnarar i regionen og bidra i arbeidet med studentrekruttering
    • vere ein pådrivar i det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til å vidareutvikle kvalitetskulturen
  • Det skal vere berre ein emneansvarleg per emne. Emneansvarleg har ansvar for planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av emnet, slik at det blir god samanheng mellom læringsutbyttebeskrivinga, undervisning, lærings- og vurderingsformer. Emneansvarleg skal, som hovudregel, undervise i emnet. I dette ligg:

    • utvikle og årleg revidere emnebeskrivinga/emneplanen og sørge for at informasjon om emnet er oppdatert og relevant
    • ansvar for å registrere pensum
    • at LMS-rommet (Canvas) inneheld oppdatert og relevant informasjon
    • bidra til at studentane får lik kvalitet der emnet er tilbydd på fleire studiestader
    • bidra til og følgje opp evalueringar av emnet og iverksette kvalitetsfremjande tiltak saman med SPA
    • ansvar for at det blir utført risikovurdering og iverksett risikoreduserande tiltak i undervisningssituasjonar med mogleg høg risiko
    • gje innspel til fakultetet om aktuelle sensorar og ha kontakt med sensor(ar) for å sikre at sensur føreligg innan fristen
    • ansvar for at det vert utarbeidd eksamensoppgåver og tilhøyrande sensorrettleiing innan fristen, og sikre at sensorrettleiinga gjerast tilgjengeleg for studentane seinast ved kunngjering av sensur
    • sjå til at også andre nødvendige fristar vert overheldt
    • saman med studentane bidra til å skape eit godt læringsmiljø og god kvalitet i emnet
    • læringsaktivitetar som bidrar til at studentane oppnår læringsutbyttet for emnet
    • skal ha løpande dialog med emneansvarleg og studentane om kvaliteten i emnet
    • skal delta i arenaer for kvalitetsutvikling av emnet og studietilbodet
    • skal delta i det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til å vidareutvikle kvalitetskulturen
  • Kulltillitsvalde har ei aktiv rolle i studentane sine moglegheiter til medverknad i  utdanninga. Sentrale oppgåver er:

    • Delta i møter med universitetet om kvalitetsforbetring i samband med evalueringar (emneevaluering, studieprogramevaluering, Studiebarometeret, SHoT osv.)
    • Vere ei kopling mellom klassen og forelesar.
    • Vere ei  kopling mellom klassen og studieprogramansvarleg/ emneansvarleg.

    Alle studentar har eit ansvar for å bidra til å skape eit godt studentmiljø. Det er ikkje KTV si oppgåve å være pådrivar for studentsosiale tiltak.​

    • sjå til at utdanningsverksemda følgjer krav til kvalitetssystem og kvalitetsarbeid
    • skal saman med fakultetsleiinga bidra til samhandling og arbeidsflyt i kvalitetsarbeidet
    • skal leggje til rette for gjennomføring av det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til å vidareutvikle kvalitetskulturen
    • bidrar til planlegging og gjennomføring av opptak til studietilbod
    • bidrar til planlegging og gjennomføring av eksamen, vurdering og vitnemålsutskriving
    • bidrar til å fremme pedagogiske, digitale verktøy og løysingar
    • bidrar til å fremme internasjonalisering og mobilitet
    • bidrar til kvalitetssikring og tilgjengeleggjering av pensum
    • bidrar med relevante kurstilbod til studentar og tilsette
    • bidrar til innkjøp av støttelitteratur
    • Sørger for at studentoppgåver vert arkivert i eit ope tilgjengeleg arkiv (Nasjonalt Vitenarkiv) i tråd med gjeldande regelverk
    • bidrar med vegleiing innan informasjonskompetanse og akademisk skriving
    • bidrar med fysisk og digitalt læringsmiljø for studentane
    • bidrar i arbeidet med å utvikle litteraturporteføljen knytt til nye studietilbod
    • bidrar i det systematiske kvalitetsarbeidet og til å vidareutvikle kvalitetskulturen
    • skal leggje til rette for gjennomføring og utvikling av det systematiske kvalitetsarbeidet på fakultetet
    • skal bidra til samarbeid og samhandling mellom fakultetet og utdanningsavdelinga i arbeidet med utdanningskvalitet
    • skal bidra til utvikling av gode arbeidsprosessar og bidra til gjennomføringa av årshjulet for studiearbeidet
  • Rollebeskrivinga skildrar oppgåver til ein tilsett ved ei verksemd som følgjer opp ein student i praksis. Oppgåver til praksisrettleiar skal være forankra i kontrakt mellom Nord universitet og praksisstad, og vil omhandle:

    • gjennomføre rettleiing og læringsaktivitetar som bidrar til at studentane oppnår læringsutbytet for praksis
    • bidra i evaluering og  vurdering av studentane i praksisemne der det følgjer av utforminga av praksisemnet
    • ha løpande dialog med studentane, emneansvarlig og fakultetsadministrasjonen om kvaliteten i praksisemnet
  • Som eit supplement til ordinær undervisning, kan eksterne bidra med oppdatert kunnskap frå fag-/forskingsfelt, og relevant kunnskap og kompetanse frå samfunns- og næringsliv

    • er eit rådgivande organ for universitetsleiinga i alle saker som angår utdanning og utdanningskvalitet, og utvalet skal sjå til at utdanningskvalitet blir ivaretatt og vidareutvikla på en heilskapleg og tilfredsstillande måte i institusjonen
    • skal sjå til at det systematiske kvalitetsarbeidet i institusjonen og det interne systemet for kvalitetssikring blir fylgt opp og vidareutvikle på en tilfredsstillande måte
    • skal bidra til kompetansedeling, utvikling og læring
    • vedtar, iverksett, evaluerer og følger opp prosesser og tiltak knytt til utdanningskvalitet innanfor universitetets prioriterte satsingsområde og rammer gitt av styret/rektor
    • skal gi tilråding overfor rektor i saker som gjeld overordna felles retningslinjer innanfor utdanningsområdet, akkreditering av nye studietilbod og annet.
    • er vedtaksført når fleire enn halvparten av medlemmene er til stede (inkludert varamedlemmer om faste medlemmer ikkje kan møte)
  • Det internasjonale utvalet ved Nord universitet har ei viktig rolle i å stimulere til internasjonaliseringsaktivitetar ved fakulteta og blant studentane, samt å byggje ein sterk kultur for internasjonalisering ved institusjonen.

    1. Det internasjonale utvalet er eit rådgjevande organ for leiinga ved Nord universitet i alle saker som gjeld internasjonalisering innan utdanning og forsking.
    2. Det internasjonale utvalet skal støtte gjennomførte, pågåande og framtidige aktivitetar ved institusjonen som bidreg til auka kvalitet i utdanning og forsking gjennom internasjonalisering.
    3. Det internasjonale utvalet skal gje råd til leiinga ved Nord universitet om tildeling av strategiske midlar til internasjonalisering, og følgje opp bruken av strategiske midlar på fakultetsnivå.
    4. Det internasjonale utvalet skal følgje opp Nord universitet si deltaking og leveransar i SEA-EU-alliansen.
    5. Det internasjonale utvalet er vedtaksdyktig når minst halvparten av dei oppnemnde medlemmene/varamedlemmene er til stades.
  • Alle studiestadene ved Nord universitet skal ha eit førstesemesterutval. Formålet med utvalet er å koordinere, dele erfaringar, og gi innspel til sentrale utval. Det blir gjort lokale tilpassingar med tanke på storleik, samansetning og organisering. Innhaldet på møta følgjer tema frå årshjul. Førstesemesterutvala skal arbeide for at alle studentane ved Nord universitet får ein god semesterstart, sikre godt mottak, integrering og sosialisering. Utvalet skal arbeide for å ivareta alle studentar, men med spesielt fokus på førsteårsstudentane.

    Oppgåver:

    • Bidra til å koordinere aktivitetar i samband med studiestart.
    • Bidra til å gjennomføre arrangement for å betre mottak, integrering og sosialisering av alle Nord sine studentar ved studiestart, med ekstra fokus på førsteårsstudentane. Slike arrangement kan vere: «Bli kjent rebus», Velkomstarrangement som grilling, velkomstområde, fadderveka osv.
    • Vere pådrivarar og initiativtakarar innanfor psykososialt og fysisk studiemiljø ved studiestaden.
    • Dele erfaringar og samarbeide på tvers av fakultet og organisasjonar.
    • Halda seg orientert og følgje opp SHoT, Studiebarometeret og andre studiemiljøundersøkingar med tiltak. 
    • Vere ein bidragsytar og ei støtte for planlegging av mottak av internasjonale studentar som kjem til Nord universitet, også ved andre tidspunkt enn ordinær oppstart på hausten.

    Leiare av lokale førstesemesterutvalg:

    • skal vere ein pådrivar for studiekvalitetsarbeidet ved fakultetet
    • vere fakultetet sitt operative verktøy i kvalitetssikring og kontroll av undervisningsverksemda
    • arbeide for å sikre og utvikle god opptakskvalitet, rammekvalitet, programkvalitet og resultatkvalitet
  • Studieprogramrådet er eit rådgivande organ overfor lokalt utdanningsutval i saker som vedkjem studietilbodet, inkludert kvalitet, fagleg- og pedagogisk profil, innhald og gjennomføring.

  • Kvalitetssikring
    Doktorgradsutdanninga er omfatta av kvalitetssikringssystemet ved Nord universitet. Fakulteta skal kvalitetssikre doktorgradsutdanninga i tråd med dette.

    Følgjande prosessar er skildra i kvalitetssystemet ved Nord universitet:

    • Opptak
    • Oppnemning av rettleiar
    • Opplæringsdel
    • Progresjonsrapportering
    • Ph.d.-forskar­kurs, etablering og gjennomføring
    • Avslutting av ph.d.-avtalen
    • Innlevering, vurdering og disputas

    Styret
    Styret ved Nord universitet har det overordna ansvaret for doktorgradsutdanninga.

    Godkjenner forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) og dr.philos. ved Nord universitet.

    Godkjenner reakkreditering av doktorgradsprogrammene.

    Rektor

    Godkjenne utfyllande retningslinjer for kvart ph.d.-program.
    Rektor kan fastsetje utfyllande retningslinjer for dei respektive doktorgradsprogramma, så lenge desse ikkje er i strid med forskrifta.

    Prorektor for forskning

    Prorektor for forsking legg fram kvalitetsrapporten for doktorgradsutdanninga til styret årleg. Rapporten inneheld informasjon om korleis fakulteta sikrar kvalitet i doktorgradsprogramma, samt eventuelle tiltak for å heve kvaliteten i programma.

    Fakultet
    Ved Nord universitet er det faglege og administrative ansvaret for ph.d.-utdanninga delegert til fakulteta innanfor deira respektive fagområde. Kvart program har ein fagleg ansvarleg, som regel ein professor, og ein administrativ koordinator. Fakulteta som forvaltar doktorgradsprogramma, vedtek studieplanen og emnebeskrivinga.

    Sentral forskingsadministrasjon
    Forskningsadministrasjonen bistår fakulteta med dei oppgåvene knytte til forskarutdanninga som er felles for heile institusjonen.

    Overordna retningslinjer
    Forhold knytt til ph.d.-kandidatane si forskarutdanning blir administrerte av det enkelte fakultet og er regulerte av følgjande dokument:

    1. Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Nord universitet
    2. Fakulteta sine utfyllande retningslinjer
    3. Avtale ved opptak til ph.d.-utdanning ved Nord universitet
    4. For opplæringsdelen gjeld òg Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet
    5. Studieplanar og emnebeskrivingar

    Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Nord universitet
    Nord universitet har ei felles forskrift for ph.d.-graden for alle doktorgradsprogramma. Alle aktivitetar knytte til ph.d.-programma er underlagde denne forskrifta. Forskrifta blir vedteken av styret.

    I tillegg har kvart program eigne utfyllande føresegner. Desse kan vere strengare enn forskrifta, men kan ikkje gjere unntak frå eller svekkje forskrifta. Ph.d.-forskrifta skal gjelde dersom det oppstår tvist om tolkinga av innhaldet i dei utfyllande føresegnene.

    Prosess for egenevaluering av ph.d.-programmene

    Kvart doktorgradsprogram blir evaluert kvart fjerde år. Prosessen med utvikling av eigenrapporten skal forankrast i fakultetet og doktorgradsprogrammet sitt fagmiljø. Fakultetet avgjer sjølv korleis den interne prosessen skal organiserast og gjennomførast. Fakultetet skal likevel setje ned ein sakkunnig evalueringskomité.

    Fakultetet si evalueringsrapport skal konkludere med godkjent eller ikkje godkjent doktorgradsprogram, mellom anna på bakgrunn av vurderingane frå den sakkunnige komiteen. Når evalueringsrapporten med dokumentasjon blir sendt til sentralt forskingsutval for vidare behandling, skal fakultetet sine kommentarar til evalueringskomiteen sine konklusjonar inkluderast. Forskningsutvalet kan bruke Kvalitetsforum for ph.d. som referansegruppe i forkant av saksframlegget.

    FU sitt råd til rektor vil vere anten a) å godkjenne evalueringsrapporten, og dermed vidare drift av doktorgradsprogrammet, eller b) å starte reakkreditering av det gjeldande doktorgradsprogrammet. Styret blir orientert om internevalueringane i årleg kvalitetsrapport for ph.d. Dersom utfallet er at programmet må reakkrediterast, skal saka leggjast fram for styret til vedtak, og styret vil då setje krav til gjennomføring og ein tidsfrist for fullføring.

    Opplæringsdelen
    Opplæringsdelen er ein viktig del av doktorgradsprogrammet, og det blir tilbydd rundt 30 ulike ph.d.-emne. Oversikt over kurs og seminar, kva som er obligatorisk og valfritt, og korleis opplæringsdelen er organisert, er lagt ut på dei ulike programsidene.

    Opplæringsdelen i ph.d.-programmet skal innehalde fagleg og metodisk skolering på høgt vitskapleg nivå. Den skal støtte kandidaten sitt arbeid med doktoravhandlinga, og bidra til naudsynt fagleg djupne og breidde, slik at kandidaten vidareutviklar eit sjølvstendig og reflektert forhold til eigen og andre si forsking, og forskinga si rolle i ein større samanheng.

    Ph.d.-kandidatar vil motta informasjon frå sitt fakultet om retningslinjer for val av emne i opplæringsdelen. Krav om opplæring i vitskapsteori og etikk, samt metode, er felles for alle fakultet. Kursa blir valde i samarbeid med rettleiarar. Oppdatert informasjon om tilgjengelege kurs vil du mellom anna finne på fakultetet si heimeside. Dei ulike programma kan ha særskilde krav til kurs, og dette vil vere skildra i dei utfyllande retningslinjene.

    Opplæringsdelen må vere gjennomført og godkjend i si heilskap før avhandlinga kan leverast.

    Ph.d.-handboka
    Handboka inneheld informasjon om og reglar for ph.d.-utdanninga som er aktuell for potensielle og noverande kandidatar, rettleiarar og andre som er involverte i ph.d.-utdanninga ved Nord universitet.

    Forskningsutvalet

    Forskingsutvalet (FU) er eit rådgjevande organ for universitetsleiinga i alle saker som gjeld forsking i vid tyding.

    Forskingsutvalet blir leia av prorektor for forsking og utvikling, og dei øvrige medlemmene er dei fem prodekanane for forsking ved fakulteta ved Nord universitet, samt to ph.d.-representantar frå to av universitetet sine ph.d.-program. Kva for to ph.d.-program som er representerte i utvalet, går på omgang.

    Nordlandsforsking og leiaren for Forskingsetisk utval (FEU) har observatørstatus med talerett. Avdeling for forsking og utvikling tek vare på sekretariatsfunksjonen.

    Her finn du meir informasjon frå forskingsutvalet.

    Kvalitetsforum for doktorgradsutdanningene

    Kvalitetsforum er eit rådgjevande organ som rapporterer og gir innspel til prorektor for forsking, til det sentrale forskingsutvalet og til det sentrale utdanningsutvalet.

Oppdatert
09.01.2026
Oppdatert av
utdanningsavdelingen@nord.no