Fuglekjennskap Samlingsbasert - Bilder Norge
Fuglekjennskap er eit nett- og samlingsbasert studium med hovudvekt på å bestemme fuglar ved hjelp av utsjånad og lyd. BID1001 handlar om fuglars utsjånad. Undervisninga vil leggje vekt på artsbestemming basert på fuglane sine utsjånadsmessige kjenneteikn, men vil òg innehalde noko teori om åtferd og generell biologi for å støtte opp under artsbestemminga.
Studieområdet vil vere i Trøndelag, Innlandet, Sverige og Spania. Mange av våtmarksområda ved Trondheimsfjorden med Ramsar-status vert besøkte, saman med ulike naturtypar over og under skoggrensa. Eksamen er nettbasert og kan takast parallelt, eller før eller etter samlingane. Både oppmelding til eksamen og påmelding til samlingane vert gjort på www.birdid.no (ikkje på Nord sine sider). Her finn du òg meir informasjon om studiet, læreboka og treningsopplegget.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studentar blir tekne inn i samsvar med tidspunkt for søknad.
Søknad til dette studiet går via lokalt opptak. Søknadsfristen er sett til 1. november. Søknadstidspunktet ligg til grunn når den kommande gruppa blir sett opp, så du kan òg søkje etter fristen - det vil gi deg betre sjansar til å bli med i neste års kull.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studentar blir tekne inn etter tidspunkt for søknad.
Søknad til dette studiet går via lokalt opptak. Søknadsfristen er 1. november. Søknadstidspunktet ligg til grunn når den kommande gruppa blir sett opp, så du kan òg søkje etter fristen - det vil gi deg betre sjansar til å bli med i neste års kull.
KUNNSKAP
Studenten har kunnskap om:
- Karakteristiske kjenneteikn ved utsjånad til ulike taksonomiske grupper av fuglar, uavhengig av alder, kjønn og årstidsvariasjonar
- Karakteristiske artskjenneteikn ved fuglars utsjånad, uavhengig av alder, kjønn og årstidsvariasjonar
- Habitatval og åtferd hos fuglar som har betydning for artsbestemming
- Dei vanlegaste fugleartene i Noreg
FERDIGHEITER
Studenten kan:
- Artsbestemme dei vanlegaste fuglane i felt ut frå utsjånad og åtferd, uavhengig av alder, kjønn og årstidsvariasjonar
- Bruke habitat og geografisk område som hjelpemiddel til å vurdere sannsynet for om antatt art er riktig
GENERELL KOMPETANSE
Studenten:
- Veit korleis fuglar blir brukte som indikatorar for berekraftig utvikling i Noreg, EU og mange europeiske land
- Veit korleis fugleregistreringar blir gjennomførte
- Har kjennskap til viktige digitale ressursar om fugl
- Har trent opp evna si til å oppdage fuglar i naturen
Undervisninga har ei feltbasert tilnærming og inkluderer førelesingar og undervisning utandørs, samt arbeid i grupper.
Undervisninga vil ta opp sentrale tema knytte til læringsutbyttet. Det blir forutsett stor grad av sjølvstudium mellom samlingane, med mål om å fordjupe seg i dei ulike temaa.
Kurset er nett- og samlingsbasert med totalt 5 samlingar (4-6 dagar per samling).
Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å kunne oppnå emnet sine læringsutbytte.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
Nettstaden birdid.no blir evaluert kontinuerleg via kontaktskjema.Kvar samling blir evaluert både skriftleg og munnleg
Eksamen er individuell
Eksamen er ein nettbasert heimeeksamen og består av to delar:
- Fuglebilete som skal artsbestemmast
- Teoridel med korte fleirvalsoppgåver om artsbestemming
Begge delane må beståast for å få samla ståkarakter.
Før eksamen kan gjennomførast, må studenten fullføre eit arbeidskrav. Arbeidskravet består av 10 nettbaserte treningssett i eksamensmodus med minimum 40 % score av maksimal poengsum. Arbeidskravet er som ei semesteroppgåve, og kan ikkje startast før ein er teken opp som student og har fått tilgang til oppgåvene. Etter at arbeidskravet er bestått, har studenten 10 dagar på seg til å gjennomføre eksamen.
Det vil vere mogleg å ta ny eksamen etter tre månader. Ein har maksimalt tre eksamensforsøk. For å ta ny eksamen må studenten melde seg opp på nytt, på same måte. Beste resultat vil vere gjeldande. Eksamensresultatet blir gitt på gradert skala og vil vere tilgjengeleg på Studentweb.
Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere denne heilt eller delvis som eiga besvarelse blir rekna som fusk.
Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:
BID1003 - Fuglekjennskap Nettbasert - Bilder Norge - 15 Studiepoeng
BID1005 - BirdID National bird appearance - 15 Studiepoeng
BID902 - Fuglers utseende nasjonalt - Norge - 15 Studiepoeng
BID9021 - Fuglers utseende nasjonalt - 15 Studiepoeng
BID911 - Fuglers utseende Western Palearctic - 15 Studiepoeng