Språk, tekst og matematikk
Språk, tekst og matematikk (STM) er eit tverrfagleg emne som byggjer på faga matematikk, norsk og pedagogikk. Emnet kombinerer forskingsbasert og praksisnær kunnskap.
Sentrale tema er barns matematiske, språklege og skriftspråklege utvikling, vidare omgrepslæring i matematikk, barnelitteratur og litteraturformidling, mediekultur og dessutan matematisk forståing og evne til utforsking og problemløysing.
Overgangen barnehage/skule og foreldresamarbeid er tungt vektlagt i dette emnet.
Kunnskap
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om kvifor språk-, tekst- og matematikkmiljø er viktig for alle barns leik og deltaking i kvardagsaktivitetar.
- har grunnleggjande kunnskap om kor viktig leiken og samtalen er for barns teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling og korleis språk og matematikk kan brukas som verktøy for utforsking og tenking.
- har kunnskap om estetiske og kroppslege aspekt ved barns språkleg og matematisk utvikling.
- har kunnskap om barns undring og utforskande arbeidsmåtar knytt til språk, skriftspråk, barnelitteratur og matematikk.
- har kunnskap om barns matematiske utvikling, inkludert utvikling av forståing for tal, rom og geometri.
- har kunnskap om måling og teljing på samisk.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan observere, vurdere, leggje til rette for og støtte barns språklege, skriftspråklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av barnehagens pedagogiske verksemd.
- er ein medviten språkleg rollemodell og samtalepartnar som fremjar barns aktive deltaking, utvikling og danning.
- kan skape eit inkluderande og variert leik- og læringsmiljø for matematisk, språkleg og skriftspråkleg utforsking.
- kan leggje til rette for forteljing og høgtlesing, og sikre mangfald i barns tekstopplevingar og lesefellesskap.
- kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk, skriftspråk, tekst og matematikk i barnehagen, inkludert bruk av kartleggjing.
- kan bruke skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar, på norsk og samisk, i leik og læring.
- kan meistre digitale verktøy for didaktiske og kommunikative formål, og vise digital dømmekraft.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan delta aktivt og kritisk i dagens barnehagefaglege diskusjonar knytt til språk, tekst og matematikk, samt drøfte etiske og fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar.
- kan ta ulike perspektiv i samband med overgangen barnehage/skule.
- kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barns språklege, skriftspråklege, tekstlege og matematiske erfaringar.
- er medviten om kor viktig det språklege, tekstlege og matematiske leik- og læringsmiljøet er for barns danning og demokratiske deltaking.
- meistrar norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk), og kan bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng.
Undervisninga har ei forskingsbasert tilnærming og inkluderer forelesingar, case-/problembasert undervising, øvingar og diskusjonar i grupper og plenum. Forelesingar, undervising og læringsaktivitetar i klasserom, utandørs og i lokalmiljøet. Individuelt sjølvstendig arbeid, gruppe-/seminararbeid, prosessarbeid, ekskursjonar og praktisk arbeid.
Emnet er nett- og samlingsbasert. Undervisninga går føre seg digitalt via forelesningar og gruppearbeid.
Undervisinga vil ta føre seg sentrale tema frå emneplanen. Ein stor grad av sjølvstudium og sjølvstendig arbeid med formål om å fordjupe seg innan dei ulike temaa er venta av studenten.
Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å kunne oppnå læringsutbytta i emnet. Dette gir ein kompetanse som studentane ikkje kan skaffe seg på anna vis.
Samansett vurdering - alle delane må vere godkjende/bestått for å få karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD)på undervising blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Det er krav om minimum 80 % deltaking. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav 1 (AK1) - Munnleg presentasjon av gruppeoppgåve, fagleg innlegg. Blir vurdert til godkjend/ ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav 2 (AK2) - Individuell didaktisk oppgåve på sidemål. Blir vurdert til godkjend/ ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav 3 (AK3) - Individuell oppgåve om digital forteljing. Blir vurdert til godkjend/ ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Mappe (MA) Individuelt, inneheld to delar:
- Pedagogisk dokumentasjon
- Fagleg innlegg
Det blir gitt rettleiing på arbeidet i mappa. Studenten leverer til slutt samla mappe og mappa blir gitt ein samla karakter. Mappa tel 100/100 av karakteren, karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
BLU1004 - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
BLD1130 - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
BLU130 - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
BLU131 - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
BLU1311 - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
BLU302 - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
STM100L - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
STM100SL - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
STM110L - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng
STMF100L - Språk, tekst og matematikk, forsterkning - 15 Studiepoeng
STMF100SL - Språk, tekst og matematikk, forsterkning - 15 Studiepoeng
ABLU1004 - Språk, tekst og matematikk - 20 Studiepoeng