Språk, tekst og matematikk
Språk, tekst og matematikk (STM) er eit tverrfagleg emne som byggjer på faga matematikk og norsk. Emnet kombinerer forskingsbasert og praksisnær kunnskap.
Sentrale tema er barns matematiske, språklege og skriftspråklege utvikling, vidare omgrepslæring i matematikk, barnelitteratur og litteraturformidling, mediekultur og dessutan matematisk forståing og evne til utforsking og problemløysing. Kunnskapsområdet tek føre seg tema knytta til overgangen barnehage/skule.
Kunnskap
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om kvifor språk-, tekst- og matematikkmiljø er viktig for alle barns leik og deltaking i kvardagsaktivitetar.
- har grunnleggjande kunnskap om kor viktig leiken og samtalen er for barns teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling og korleis språk og matematikk kan brukas som verktøy for utforsking og tenking.
- har kunnskap om barns matematiske utvikling, barns munnlege og skriftlege språk og språkutvikling, også i fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv, her under også samiske perspektiv
- har kunnskap om barns undring og utforskande arbeidsmåtar knytt til språk, skriftspråk, barnelitteratur og matematikk.
- har kunnskap om barns matematiske utvikling, inkludert utvikling av forståing for tal, rom og geometri.
- har kunnskap om måling og teljing på samisk.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan observere, vurdere, leggje til rette for og støtte barns språklege, skriftspråklege, tekstlege og matematiske utvikling både for barn med og utan særskilte behov.
- er ein medviten språkleg rollemodell og samtalepartnar som fremjar barns aktive deltaking, utvikling og danning.
- kan skape eit inkluderande og variert leik- og læringsmiljø for matematisk, språkleg og skriftspråkleg utforsking.
- kan leggje til rette for forteljing og høgtlesing, og sikre mangfald i barns tekstopplevingar og lesefellesskap.
- kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk, skriftspråk, tekst og matematikk i barnehagen, inkludert bruk av kartlegging.
- kan bruke skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar, på bokmål, nynorsk og samisk, i leik og læring.
- kan fagleg reflektere over det pedagogiske og didaktiske arbeidet til barnehagen og skulen i norsk og matematikk med dei eldste barnehagebarna i overgangen frå barnehage til skule.
- kan bruke digitale verktøy i arbeidet med emnet.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan delta aktivt og kritisk i dagens barnehagefaglege diskusjonar knytt til språk, tekst og matematikk, samt drøfte etiske og fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar.
- kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barns språklege, skriftspråklege, tekstlege og matematiske erfaringar.
- er medviten om kor viktig det språklege, tekstlege og matematiske leik- og læringsmiljøet er for barns danning og demokratiske deltaking.
- meistrar norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk), og kan bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng.
Undervisninga har ei forskingsbasert tilnærming og inkluderer forelesingar, case-/problembasert undervising, øvingar og diskusjonar i grupper og plenum. Forelesingar, undervising og læringsaktivitetar i klasserom, utandørs og i lokalmiljøet. Individuelt sjølvstendig arbeid, gruppe-/seminararbeid, prosessarbeid, ekskursjonar og praktisk arbeid.
Emnet er nett- og samlingsbasert. Undervisninga går føre seg digitalt via forelesningar og gruppearbeid.
Undervisinga vil ta føre seg sentrale tema frå emneplanen. Ein stor grad av sjølvstudium og sjølvstendig arbeid med formål om å fordjupe seg innan dei ulike temaa er venta av studenten.
Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å kunne oppnå læringsutbytta i emnet. Dette gir ein kompetanse som studentane ikkje kan skaffe seg på anna vis.
Barnehagelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) tyder at du må delta på minst 80 % av all semesterplan- og timeplanfesta undervisning/læringsaktivitet i emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjent for å få emnet registrert som fullført.
Samansett vurdering - alle delane må vere godkjende/bestått for å få karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD) på undervising blir vurdert til godkjend / ikkje godkjend. Det er krav om minimum 80 % deltaking. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav (AK) - Skriftleg gruppeoppgåve på nynorsk. Blir vurdert til godkjend / ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Oppgåve (OP) - Individuell didaktisk oppgåve på bokmål. Blir vurdert til bestått / ikkje bestått. Tel 0/100 av karakteren.
- Munnleg eksamen (MU) Individuell eksamen, inntil 30 minutt. Delvis basert på det studenten har skrive i oppgåve og arbeidskrav. Tel 100/100 av karakteren, karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.