Samfunn, religion, livssyn og etikk
Kunnskap om og haldninger til ulike samfunn, kulturar, religionar og livssyn utgjer eit viktig grunnlag for identitetsdanning, og for å kunne forstå og møte menneske med ulike bakgrunnar. Gjennom å lære om etisk og filosofisk grunnlagstenkning, og ved å få innsikt i ulike menneskesyn og verkelegheitsoppfatningar, skal studentane øve seg på kritisk og etisk refleksjon knytta til praksis. Søkelyset er særleg retta mot dei tilsette i barnehagen sine oppgåver, ansvar og veremåte i møte med barn, føresette og kollegaer i eit samfunn prega av mangfald.
Samfunnsfag, etikk, religion og filosofi (SRLE) skal gi grunnlegjande kunnskap om mangfald i samfunnet, inkludert kunnskap om samisk kultur, historie og kvardagsliv. Kunnskapsområdet oppmodar til aktiv etisk refleksjon og gjennomgår blant anna etikk og profesjonsetikk, filosofi, ulike religiøse og ikkje-religiøse livssyn og forteljingar og tradisjonar frå ulike kulturar. Andre sentrale og gjennomgåande tema er barn sine rettar og stilling i samfunnet, noko som inkluderer tematisering av ulike familiestrukturar, sosial ulikskap og normativitet.
Respekt og inkludering på tvers av kulturgrenser ligg til grunn for heile kunnskapsområdet.
Kunnskapsområdet bygger i hovudsak på faga samfunnsfag og religion, livssyn og etikk. Undervisninga skal vere forskningsbasert og profesjonsretta. Praksis inngår som ein integrert del av kunnskapsområdet.
Kunnskapsområdet inneheld følgjande overordna tema:
- Barnehagen sin plass i samfunnet og samfunnet sin plass i barnehagen
- Etisk grunnlagstenking, profesjonsetikk og filosofi
- Kultursensitivitet, kulturmangfald og representasjon av mangfald i barnehagen
- Nasjonale minoritetar og samiske kulturar
- Mangfald i religionar og livssyn i Noreg i dag
Emnet er meint for studentar på bachelor barnehagelærarutdanning
Bestått 50 studiepoeng etter to studieår på bachelor barnehagelærerutdanning deltid.
Bestått praksisperiode 1, 2 og 3.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om verdigrunnlaget i barnehagen, og kva for føringar dette legg for praksis i barnehagen i eit fleirkulturelt samfunn
- har kunnskap om samisk kultur og historie, fornorskingspolitikk og arbeid med forsoning, samt urfolk og nasjonale minoritetar sine rettar
- har kunnskap om samfunnsutvikling med vekt på velferdsstaten, barnehagen og familien sine roller i historiske, samtidige og framtidige perspektiv
- har kunnskap om kristendom samt andre religionar og livssyn som er representerte i det norske samfunnet
- har kunnskap om mangfald, likeverd, likestilling, sosial ulikskap og berekraftig utvikling
- har kunnskap om ulike representasjonar av mangfald i barnelitteratur og forteljartradisjonar i samiske og andre fleirkulturelle perspektiv
- har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar
- har kunnskap om etisk grunnlagstenking og profesjonsetikk
- har kunnskap om barn sine rettar og lovverk som regulerer arbeidet i barnehagen
Ferdigheiter
Studenten
- kan praktisere, formidle og grunngje innhaldet i samfunnsmandatet og verdigrunnlaget til barnehagen, samt handle i tråd med barnehagen si formålsføresegn
- kan reflektere over barn sine ulike behov og legge til rette for ein inkluderande fellesskap
- kan formidle forteljingar frå ulike kulturar, religionar og tradisjonar, inkludert samiske tradisjonar
- kan møte barn si undring, og samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål
- kan legge til rette for markering av høgtider og merkedagar i barnehagen i samarbeid med dei føresette
- kan ta omsyn til prinsipp for miljø og berekraftig utvikling i arbeidet i barnehagen
- kan legge til rette for barna si gryande forståing for demokrati
Generell kompetanse:
Studenten
- kan reflektere kritisk over eigne verdiar, haldningar og veremåte, og vere bevisste på asymmetriske maktforhold i arbeidet
- kan identifisere og reflektere kritisk over etiske utfordringar i dagleglivet i barnehagen, og grunngje eigne handlingsval
- kan vise evne til samarbeid med barn og barna sine føresette, og ha evne til å sjå samanhengar mellom individ, gruppe, nærmiljø og samfunn
Undervisninga har ei forskningsbasert tilnærming og inkluderer førelesingar, case-/problembasert undervisning, øvingar og diskusjonar i grupper og plenum.
Emnet er nett- og samlingsbasert. Undervisninga er både fysisk og digital via førelesingar og gruppearbeid. Undervisninga vil ta opp sentrale tema frå emneplanen. For at studentane skal kunne fordjupe seg i dei ulike temaa og stille førebudde til undervisninga, blir det lagt opp til stor grad av sjølvstudium og individuelt arbeid (mellomperiodearbeid) mellom samlingane .
Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ei forutsetting for å kunne oppnå læringsutbytta i emnet. Dette gir ein kompetanse som studentane ikkje kan tileigne seg på anna vis.
Samansett vurdering (SV) - alle delane må vere godkjente/beståtte for å få karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD): Obligatorisk deltaking på undervisning og timeplanfesta aktivitet blir vurdert til godkjent/ ikkje godkjent. Det er krav om 80 % deltaking. OD tel 0/100 av karakteren
- Arbeidskrav 1 (AK): Skriftleg innlevering i grupper. AK 1 blir vurdert til godkjent /ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren. Haust 1.semester
- Arbeidskrav 2 (AK): Skriftleg individuelt arbeid. AK2 blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren. Vår 2.semester
- Munnleg eksamen (MU): i grupper blir vurdert til bestått/ ikkje bestått. Tel 25/100 av karakteren. Fysisk oppmøte. Haust 1.semester
- Skriftleg skuleeksamen (SK): Individuell eksamen, 6 timar. Karakterregel A-F. Beste A, ikkje bestått F. Tel 75/100 av karakteren. Vår 2.semester
Skriftleg skuleeksamen blir avvikla ved eitt av Nord universitets campus
Tillatte hjelpemiddel til skriftleg eksamen er Rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver og Lov om barnehager. Penn, linjal, og inntil 2 tospråklege ordbøker.
Å generere tekst ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dette heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
BLU1002 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
BLU1007 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
BLD2220 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
BLU102 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
BLU2201 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
BLU2202 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
SRL100L - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
SRL100SL - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng
ABLU1002 - Samfunn, religion, livssyn og etikk - 20 Studiepoeng