Bedriftsøkonomisk analyse med programvare
Det er mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemne. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for Bachelor i økonomi og administrasjon eller Bachelor i eigedomsmekling.
Kunnskap
Studenten skal ha:
- kunnskap om kostnadsomgrepet og god forståing for kostnadene si variabilitet
- kunnskapar om ulike prinsipp for produktkalkulasjon
- kunnskap om dei grunnleggjande føresetnadene for, og svakheitene ved, dei tradisjonelle kalkulasjonsmetodane
- kunnskap om tankegangen bak kostnad-resultat-volum-analyse, produktval og analyse av investeringar.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- kunne gjennomføre analysar for å finne kostnadsoptimalt og gevinstoptimalt produksjonsvolum
- kunne utarbeide kalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet for verksemder i ulike bransjar
- kunne fordele kostnader frå art via kostnadsstad/aktivitet til kalkyleobjekt
- kunne gjennomføre kostnads-resultat-volum-analysar (KRV)
- kunne gjennomføre enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressursar
- kunne gjennomføre enkle investeringsanalysar
- kunne bruke rekneark på ein effektiv måte til å gjennomføre økonomiske analysar
Generell kompetanse
Studenten:
- skal ha kjennskap til økonomifunksjonen si rolle og plass i verksemda, og kunne drøfte dei grunnleggjande trekka ved økonomisk styring av ei verksemd
- kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer
- kan reflektere over etiske problemstillingar innan faget
- kan sjå emnet i ein større samanheng og i eit samfunnsperspektiv
Eksamen blir gjennomført i Inspera. Heile eller delar av eksamen kan gjennomførast ved bruk av Excel.
Samla karakter, karakterregel: Bokstavkarakterar
- Skriftleg skuleeksamen, 5 timar, tel 60 100-delar i den samla karakteren. Karakterregel: Bokstavkarakterar.
- Heimeeksamen - gruppe, 3 dagar, tel 40 100-delar i den samla karakteren. Karakterregel: Bokstavkarakterar.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
ØKO122 - Bedriftsøkonomisk analyse med programvare - 7.5 Studiepoeng
BE114E - Bedriftsøkonomi og regnskapsanalyse - 5 Studiepoeng
BE117E - Bedriftsøkonomi og regnskap - 5 Studiepoeng
10391 - Innføring i bedriftsøkonomisk analyse - 5 Studiepoeng
BE100E - Innføring i økonomi og administrasjon - 4 Studiepoeng
BE120E - Grunnleggende Økonomistyring 2 - 2.5 Studiepoeng
BE119E - Grunnleggende Økonomistyring 1 - 2.5 Studiepoeng
ECO1008 - Innføring i økonomi - 5 Studiepoeng
ECO1017 - Innføring i økonomi - 5 Studiepoeng
ECO1010 - Bedriftsøkonomi og konkurranseevne - 7.5 Studiepoeng
ECO1014 - Bedriftsøkonomi for landbruket - 5 Studiepoeng