Finansiering og investering
Grunnleggjande rentereknskap. Budsjettering av kontantstraum. Investeringskalkylar og korleis ein kan ta omsyn til skatt, prisstiging og usikkerheit i investeringskalkylar. Ulike kapitalkjelder og kapitalkostnader, inkludert utrekning av avkastningskrav. Utrekning av grunnleggjande porteføljesamansetjing, og ei innføring i samanhengen mellom avkastning og risiko.
Studentar som kan dokumentere at dei har bestått eksamen for CFA Level 1, får fritak frå emnet.
Det er mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemne. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for bachelor i økonomi og leiing eller bachelor i eigedomsmekling.
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten skal:
- ha brei forståing for tidsverdien av pengar, og korleis dette påverkar lønsemda av investeringar, samt omgrepa nåverdi og sluttverdi
- ha kunnskap om kontantstraumar i investeringsbeslutningar
- ha kunnskap om eigenskapar som påverkar avkastningskravet til ei investering
- ha kunnskap om porteføljeteori
Ferdigheiter
Studenten skal:
- kunne nytte og utføre grunnleggjande renteberekningsmetodar
- kunne budsjettere ein kontantstraum og gjere lønsemdsvurderingar basert på ulike investeringskalkylar, inkludert nåverdimetoden, internrentemetoden og tilbakebetalingsmetoden
- kunne gjennomføre lønsemdsanalyser med omsyn til eventuell skatt
- kunne rekne ut effektiv rente og nytte denne i ulike beslutningar
- kunne berekne avkastningskrav
- kunne nytte porteføljeteori og kapitalverdimodellen til å vurdere risiko og avkastning
- kunne meistre relevante faglege verktøy
Generell kompetanse
Studenten skal:
- ha innsikt i relevante faglege problemstillingar
- kunne planleggje og gjennomføre varierte investeringsanalysar som strekkjer seg over tid
- bli i stand til å på sjølvstendig vis vurdere og reflektere over ulike situasjonar som omfattar lønsemda av investerings- og finansieringsbeslutningar
Eksamen blir gjennomført i Inspera. Heile eller delar av eksamen blir gjennomført ved bruk av Excel.
MAT1001 Matematikk
STT1001 Statistikk
FIN1001 Innføring finansregnskap
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
BE118E - Driftsregnskap, budsjettering, finansiering og investering - 7.5 Studiepoeng
BE119E - Grunnleggende Økonomistyring 1 - 3 Studiepoeng
BE120E - Grunnleggende Økonomistyring 2 - 4.5 Studiepoeng
BE203E - Bedriftsøkonomisk analyse I - 7.5 Studiepoeng
10303 - Finansiering og investering - 6 Studiepoeng
BE206E - Finansiering og investering - 7.5 Studiepoeng
ØKO214 - Finansiering og investering - 7.5 Studiepoeng