Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Finansiering og investering
FIN1002
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Finansiering og investering

FIN1002

Grunnleggjande rentereknskap. Budsjettering av kontantstraum. Investeringskalkylar og korleis ein kan ta omsyn til skatt, prisstiging og usikkerheit i investeringskalkylar. Ulike kapitalkjelder og kapitalkostnader, inkludert utrekning av avkastningskrav. Utrekning av grunnleggjande porteføljesamansetjing, og ei innføring i samanhengen mellom avkastning og risiko.

Studentar som kan dokumentere at dei har bestått eksamen for CFA Level 1, får fritak frå emnet.

Det er mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemne. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for bachelor i økonomi og leiing eller bachelor i eigedomsmekling.

Meir informasjon om enkeltemneopptak og fristar.

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • ha brei forståing for tidsverdien av pengar, og korleis dette påverkar lønsemda av investeringar, samt omgrepa nåverdi og sluttverdi
  • ha kunnskap om kontantstraumar i investeringsbeslutningar
  • ha kunnskap om eigenskapar som påverkar avkastningskravet til ei investering
  • ha kunnskap om porteføljeteori

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne nytte og utføre grunnleggjande renteberekningsmetodar
  • kunne budsjettere ein kontantstraum og gjere lønsemdsvurderingar basert på ulike investeringskalkylar, inkludert nåverdimetoden, internrentemetoden og tilbakebetalingsmetoden
  • kunne gjennomføre lønsemdsanalyser med omsyn til eventuell skatt
  • kunne rekne ut effektiv rente og nytte denne i ulike beslutningar
  • kunne berekne avkastningskrav
  • kunne nytte porteføljeteori og kapitalverdimodellen til å vurdere risiko og avkastning
  • kunne meistre relevante faglege verktøy

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • ha innsikt i relevante faglege problemstillingar
  • kunne planleggje og gjennomføre varierte investeringsanalysar som strekkjer seg over tid
  • bli i stand til å på sjølvstendig vis vurdere og reflektere over ulike situasjonar som omfattar lønsemda av investerings- og finansieringsbeslutningar
Utover semesteravgift og pensumlitteratur, blir det føresett at studenten har tilgang til ein berbar datamaskin.
Obligatorisk
Førelesing, gruppeøving, rettleiing til arbeidskrav og datalab.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane er ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
To obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen. Skuleeksamen tel 100 % av karakteren.
Eksamen blir gjennomført i Inspera. Heile eller delar av eksamen blir gjennomført ved bruk av Excel.
Excel, enkel kalkulator og tospråklege ordbøker. Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

BE118E - Driftsregnskap, budsjettering, finansiering og investering - 7.5 Studiepoeng

BE119E - Grunnleggende Økonomistyring 1 - 3 Studiepoeng

BE120E - Grunnleggende Økonomistyring 2 - 4.5 Studiepoeng

BE203E - Bedriftsøkonomisk analyse I - 7.5 Studiepoeng

10303 - Finansiering og investering - 6 Studiepoeng

BE206E - Finansiering og investering - 7.5 Studiepoeng

ØKO214 - Finansiering og investering - 7.5 Studiepoeng