Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)
Demensomsorg og omsorg til eldre med psykiske lidelser
HEL7003
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)

Demensomsorg og omsorg til eldre med psykiske lidelser

HEL7003

Studiet drøftar helsearbeidaren sitt ansvar for menneske med demens og andre alderspsykiatriske lidingar.

Studiet vektlegg personorientert omsorg der den sjuke sine ressursar er det leiande prinsippet for yrkesutøvinga. Mennesket si avhengigheit og solidaritet med den svake er vidare eit berande grunnlag for utdanninga.

Menneske med demens og andre alderspsykiatriske lidingar har behov for eit breitt samansett tilbod som går på tvers av helsetenesta si organisering og gjeld ulike profesjonar.

Studiet er organisert som eit tverrfagleg studietilbod for ulike helse- og sosialprofesjonar som arbeider med demensproblematikk på ulike tenestenivå. Studiet vil vere ein verdifull arena for styrking av samhandlingskompetanse med sikte på å utvikle eit meir heilskapleg tilbod til desse pasientgruppene.

. Studiet har også fokus på betydninga av kunnskapsbasert praksis samt kunnskap og auka bevisstheit om rammefaktorane (kultur, ressursar, etikk og politikk) si betydning for yrkesutøving. Den tverrfaglege vidareutdanninga i demens og alderspsykiatri er eit av satsingsområda i offentleg eldrepolitikk, då behovet for å styrke kompetansen i demensomsorg og alderspsykiatri er stort.

Hensikta med studiet Demensomsorg og omsorg til eldre med psykiske lidingar er å kvalifisere for arbeid i demensomsorg og alderspsykiatri i tråd med dei føringane som er gitt i Regjeringa sine demensplanar.

Behandling av og omsorg for menneske med demens er den største utfordringa i den framtidige eldreomsorga. Menneske med demens og andre alderspsykiatriske lidingar har behov for eit breitt samansett tilbod som går på tvers av helsetenesta si organisering og gjeld ulike profesjonar. Demensomsorg og behandlinga av alderspsykiatriske lidingar blir påvirka av organisatoriske, samfunnsmessige og yrkesprofesjonelle rammefaktorar. Kunnskapen om og utviklinga av fagområdet må ta utgangspunkt i rammefaktorane si betydning for praksis.

Ei viktig og overordna hensikt med studiet er å skape eit fagleg robust grunnlag slik at helsearbeidaren klarer å bli verande i den ressurskrevjande situasjonen fagfeltet er i. Studiet er tverrfagleg og er nettbasert.

Forbeholdt studenter som har studierett ved studieprogrammet Demensomsorg og omsorg til eldre med psykiske lidelser.

Kunnskap

  • Har avansert kunnskap om symptom og behandlingsprinsipp innanfor alderspsykiatriske lidingar og demens.
  • Har avansert kunnskap om eldre sine endra føresetnader for bruk av legemiddel og bruk av psykofarmaka.
  • Har avansert kunnskap om bruk av utgreiingsverktøy retta mot angst, depresjon, kognitive funksjonar samt funksjonsnivå.
  • Har inngåande kunnskap om tilnærmingsmåtar og behandlingsprinsipp innanfor demensomsorg og alderspsykiatriske lidingar.
  • Har inngåande kunnskap om personsentrert omsorg.
  • Har inngåande kunnskap om tverrfagleg samarbeid.
  • Har inngåande kunnskap om situasjonen og hjelpebehova til pårørande.
  • Har inngåande kunnskap om etiske problemstillingar i demens og alderspsykiatri.
  • Har inngåande kunnskap om velferdsteknologi og korleis velferdsteknologiske løysingar kan takast i bruk i tenestene for å understøtte den enkelte sine ressursar og meistringsmoglegheiter.
  • Kan anvende kunnskap til å utreie livssituasjonen for personar med demens og alderspsykiatriske lidingar i eit heilskapsperspektiv.

Ferdigheiter

  • Kan analysere og forhalde seg kritisk til alderdomsoppfatningar i samfunnet og konsekvensar for helse og deltaking.
  • Kan identifisere og analysere faktorar som hemmar og fremmar helse og deltaking for eldre med demens eller psykiske lidingar.
  • Kan analysere eiga yrkesrolle med bakgrunn i fag- og organisasjonskulturelle rammevilkår.
  • Kan anvende relevante metodar for samhandling og kommunikasjon.
  • Kan anvende kognitive kartleggingsmetodar på ein kritisk måte.

Generell kompetanse

  • Kan analysere faglege problemstillingar i relasjon til kunnskapar i gerontologi, demens, etikk og alderspsykiatri.
  • Kan anvende kunnskap og forsking i eigen praksis for å kvalitetssikre og bidra til innovasjon og utvikling av tenestetilbodet.
  • Kan grunngje helsemessige vurderingar og avgjerder innan alderspsykiatri og demens på eit fagleg haldbart grunnlag.
  • Kan formidle og grunngje faglege synspunkt og stille kritiske spørsmål til gjeldande praksis med mål om utvikling av gode tenester innan fagområdet.
  • Kan kommunisere faglege problemstillingar til helsetenesta og samfunnet.
Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.

Teoriemne.

Obligatorisk emne for studentar ved studiet Demensomsorg og omsorg til eldre med psykiske lidingar. Emnet er ei valfri fordjuping i master i Klinisk sjukepleie.

Nettbasert studie med bruk av læringsstiar, skriftlege oppgåver, nett-seminar og samarbeid i grupper. Deltaking er obligatorisk.
Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

4 arbeidskrav, tel 0/100 av karakteren. Karakterregel: Godkjent / Ikkje godkjent. Arbeidskrava må vere godkjende før karakter i emnet kan gis.

Arbeidskrav 1, individuell

Arbeidskrav 2, gruppe

Arbeidskrav 3, individuell

Arbeidskrav 4, individuell

Obligatorisk deltaking, tel 0/100 av karakteren. Karakterregel: Godkjent / Ikkje godkjent. Må vere godkjent før karakter i emnet kan gis.

Oppgåve, individuell, tel 100/100 av karakteren. Karakterregel: A-F

Alle hjelpemiddel. Eksamenssvara skal alltid utarbeidast av kandidaten sjølv. Å generere oppgåvesvar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dei heilt eller delvis som eigne svar, er å rekne som fusk.

For meir informasjon om ChatGPT eller liknande kunstig intelligens, samt kjeldevising, ureglementert samarbeid og plagiering: Sjå Retningslinjer for eksamenskandidatar ved Nord universitet - rektorvedtak 16.05.23 https://www.nord.no/student/eksamen