Emnebeskrivelse for 2025/26
Historisk teori og metode
HI122S
Emnebeskrivelse for 2025/26

Historisk teori og metode

HI122S
Kurset gir ei elementær innføring i historisk og samfunnsvitenskapelig teori og metode. Målet med kurset er å øve studentane opp til ei kritisk haldning til historiefaget, og å gi dei innsikt i grunnlagsproblema historikarane står overfor når dei driv forsking og formidling av historie.
Emnet tek sikte på å øva opp studentane si forståing av korleis historiefaget vert utøva av profesjonelle historikarar, og korleis framstillinga av fortida som historikarane produserar vert bruka av forskjellige aktørar i samfunnet. Dette vert gjort ved at underviserane tek studentane med på refleksjonar om grunnlagsproblem innan faget og visar eksemplar på korleis historie har vore bruka ved forskjellige høve. Emnet inneheld og ei grunnleggjande innføring i samfunnsvitenskapelig metode som er utgangspunktet for dei samfunnsmessige dataene som utgjer viktige samanhengar for mange av dei refleksjonane historikarane gjer.

Kunnskap

  • Studenten skal ha kunnskap om og forståing for grunnleggande teoretiske og metodiske premiss for historiefaget.
  • Studenten skal kjenne til grunnleggjande trekk ved samfunnsvitenskapeleg metode.
  • Studenten skal kjenne til sentrale omgrep brukt i moderne historiografi.
  • Studenten skal ha kunnskap om kjeldekritikk i historievitskapen.

Ferdigheiter

  • Studenten skal vise evne til å drøfte teoretiske og metodiske spørsmål knytta til historiefaget og samfunnsvitenskapane både skriftleg og munnleg.
  • Studenten skal kunne utøve historifagleg kjeldekritikk og kunne reflektere over historieforklaringar.
  • Studenten skal kunne delta i eit fagleg fellesskap gjennom kollokvie/seminar der historierefleksjon foregår.
  • Studenten skal kunne skrive korte tekstar kring historieteoretiske problemstillingar med tilhørande rettleiing, for å øve seg opp i ein akademisk kultur.

Generell kompetanse

  • Studenten skal vise evne til å sette seg inn i teoretisk orientert faglitteratur, og gjøre greie for teoretiske og metodiske forhold i eigne skriftlege arbeid.
  • Studenten skal vise forståing for korleis akademisk ordskifte i historiefaget går føre seg.
Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk for årsstudium i historie. Valemne for andre studenter.
Førelesingar, seminar og skriving av oppgåver, alt lagt til rette for såvel nett- som campusstudenter.
Årvisse evalueringar som går inn i universitetets kvalitetssikringssystem.

- Obligatorisk deltaking (OD) - 60 % på seminar. Tel 0/100 av karakteren. Vert vurdert som godkjent / ikkje godkjent.

- To arbeidskrav, kvart på tre sider. Tel 0/100 av karakteren. Vert vurdert som godkjent / ikkje godkjent.

- Munnleg eksamen. Karakterregel A-F.

Eksamen kan verta gjennomført enten på norsk, eit anna skandinavisk språk, eller på engelsk.

Å generere besvarelse til arbeidskrav ved hjelp av ChatGPT eller lignende kunstig intelligens og levere den helt eller delvis som egen besvarelse er å regne som fusk.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

HI119S - Historisk metode med fordypingsemner - 10 Studiepoeng

HI113S - Historisk metode med fordypningsemner - 10 Studiepoeng