Emnebeskrivelse for 2026/27
Historisk teori, metode og didaktikk
HI124LS
Emnebeskrivelse for 2026/27
Historisk teori, metode og didaktikk
HI124LS
Kurset gir ei elementær innføring i historiefagleg teori, historiefagleg og samfunnsvitenskapeleg metode, og historiedidaktikk. Målet med kurset er å øve studentane opp til ei kritisk haldning til historiefaget, og å gi dei innsikt i grunnlagsproblema historikarane står overfor når dei driv forsking og formidling av historie. Formidlingsdelen tar sikte på å skape refleksjon om historiebruk. Her inngår det ein obligatorisk praksis som er knytt til didaktisk klasseromsformidling.
Emnet tek sikte på å øva opp studentane si forståing av korleis historiefaget vert utøva av profesjonelle historikarar, og korleis framstillinga av fortida som historikarane produserar vert bruka av forskjellige aktørar i samfunnet. Dette vert gjort ved at underviserane tek studentane med på refleksjonar om grunnlagsproblem innan faget og visar eksemplar på korleis historie har vore bruka ved forskjellige høve. Emnet inneheld og ei grunnleggjande innføring i samfunnsvitenskapelig metode som er utgangspunktet for dei samfunnsmessige dataene som utgjer viktige samanhengar for mange av dei refleksjonane historikarane gjer. Den didaktiske delen gjer studentante kjent med grunnleggande begrepar og perspektivar innanfor historiedidaktikken, og førebur dei på undervisningspraksisen som er knytt til emnet.
Emnet er åpent for studentar i lektorutdanning.
Kunnskaper
- Studenten skal ha kunnskap om og forståing for grunnleggande teoretiske og metodiske premiss for historiefaget.
- Studenten skal kjenne til grunnleggjande trekk ved samfunnsvitenskapeleg metode.
- Studenten skal ha kunnskap om kjeldekritikk i historievitskapen.
- Studenten skal ha kunnskaper om og forståelse av grunnleggende premisser for å undervise i historie.
Ferdigheiter
- Studenten skal vise evne til å drøfte teoretiske og metodiske spørsmål knytta til historiefaget og samfunnsvitenskapane både skriftleg og munnleg.
- Studenten skal kunne utøve historifagleg kjeldekritikk og kunne reflektere over historieforklaringar.
- Studenten skal kunne delta i eit fagleg fellesskap gjennom kollokvie/seminar der historierefleksjon foregår.
- Studenten skal kunne skrive korte tekstar kring historieteoretiske problemstillingar med tilhørande rettleiing, for å øve seg opp i ein akademisk kultur.
- Studenten skal kunne reflektere over undervisning og undervisningsmetoder for historiefaget.
Generell kompetanse
- Studenten skal vise evne til å sette seg inn i teoretisk orientert faglitteratur, og gjøre greie for teoretiske og metodiske forhold skriftleg og munnleg.
- Studenten skal vise forståing for korleis akademisk ordskifte i historiefaget går føre seg.
- Studenten skal kunne diskutere fagdidaktiske spørsmål.
Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk for Lektorutdanning i samfunnsfag.
Førelesingar, seminar og skriving av oppgåver. Individuell veiledning i samband med praksis.
Årlege evalueringar som er ein del av universitetet sitt system for å sikra kvalitet.
Her inngår det ein obligatorisk praksis som anten er knytt til didaktisk klasseromsformidling, museums-/webformidling, arkiv-/kjeldestudie eller historiske minne.
- Obligatorisk deltaking: Undervisning i didaktikk.
- Obligatorisk deltaking: Seminar om barn og unge i vanskelege livssituasjonar.
- To arbeidskrav, kvart på tre sider. Tel 0/100 av karakteren. Vurderast som godkjend / ikkje godkjend.
- Praksis. Vurderast som bestått / ikkje bestått.
- Munnleg eksamen. Karakterregel A-F.
Obligatorisk deltaking og arbeidskrav må vere godkjende for å kunne gå opp til munnleg eksamen.
Eksamen kan svarast anten på norsk, eit anna skandinavisk språk eller på engelsk.
Studentane må være førebudd på å lesa engelske tekstar.