Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Moderne nordnorsk historie
HI304S
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Moderne nordnorsk historie

HI304S

Emnet tar for seg nyare nordnorsk historie med hovudvekt på tida etter 1870. Nedslagsfeltet er på dei ulike historikarane si forsking på økonomiske, politiske og sosiale sider fram til våre dagar. Hovudvekta vil bli lagt på Nordlands historie, både by og bygd, og eit berande element i emnet er moderniseringsprosessar. Derfor vil både institusjonar, bedrifter, organisasjonar, bysamfunn og andre aktørar som var viktig for å forstå endringsprosessane, kunne stå i fokus. Politisk historie er også viktig, både i forhold til tiltak som skulle bidra til endring, men også i seg sjølv som del av endringane.

Det blir tilbydd undervisning innafor tema ut frå bemanninga ved fakultetet, og vil være knytt til pågåande forsking ved Nord universitet. Slike forskingstema kan vere:

Nordnorsk mentalitet, identitet, kultur og regionalisme Samfunnssektorar knytt til moderniseringsprosessen: Velferds-/kultursektoren Offentleg sektor, samferdsel/infrastruktur. Etnopolitikk/urfolkshistorie. Tryggingspolitikk Politisk historie Økonomisk historie Byhistorie og urbanisering Krigs-/okkupasjonshistorie Presse-/avishistorie

Emnet rullerer med emnet HI305S Hålogalands historie frå høvdingdøme til provins.

Fullført bachelordel av lektorprogrammet.

Kunnskap

Studenten skal

  • opparbeide seg brei kunnskap innan sentrale emne frå moderne nordnorsk historie.
  • oppdatert kunnskap om forskinga innafor aktuelle emnefelt, og innsikt i den historiografiske utviklinga på feltet

Ferdigheter

Studenten skal

  • vere i stand til å vurdere kjelder og litteratur innafor emnet

Generell kompetanse

Studenten skal

  • vise evne til å sette seg inn i avansert historiefagleg litteratur
  • vere i stand til å underkaste fagstoff kritisk analyse, og vidareformidle det på eit avansert nivå.
Ingen kostnader utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk for lektorutdanning i samfunnsfag.
Langsgående undervisning. Forelesingar og seminar.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar. Evaluering inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringsystem.
Hjemmeeksamen. Individuell, 11-15 sider.
Å generere besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller lignende kunstig intelligens og levere den helt eller delvis som egen besvarelse er å regne som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

HI302S - Emner fra nordnorsk historie - 10 Studiepoeng