Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)
Masteroppgave for lektorutdanning i samfunnsfag
HI330LS
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)

Masteroppgave for lektorutdanning i samfunnsfag

HI330LS

Emnet handlar om å skrive ei masteroppgåve. Studentane vel sjølv emne for oppgåva, og fakultetet legg til rette for tilknynting til eventuelle pågåande forskingsprosjekt eller tema som staben elles held på med forsking på knytt til historiefaget. Det er eit krav at oppgåva er knytt til eit tema som vil vere relevant for undervisning i skolen på trinn 8-13.

Studentane skal ha valt tema for mastergradsoppgåva i løpet av haustsemesteret i 5. studieår. Studentar som har signert rettleiingskontrakt med ein rettleiar i staben veiledningskontrakt har krav på og tilbydast inntil 13 timar rettleiing. Rettleiinga omfattar rettleiingsmøte, førebuing til rettleiing, rettleiing via e-post, digitalt og telefon. Delar av rettleiinga kan også foregå gruppevis. Studentene får også tilbod om eit masterseminar der tekstar frå arbeidet med emnet blir diskutert med faglærar og medstudentar i historie.

Det krev opptak på Lektorutdanning i samfunnsfag med fordjuping i historie.
Det er krav om at studenten har greidd emnet MET5008 Forskningsdesign og metode del 1 og elles er oppmeldt HI301S Teori, metode og historiografi.

Kunnskapar

  • Studenten skal kunne planlegge og utføre eit sjølvstendig historiefagleg forskingsarbeid.
  • Studenten skal ha avansert kunnskap om fagområdets vitenskapsteori og metodar, relevant for å skrive masteroppgåva.

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne utforme sjølvstendige problemstillingar og diskutere dei på bakgrunn av relevant og sentral forskingslitteratur og kjelder som er knytt til tematikken i masteroppgåva.
  • Studenten skal kunne analysere og forholde seg til ulik informasjon og kjelder, og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement knytt til temaet i masteroppgåva.
  • Studenten skal kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar på fagområdet og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysning.
  • Studenten skal på sjølvstendig vis kunne bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid .
  • Studenten skal på sjølvstendig vis kunne gjennomføre eit avgrensa forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Generell kompetanse

  • Studenten skal kunne produsere ein større sjølvstendig, diskuterande tekst.
  • Studenten skal kunne nytte sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
  • Studenten skal kunne formidle eit omfattande sjølvstendig arbeid og meistre fagområdets fagterminologi og uttrykksformer.
  • Studenten skal kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analyse og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmenta.
Ingen kostnadar utover semesteravgift og pensumlitteratur.
Obligatorisk masteroppgåve.
Individuell rettleiing og seminar.
Årlige evalueringer som inngår i universitetets kvalitetssikringssystem.

Masteroppgåve med munnleg - maksimalt 90 sider (oppgåver skriven av ein person) eller maksimalt 135 sider (Oppgåver skrive av to i lag), karakterregel Bokstavkarakterar

  • Oppgåve - Midlertidig karakter før munnleg justering, tel 0/100 av karakteren, karakterregel Bokstavkarakterar .