Husdyrenes anatomi og fysiologi
Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:
- Husdyrvelferd, årsstudium
- Husdyrvitskap, bachelorgradsstudium
Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.
Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- har kunnskap om korleis kroppen hos husdyra våre (storfe, sau, geit, gris, hest, hund og katt) er oppbygd anatomisk
- har kunnskap om korleis organa til kroppen og kroppen samla sett fungerer. organsystema som blir dekte inkluderer sirkulasjonssystemet, respirasjonssystemet, muskel/skjelett, nervesystemet, det endokrine systemet, reproduksjonsorgana, hud og integument, nyrer og urinvegar
- kjenner til sentrale forskingsområde innan emnet
Ferdigheiter:
- kan forklara, eventuelt demonstrera, den grunnleggjande anatomien til husdyra
- kan gjera greie for enkle problemstillingar i tilknyting til dei normale funksjonane til kroppen
Generell kompetanse:
- har grunnleggjande innsikt i biologien til husdyra, korleis dei er oppbygd anatomisk, og korleis dei enkelte organa og organsystema fungerer kvar for seg, og saman som ein heilskap
- kan formidla korleis dei normale funksjonane til kroppen blir påverka av sjukdom, skade, avl eller forhold i miljøet til dyra
Samansett vurdering
- Obligatorisk deltaking - deltaking på minst to av tre øvingar, tel 0/100 av karakteren, godkjent / ikkje godkjent.
- Arbeidskrav 1 - skriftleg innlevering med muntleg presentasjon, tel 0/100 av karakteren, godkjent / ikkje godkjent.
- Arbeidskrav 2 - multiple choice, 7 av 8 må vera godkjent, tel 0/100 av karakteren, godkjent / ikkje godkjent.
Obligatorisk deltaking og arbeidskrav må vera godkjent for å få tilgang til skriftleg skuleeksamen.
Eksamen:
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, tel 100/100 av karakteren, bokstavkarakterar.
Penn, linjal, og inntil 2 stk. tospråklege ordbøker.
Å generera svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk.
Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:
HUS120 - Fysiologi og anatomi - 7.5 Studiepoeng