Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)
Husdyrernæring 1
HUS1008
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)

Husdyrernæring 1

HUS1008
Kva skal me fôra husdyra våre med, og kvifor? Korleis får dei ulike artane i seg fôr, og kva skjer eigentleg inne i kroppane deira når fôret blir fordøydd? Kva forskjellar er det mellom ulike artar, og korleis kan me leggja til rette for at dyra skal halda seg friske gjennom å fôra dei rett? Dette er noko av det du skal læra om i dette emnet.
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i anatomien og fysiologien til fordøyingsorgana hos dei vanlegaste husdyrartane i Noreg. Emnet omfattar einmaga dyr - gris, hest, fjørfe (høns/kylling, kalkun), drøvtyggjarar (storfe, sau og geit), hund og katt. Emnet gir også ei grunnleggjande innføring i oppbygningen og absorpsjonen til næringsstoffa, og korleis ernæring kan påverka helsa og velferda til dyra.

Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:

  • Husdyrvelferd, årsstudium
  • Husdyrvitskap, bachelorgradsstudium

Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.

Studentane må oppfylla gjeldande opptakskrav ved tilhøyrande studieprogram.

Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • har kunnskap om oppbygging, klassifisering og ulike eigenskapar for karbohydrat, feitt, protein, vitamin og mineral, og dessutan betydninga av desse næringsstoffa for organismen
  • har kunnskap om anatomien til fordøyingsorgana hos einmaga dyr og drøvtyggjarar
  • har kunnskap om fysiologien til fordøyingsorgana hos einmaga dyr og drøvtyggjarar
  • har kunnskap om absorbsjon av næringsstoff frå fordøyingssystemet
  • har kunnskap om vomfunksjon, vommas mikrobiom, og kva betydning pHen i vomma har for fordøying og helse
  • har kunnskap om utvikling av fordøyingssystemet hos drøvtyggjarar, frå fødsel og fram til vomfunksjonen er ferdig utvikla
  • har kunnskap om korleis feil eller mangelfull ernæring kan føra til sjukdom hos einmaga dyr og drøvtyggjarar

Ferdigheiter:

  • forklara samanhengar mellom næringsinnhald og struktur i ulike fôrtypar
  • forklara prosessane i fordøyingssystemet i ulike artar, og kva betydning desse har for produksjon, helse og velferd hos ulike dyrelag
  • forklara forskjellen mellom fordøyingssystema hos einmaga dyr og drøvtyggjarar

Generell kompetanse:

  • har grunnleggjande innsikt i korleis fôrmidlar kan påverka produksjon og helsa på individnivå og besetningsnivå, og er i stand til å formidla dette i ein fagleg samanheng
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det føresett at studenten disponerer ei berbar datamaskin.
Obligatorisk
Undervisninga består av forelesingar og øvingar.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering

Må vera godkjent før framstilling til skriftleg skuleeksamen:

  • Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 øvingar. Godkjent / ikkje godkjent.
  • 2 arbeidskrav. Godkjent / ikkje godkjent.

Eksamen:

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, karakterregel A-F.

Penn, linjal, inntil 2 stk. tospråklege ordbøker og enkel kalkulator.

Å generera svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

HUS120 - Fysiologi og anatomi - 2.5 Studiepoeng

HUS210 - Husdyrernæring - 2.5 Studiepoeng