Grunnleggende sport coaching
I løpet av emnet vil studenten få ei introduksjon til dei mest grunnleggjande temaa innan idrettspsykologi, mental trening, motivasjon og kommunikasjon. Studentane vil få ei innføring i tydinga av desse temaa på ulike nivå innan trening, idrett og livsstilsendring. Du vil lære å forstå individuelle behov, bruk av mentale teknikkar, og utvikle coachingstrategiar som skaper tryggleik og meistring, samt fremjar prestasjon.
Studentane vil gjennom teoretisk og praktisk treningsleiing erfare korleis personlege trenarar og gruppetimeinstruktørar effektivt og vellukka kommuniserer til sine deltakarar og bidreg til å auke effekten av fysisk aktivitet og trening. Emnet tek òg for seg kva som skal til for å lukkast med sal og rekruttering av PT-kundar.
Opptak til bachelor i trening, helse og prestasjon eller årsstudium personleg trenar. Emnet kan tilbydast som enkeltemne.
Opptak krev generell studiekompetanse. Søkarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Opptak som enkeltemnestudent føreset at ein oppfyller opptakskravet, og at det er ledig kapasitet på emnet. Meir informasjon om korleis du kan bli enkeltemnestudent, finn du her. Om du vil søkja på dette emnet, hugs å skriva namnet på emnet eller emnekoden i merknadsfeltet i søknaden din.
Kunnskap:
Studenten
- innehar nødvendig faktakunnskap når det gjeld ulike motivasjonsteoriar.
- innehar nødvendig faktakunnskap når det gjeld å kommunisere i ein relasjon og under ei treningsøkt.
- har kunnskap om coaching som metode, instruksjon og leiing i gruppe og éin-til-éin.
- har kunnskap om mental trening, motivasjon og målsetting.
- har kunnskap om tilbakemelding og rettleiing.
- har kunnskap om trenarrolla i ein konkurransesituasjon og korleis samarbeide med utøvar/klient.
- har kunnskap om kva rolla som personleg trenar og gruppetimeinstruktør inneber og krev innanfor kommunikasjon og coaching.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre trening med utgangspunkt i utøvaren/kunden sine behov.
- kan ne leie trening slik at utøvarane/kundane opplever tryggleik, motivasjon, kommunikasjons- og læringseffekt.
- kan reflektere over eigen trenarutøving når det gjeld coaching, samt motta tilbakemelding og justere denne under rettleiing.
- kan leie trening slik at utøvarane/kundane opplever trivsel ved treninga, samt bidra til tilpassa spenningsnivå.
- kan bruke ulike teknikkar for mental trening.
- kan bruke ei coachande tilnærming i trenar-utøvar-relasjon.
- kan bruke motiverande intervju som samtaleteknikk under startsamtale og treningsrettleiing.
- kan identifisere ulike personlegdomstypar.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre rettleiing av klient éin-til-éin.
- kan planleggje og gjennomføre gruppetrening.
- har eit bevisst forhold til formidling av fysisk aktivitet og eiga rolle som instruktør.
- kan reflektere over trenarrolla og dei ulike utfordringane som den medfører.
- kan analysere og vurdere ulike sider ved eigen trenarfunksjon.
- kan tilpasse si eiga instruksjon i forhold til ulike grupper.
Obligatorisk for studentar på Bachelor Trening, helse og prestasjon og Årsstudium Personleg Trenar.
Emnet kan søkjast på som enkeltemnestudent.
Emnet er nett- og samlingsbasert.
Emnet inngår i eit nett- og samlingsbasert studieløp, difor vil teoretisk og praktisk undervisning føregå både digitalt og ved 3 samlingar gjennom hausten:
Teoretisk undervisning inkluderer digitale moduler i ei læringssti, i form av førehandsspelte videoførelesingar, quizar, oppgåver og pensumlitteratur. Nettundervisninga vil ligge tilgjengeleg i eigen portal (Canvas) og gjennomførast på eiga hand - når og kvar studenten vil.
Samlingane (3 separate veker, måndag-fredag) vil i hovudsak basere seg på praktisk undervisning og inkludere relevante faglege arbeidsmetodar og utprøving av praktiske oppgåver. Det vil òg vere nokre praktiske oppgåver som skal gjennomførast på eiga hand.
Obligatorisk deltaking: Samlingsvekene er obligatoriske fordi ein betydeleg del av læringsutbyttet føreset praktisk undervisning og gjennomføring. Ein føresetnad for obligatorisk deltaking er å ha gjennomført emnets digitale læringssti på Canvas.
Samansett vurdering - alle delane må vere godkjende/bestått for å få karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD): For å få godkjent OD i emnet må studenten enten ha 1) deltatt på minst 70 % av alle dei fysiske samlingsvekene per semester, eller 2) deltatt på minst 2 av 3 heile samlingsveker per semester. Studenten må òg ha gjennomført digital læringssti. Karakterregel godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav 1 (AK1): 2 stk skriftlege individuelle arbeid. Det blir gitt rettleiing på arbeidet. Karakterregel godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav 2 (AK2): Praktisk oppgåve gruppetrening. Karakterregel godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
- Praktisk eksamen med munnleg høyring, individuell, 30 minutt, tel 100/100 av karakteren. Karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
KR155L - Coaching og idrettspsykologi 1 - 10 Studiepoeng
IDR1048 - Grunnleggende sport coaching - 10 Studiepoeng