Emneomtale for 2026/27
Styrketrening
IDR1050
Emneomtale for 2026/27

Styrketrening

IDR1050

Emnet tek for seg grunnleggjande kunnskap om omgrepet og korleis ein kan leggje til rette for å utvikle muskelstyrken gjennom trening. Studentane vil vidare få ei innføring i kva slags betydning forbetra muskelstyrke kan ha generelt for idrettsprestasjonar og livskvalitet.

Emnet er nettbasert og har ei fleksibel oppbygging, noko som betyr at studentane kan gjennomføre dei digitale førelesingane og praktiske aktivitetane i emnet når det passar dei i løpet av haustsemesteret. Unntaket er eksamen, som blir gjennomført på fastsett dato.

Muskelstyrke og trening av muskelstyrke er ein sentral eigenskap både for idrett, trening og helse generelt. Emnet vil presentere grunnleggjande kunnskap om omgrepet styrketrening, og korleis ein kan leggje til rette for å utvikle muskelstyrken gjennom trening. Studentane vil vidare få ei innføring i kva slags betydning forbetra muskelstyrke kan ha generelt for idrettsprestasjonar og livskvalitet. Emnet inneheld mykje praktisk utprøving og innøving av ulike styrketreningsmetodar.

Opptak til Personleg trenar 1 - fleksibel, eller opptak som enkeltemnestudent.

Opptak krev generell studiekompetanse, og søkjarar må i tillegg dokumentere to års arbeidserfaring. Du kan lese om korleis du dokumenterer arbeidspraksis her.

Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og som er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Det er òg mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemnestudent. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Her finner du meir informasjon om enkeltemneopptak og fristar. Om du vil søkja på dette emnet, hugs å skriva namnet på emnet eller emnekoden i merknadsfeltet i søknaden din.

Etter fullført emne er det forventa at studentane har oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har brei kunnskap om avgrensa tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar som inngår i emnet
  • innehar den nødvendige faktakunnskapen innan området og kjenner til ulike omgrep som er viktige for fagområdet
  • kan identifisere ulike av dei vanlegaste teoriane og treningsmetodane innan emnet
  • har kunnskap om emnet si historie, tradisjonar, eigenart og plass/betydning i samfunnet

Ferdigheiter:

Studenten

  • evnar å tileigne seg ny og oppdatert kunnskap om ulike sider ved emnet
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff
  • kan meistre relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer slik at det blir forstått av ulike grupper og utøvarar på ulike alderstrinn
  • kan praktisere faget innanfor dei mest sentrale bruksområda
  • evnar å analysere tekstleg materiale frå emnet sine vanlegaste kjelder

Generell kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og treningsløysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre på ulikt fagleg nivå med bakgrunn innan fagområdet
  • kjenner til eventuell nytenking og innovasjonsprosessar

Studieavgifta er kr 3000,-. Prisen er den same enten du vel å ta heile studieprogrammet (tre emne), eller om du berre tek enkeltemne frå programmet. I tillegg kjem kostnader til semesteravgift og pensumlitteratur.

Utover dette føreset det at studenten disponerer over ein berbar datamaskin med kamera og hovudsett for å kunne delta i nettbasert undervisning. Studentane må ha ei internettlinje med kapasitet til nettundervisning.

Teoriemne

Obligatorisk

Emnet består av 50 % digitale førelesingar med arbeidsoppgåver og testar knytte til desse, og 50 % praktiske oppgåver, der studentane gjennomfører arbeidsoppgåver i form av eigentrening og treningsplanlegging med digitale verktøy. Både førelesingar og praktiske økter vil vere tilgjengelege på video. Det blir sett opp vekelege rettleiingsmøte knytte til temaa i emnet, som det er frivillig å delta på. Desse går føre seg i sanntid.

I løpet av semesteret er det mogleg, etter førespurnad til emneansvarleg, å få inntil to rettleiingssamtalar.

Studieprogrammet blir årleg evaluert av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Desse evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering - alle delar må vere godkjende/bestått for å få karakter i emnet.

  • Arbeidskrav (AK1): Fullført læringssti inkludert quiz. Tel 0/100 av karakteren. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent.
  • Munnleg eksamen (MU): Individuell munnleg eksamen med ei varigheit på inntil 30 minutt. Eksamen blir gjennomført digitalt. Tel 100/100 av karakteren. Karakterskala A-F, beste A, ikkje bestått F.

Ingen hjelpemiddel tillatne.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens, og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.

Generell informasjon om hjelpemiddel til eksamen finn du her.

Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens m.m. finn du her.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

KR216L - Treningslære 2 - 5 Studiepoeng

KR158L - Treningslære 1 - 5 Studiepoeng

IDR1009 - Styrketrening - 10 Studiepoeng

IDR1014 - Styrketrening - 10 Studiepoeng