Redaksjonspraksis
Mot slutten av studiet skal studenten arbeide tre månader som journalist under rettleiing i eit profesjonelt mediehus. Redaksjonspraksisen skal gjere studenten kjend med journalistyrket, gje praktisk erfaring med journalistisk arbeid og innsikt i korleis ein redaksjon fungerer og korleis dei som arbeider der samhandlar. Journalistutdanninga tildeler praksisplassar i redaksjonar vi har samarbeid med gjennom mange år, og der vi har eit breitt kontaktnett.
Normalt blir praksisredaksjonar i Nord-Noreg og Trøndelag nytta. Praksisperioden er skildra i den sentrale Journalistavtalen mellom NJ og Mediebedriftene, som Nord universitet held seg til. Når studenten er i praksis, er han/ho ein del av den lokale redaksjonen og underlagd dei ordinære arbeidstidsvilkåra som følgjer av avtaleverket.
FIL1005 - Examen Philosophicum, EXF1000 - Examen Facultatum, JOU1002 - Innføring i journalistikk og tekstkunnskap, JOU1001 - Språk og formidling i praksis, JOU1000 - Journalisten i samfunnet, JOU2000 - Redaksjonell rundtur (med kortpraksis), JO124U - Medier, makt og demokrati, JOU2001 - Fleirmedial reportasje - teori og metode / JOU2003 - Fleirmedial reportasje 1, JOU2004 - Undersøkande journalistikk, ME118S - Innføring i samfunnsvitskapleg metode.
Bestått EX150S Dannelsessemester - menneske, samfunn og vitskap, kompenserer for kravet til bestått FIL1005, EXF1000 og JOU1002.
Kunnskap
Studenten …
• har inngåande kunnskap om den redaksjonen han/ho skal ha praksis i, inkludert den redaksjonelle profilen og publiseringssystemet.
• har innsikt i korleis ein redaksjon er bygd opp, og korleis dei tilsette samarbeider.
• har praktisk kunnskap om å vere journalist i ein redaksjon, og forstår korleis den daglege produksjonen går føre seg.
Ferdigheiter
Studenten …
• kan finne, utvikle, presentere og gjennomføre journalistiske idear tilpassa sin praksisredaksjon.
• kan gjere sjølvstendige presseetiske og mediejuridiske vurderingar, og ta velgrunna val under tidspress.
• kan vurdere og reflektere over eige og andre sitt arbeid, og justere arbeidet under rettleiing.
• kan bruke nødvendig medieteknisk utstyr i samsvar med lokale forhold i praksisredaksjonen.
Generell kompetanse
Studenten…
• kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
• kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt.
• meistrar dei arbeidsformene som gjeld, i tråd med etiske og juridiske krav og retningslinjer.
Arbeidskrav (AK). Studenten skal i dei første dagane av praksis utarbeide ein rettleiingskontrakt saman med rettleiaren, og etter praksis levere eit studentskjema frå praksis, til fastsett dato. Vurderingsuttrykk: Godkjent/ikkje godkjent.
Praksis (PR/P) (første gong 2023 vår). Studenten skal arbeide i ein tildelt redaksjon i tre månader, med rettleiing frå ein av dei tilsette i redaksjonen. Vurderingsuttrykk: Bestått/ikkje bestått. Vurderingskriteria er å møte opp til fastsett tid, jobbe som journalist, få saker publisert og vise evne til å samarbeide.
JOU2002 Fleirmedial reportasje 2 - prosjekt. JO220U Bacheloroppgåve i journalistikk.
Alminneleg god språkføring på norsk eller anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg. JO214U praksis skal gjennomførast i same semester som JO218U Praksis, tempo og refleksjon.
Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:
JO209U - Redaksjonspraksis - 20 Studiepoeng