Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Redaksjonspraksis
JO214U
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Redaksjonspraksis

JO214U
Dette emnet består av tre månaders praksisopphald i ei redaksjon.

Mot slutten av studiet skal studenten arbeide tre månader som journalist under rettleiing i eit profesjonelt mediehus. Redaksjonspraksisen skal gjere studenten kjend med journalistyrket, gje praktisk erfaring med journalistisk arbeid og innsikt i korleis ein redaksjon fungerer og korleis dei som arbeider der samhandlar. Journalistutdanninga tildeler praksisplassar i redaksjonar vi har samarbeid med gjennom mange år, og der vi har eit breitt kontaktnett.

Normalt blir praksisredaksjonar i Nord-Noreg og Trøndelag nytta. Praksisperioden er skildra i den sentrale Journalistavtalen mellom NJ og Mediebedriftene, som Nord universitet held seg til. Når studenten er i praksis, er han/ho ein del av den lokale redaksjonen og underlagd dei ordinære arbeidstidsvilkåra som følgjer av avtaleverket.

Må vere tatt opp på bachelor i journalistikk.

For å kunne delta i emnet og fremstille seg til eksamen må studenten være tatt opp til bachelor i journalistikk, og alle foregående emner i bachelorløpet fra første til og med fjerde semester må være bestått. Dette innebærer at følgende emner må være bestått:

  • JOU1010 Innføring i journalistikk (fra kull 2026) eller JOU1002 Innføring i journalistikk og tekstkunnskap
  • JOU1012 Medier, språk og retorikk (fra kull 2026)
  • JOU1011 Journalisten i samfunnet (fra kull 2026) eller JOU1000 Journalisten i samfunnet og JOU1001 Språk og formidling
  • JOU1013 Internpraksis (fra kull 2026) eller JOU2000 Redaksjonell rundtur (med kortpraksis)
  • JO124U Medier, makt og demokrati
  • ME118S Innføring i samfunnsvitskapleg metode
  • JOU2005 Bacheloroppgave i journalistikk (fra kull 2024) eller JO220U Bacheloroppgave i journalistikk
  • JOU1009 Digital research og digitale verktøy (fra kull 2024)

Kunnskap

Studenten …

• har inngåande kunnskap om den redaksjonen han/ho skal ha praksis i, inkludert den redaksjonelle profilen og publiseringssystemet.

• har innsikt i korleis ein redaksjon er bygd opp, og korleis dei tilsette samarbeider.

• har praktisk kunnskap om å vere journalist i ein redaksjon, og forstår korleis den daglege produksjonen går føre seg.

Ferdigheiter

Studenten …

• kan finne, utvikle, presentere og gjennomføre journalistiske idear tilpassa sin praksisredaksjon.

• kan gjere sjølvstendige presseetiske og mediejuridiske vurderingar, og ta velgrunna val under tidspress.

• kan vurdere og reflektere over eige og andre sitt arbeid, og justere arbeidet under rettleiing.

• kan bruke nødvendig medieteknisk utstyr i samsvar med lokale forhold i praksisredaksjonen.

Generell kompetanse

Studenten…

• kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

• kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt.

• meistrar dei arbeidsformene som gjeld, i tråd med etiske og juridiske krav og retningslinjer.

Studenten må sjølv dekkje reise til og opphald på praksisstaden. (Studenten får løn i samsvar med journalistavtalen mellom Norsk Journalistlag og Mediebedriftenes Landsforening.)
Obligatorisk.
Studenten skal arbeide i ein tildelt redaksjon i tre månader, med rettleiing frå ein av dei tilsette i redaksjonen. Vurderingskriteria er å møte opp til fastsett tid, jobbe som journalist, få saker publisert og vise evne til å samarbeide.
Redaksjonspraksis blir evaluert av emneansvarleg, rettleiar og student etter at praksis er ferdig. Alle partar får seg førelagt dei ulike evalueringane som blir gjort.
Praksis (PR/P). Studenten skal arbeide i ein tildelt redaksjon i tre månader, med rettleiing frå ein av dei tilsette i redaksjonen. Vurderingsuttrykk: Bestått/ikkje bestått. Vurderingskriteria er å møte opp til fastsett tid, jobbe som journalist, få saker publisert og vise evne til å samarbeide.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

JO209U - Redaksjonspraksis - 20 Studiepoeng