Emnebeskrivelse for 2025/26
Bacheloroppgave i journalistikk
JO220U
Emnebeskrivelse for 2025/26

Bacheloroppgave i journalistikk

JO220U
Bacheloroppgåva er eit vitskapleg arbeid og ei fagleg fordjuping innanfor eit journalistisk eller medieteoretisk emne. Arbeidet med oppgåva skal byggje vidare på den kompetansen du har tileigna deg innanfor medievitskap, journalistisk teori, praktisk journalistisk arbeid og samfunnsvitskapleg metode.
Bacheloroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid, der studentane fordjupar seg i eit journalistisk eller medieteoretisk emne. Gjennom oppgåva skal studenten vise at ho/han meistrar både teori, metode og skriving innanfor ein vitskapleg sjanger. Oppgåva kan løysast individuelt eller som eit samarbeid mellom to studentar.
Oppstart på emnet føreset studierett på bachelor i journalistikk.
Studenten må ha bestått: FIL1005, EXF1000, JOU1000, JOU1001, JOU102, JO124U, JOU2000 og ME118S for å kunne levere oppgåva.

Kunnskap

Studenten …

  • har kunnskap om grunnleggande forskingsmetodar, spesielt knytt til journalistikk- og medieforsking
  • har særleg gode kunnskapar om det sjølvvalde emnet for bacheloroppgåva

Ferdigheiter

Studenten …

  • kan formulere ei avgrensa og handterbar problemstilling for eit større skriftleg arbeid
  • kan finne relevant kjeldestoff og bruke forskingsmetodiske verktøy
  • kan drøfte empirisk materiale ved hjelp av faglege omgrep, teoriar og perspektiv
  • kan skrive ei akademisk oppgåve som tilfredsstiller krava til systematisk tenking, sakleg vurdering og argumentasjon, skriftleg framstillingsevne og bruk av referansar til relevant faglitteratur

Generell kompetanse

Studenten …

  • har utvikla nysgjerrigheit og evne til å formulere og svare på vitskaplege spørsmål
  • har evne til å gå i djupna og strukturere eit større materiale
  • kan reflektere kritisk og arbeide sjølvstendig med forskingsrelaterte oppgåver
  • kan forhalde seg til konstruktiv kritikk av eige arbeid, og justere arbeidet under rettleiing
  • kan sjølv gi konstruktiv og godt grunngitt tilbakemelding til medstudentar på deira arbeid
  • meistrar munnleg presentasjon og kan bidra til kritisk diskusjon om faglege spørsmål
Studenten må sjølv dekkje eventuelle utgifter til bacheloroppgåva. Studentane kan søkje stipend frå institusjonen Fritt Ord til gjennomføring av bacheloroppgåve i journalistikk.

Obligatorisk for bachelor i journalistikk.

Hausten 2026 vil bacheloroppgåva bli redusert til 10 studiepoeng. Innhaldet kan då òg endrast.

Seminar, førelesingar og rettleiing individuelt og i grupper. Arbeidet med bacheloroppgåva er eit sjølvstendig studentarbeid som blir gjennomført under rettleiing. Rettleiinga føregår dels som gruppearbeid på seminara, dels som førebudd, individuell rettleiing hos ein av universitetet sine lærarar. Emnet inneheld tre seminar (start-, midt- og sluttseminar) med obligatorisk deltaking. Det er òg obligatoriske arbeidskrav i tilknyting til seminara. Ved studiestart vil det liggje føre ein manual for bacheloroppgåva, som gjer greie for oppgåva si form og krava til innlevering og fristar.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegs- og sluttevaluering). Desse evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Obligatorisk deltaking (OD) på startseminar, midtseminar og sluttseminar, teller 0/100 av karakteren. Obligatorisk deltaking blir rekna per økt, ikkje time for time. Sjå Manual for bacheloroppgåva og undervisningsplan i Canvas. Vurderingsuttrykk: godkjent / ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren. Må vere fullført før ein kan gå opp til eksamen/vurdering.

Arbeidskrav (AK) knytt til startseminar teller 0/100 av karakteren. Vurderingsuttrykk: godkjent / ikkje godkjent. Sjå Manual for bacheloroppgåva og undervisningsplan i Canvas. Må vere fullført før ein kan gå opp til eksamen/vurdering. Arbeidskravet er ein prosjektskisse for bacheloroppgåva. Dersom studenten vel å endre tema for bacheloroppgåva, må nytt arbeidskrav leverast.

Oppgåve (OP/O). Individuell eller av to studentar saman. Vurderingsuttrykk: A-F. Teller 100/100 av karakteren i emnet.

Alle hjelpemiddel tillat. All bruk av kunstig intelligens skal gjerast greie for.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere det heilt eller delvis som eigen besvarelse blir rekna som fusk.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

JOU2005 - Bacheloroppgave i journalistikk - 10 Studiepoeng