Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)
Fortellende journalistikk – prosjekt
JOU2002
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)

Fortellende journalistikk – prosjekt

JOU2002
I dette emnet skal studentane ta i bruk det dei har lært om godt reportasjearbeid på ulike plattformer og i ulike sjangrar. I emnet inngår òg øving i å selje produktet sitt til ein redaksjon.
Dette emnet byggjer direkte på emnet Reportasje - sjanger og metode (JOU2003) i fjerde semester, der det teoretiske og praktiske grunnlaget for reportasjearbeid vart lagt. I Forteljande journalistikk - prosjekt skal studenten praktisere reportasjeferdigheitene sine ved å lage ei publiserbar, større reportasje eller reportasjeserie. Det skal følgje med eit metode- og refleksjonsnotat til reportasjen. Reportasjen skal i hovudsak vere eit sjølvstendig arbeid, men studenten blir følgt tett opp av faglærarar gjennom seminar, undervisning og rettleiing. I emnet får du òg kjennskap til frilansrolla, og ei kort innføring i å etablere din eigen arbeidsplass. Emnet vil inkludere det å utvikle og selje inn idear om pågåande redaksjonelt arbeid til etablerte redaksjonar. Emnet gir òg studentane moglegheit til å fordjupe seg innanfor tematiske rammer som vil variere frå år til år. Tidlegare fordjupingar har til dømes vore kritisk sportsreportasje, unge menneskeforteljingar, konstruktiv journalistikk og kritisk kulturreportasje.
Generell studiekompetanse.
Emnet er obligatorisk på bachelor i journalistikk. Emnet er også er åpent for studenter på andre studieprogram og enkeltemnestudenter.

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike måtar å lage reportasje på
  • har oversikt over reportasjen som sjanger og funksjon i journalistikken
  • har inngåande kunnskap om kjeldekritikk og etikk
  • får erfaring med å jobbe journalistisk tett på vanlege menneske
  • har kunnskap om språk og andre verkemiddel si praktiske funksjon i reportasje
  • har kunnskap om ulike verktøy og utstyr til bruk i redaksjonell presentasjon
  • har kunnskap om kva som krevst for å skape sin eigen arbeidsplass, og kva moglegheiter rolla som frilansjournalist gir

Ferdigheiter

Studenten

  • kan lage ei større publiserbar reportasje
  • kan etablere problemstilling og forske på denne fram til ei fullverdig reportasje
  • kan jobbe sjølvstendig med eit større journalistisk prosjekt
  • kan gjennomføre research, kjeldekritisk analyse og kompliserte etiske vurderingar
  • kan identifisere, organisere og analysere eit større kjelde-/datamateriale for journalistisk bruk
  • kan observere relevante miljø og bruke utvalde observasjonar som scener i ein reportasje
  • kan komponere og formidle journalistiske bodskap med dramaturgiske grep tilpassa reportasjesjangeren
  • kan skape, utvikle og selje inn idear til redaksjonelle leiarar/oppdragsgivarar

Generell kompetanse

Studenten

  • får erfaring med å byggje ein kunnskapsbase på eit samfunnsområde
  • lærer seg prosjektarbeid
  • får kunnskap om det journalistiske yrkeslivet og fagfeltet
  • får trening i å gi konstruktiv tilbakemelding til kollegaers arbeid
  • viser evne til sjølvkritisk refleksjon
Ingen utover det som er nemnt i studieplanens generelle del.
Obligatorisk
Førelesingar, seminar, diskusjonar og rettleiing individuelt og i grupper. Dessutan mykje sjølvstendig studentarbeid med jamlege tilbakemeldingar frå faglærar.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar. Evaluering inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Obligatorisk deltaking (OD) (80 %) på undervisning og aktivitetar med organisert rettleiing i dette emnet, sjå undervisningsplan i Canvas. Deltaking blir rekna per fullførte undervisningsøkt, ikkje time for time. Vurderingsform: Godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren. Må vere fullført før ein kan gå opp til eksamen/vurdering.

Arbeidskrav (AK). Innlevering av arbeid knytt til reportasjesjangeren. Desse må vere fullførte før ein kan gå opp til eksamen/vurdering. Teller 0/100 av karakteren. Studentane skal i løpet av emnet levere 5 arbeid til fastsett frist. Vurderingsuttrykk: Godkjent/ikkje godkjent.

Oppgåve (OP) med justerande munnleg eksamen (OMU). Reportasje eller reportasjeserie med fritt valt tema, og arbeidsrapport. Individuell innlevering. Vurderingsuttrykk A-F. OMU teller 100/100 av karakteren i emnet.

Oppgåve: alle, men all bruk av kunstig intelligens skal gjerast greie for. Munnleg eksamen: ingen utover eigen oppgåve.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere det heilt eller delvis som eigen besvarelse blir rekna som fusk.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

JOU2006 - Fortellende journalistikk - 10 Studiepoeng