Reportasje - sjanger og metode
Kunnskap
Studenten...
- har inngåande kjennskap til reportasjen sitt særpreg som sjanger og metode
- forstår betydninga av å forhalde seg profesjonelt til personkjelder av alle slag
- kjenner til dei verkemidla ulike medieplattformer nyttar seg av i reportasjesamanheng
- har kunnskap om reportasjespråket og forteljar- og presentasjonsteknikk, struktur og dramaturgi
- har kunnskap om ulike undersjangrar av reportasjen
Ferdigheiter
Studenten...
- kan utvikle kreative reportasjeidear, både åleine og i samarbeid med andre
- kan analysere eit sakskompleks med tanke på journalistisk bearbeiding og formidling
- meistrar intervjuet som metode i ulike reportasjesjangrar
- kan bruke observasjon som metode for å utforme scener i ein reportasjetekst
- kan bruke dramaturgiske prinsipp for å skape ei journalistisk forteljing
- kan lage reportasjestoff av tekst, bilete, video og lyd - og i ulike kombinasjonar av desse
Generell kompetanse
Studenten...
- kan kvalitetssikre eiga og andre si research
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til reportasjejournalistikk
- kan tileigne seg ny og oppdatert kunnskap om fagfeltet
- kan bruke terminologien innan reportasjejournalistikk i samtalar og diskusjonar
- kan vurdere korleis fleirmedialitet verkar inn på historieforteljing
- har forståing for viktige prinsipp i arbeidsprosessen med reportasjejournalistikk
Obligatorisk deltaking (OD) (80 %) på all undervisning og alle aktivitetar med organisert rettleiing i dette emnet, sjå undervisningsplan i Canvas. Deltaking blir vurdert i forhold til oppmøte på økter, ikkje time for time. Vurderingsform: Godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren. Må vere fullført før ein kan gå opp til eksamen/vurdering.
Arbeidskrav (AK/AR). Innlevering av journalistiske arbeid i, eller knytt til, reportasjesjangeren. Må vere fullført før ein kan gå opp til eksamen/vurdering. Teller 0/100 av karakteren. Studentane skal i løpet av emnet levere 4 arbeid til fastsett frist. Vurderingsuttrykk: Godkjent/ikkje godkjent.
Oppgåve (OP): Innlevering av fleirmediale reportasjearbeid med tilhøyrande refleksjonsnotat. Teller 100/100 av karakteren. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakter A-F.
Alle hjelpemiddel. All bruk av kunstig intelligens skal gjerast greie for.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere det heilt eller delvis som eigen besvarelse blir rekna som fusk.
Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:
JOU2001 - Flermedial reportasje 1 – teori og metode - 10 Studiepoeng
JOU2006 - Fortellende journalistikk - 10 Studiepoeng