Emnebeskrivelse for 2025/26
Digital historiefortelling
JOU5001
Emnebeskrivelse for 2025/26

Digital historiefortelling

JOU5001
Dette emnet handlar om korleis vi fortel historier ved bruk av samtidige teknologiar. Stikkord er transmedialitet, immersiv journalistikkog forteljande nettverk. Emnet blir undervist i tett samband med JOU5002 Språk og kommunikasjon.
"Forteljing" er her eit vidt omgrep, og viser til alle former for framstilling av eit tema, ei hending eller liknande der oppbygging og språklege, visuelle og lydlege verkemiddel blir brukt på ein måte som fremmer effektiv kommunikasjon. Å meistre dette står heilt sentralt i alle former for journalistikk og kommunikasjonsarbeid, og omfattar også det å ha eit medvete forhold til sjangerkonvensjonar, kontekst og å kunne nytte ulike medium og uttrykksformer ut frå fastsette kommunikative formål. I dette emnet får studentane innføring i bruken av ulike reiskapar for effektiv mediert kommunikasjon i ei profesjonell setting.

Emnet er obligatorisk for studenter på Master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid.

Har du ikkje studierett på Master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid, kan du søke opptak på enkeltemner. Velg "enkeltemne med spesielle opptakskrav" i søknadsweben.

Krav til opptak for enkeltemnesøkere:

  • Bachelorgrad eller tilsvarende.
  • Minst to år med relevant yrkespraksis (tilsvarende 100 stilling).
Det er ingen forkunnskapskrav.

Kunnskap: Studenten...

· Har godt grep om narrativitetsteori.

· Forstår korleis forteljingar fungerer over ulike digitale plattformer og modalitetar.

· har avansert kunnskap innanfor digital formidling og spesialisert innsikt i journalistikk og kommunikasjonsarbeid.

· har inngåande kunnskap om samanhengen mellom tema, sjanger, målgruppe og medium.

Ferdigheiter: Studenten...

· kan analysere ein tekst med tanke på forteljinga.

· Kan produsere ei enkel forteljing.

· kan identifisere kontekst, plattform, sjanger og målgruppe.

· kan formidle medvete og føremålstenleg ved hjelp av språk, foto, lyd og video.

Generell kompetanse: Studenten...

· kan formidle eit sjølvstendig arbeid, og forstår tydinga av kontekst, plattform, sjanger, målgruppe.

· beherskar dei studietekniske verktøya som nettbasert læringkrev.

· forstår kva rolle forteljingar spelar i kommunikasjon.

Studentar må rekne med utgifter til pensum, reise og opphald i samband med samlingar, og følgande utstyr: Berbar r datamaskin (win/mac), smarttelefon eller stillbildekamera med videofunksjon (helst også eigen inngang for mikrofon). Det blir også anbefalt å skaffe seg programpakka Adobe CC eller liknande for bildebehandling.
Obligatorisk

Emnet legg til rette for ulike læringsaktivitetar og undervisningsmetodar (ansikt-til-ansikt på samlingar og via nettet): Førelesningar og seminar/webinar, sjølvstudium, instruksjonar i sanntid og som videoopptak, arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver individuelt og i grupper, dels med tanke på presentasjon for medstudentar, dels for publisering i nettavisa til studiet og på sosiale medium.

Tid for samlingar hausten 2025 kjem våren 2025.

Studieprogrammet evalueres årleg av studentane gjennom emneundersøkelser (midtveisevaluering og sluttevaluering). Evalueringene inngår som del av universitetets kvalitetssikringssystem.

• Obligatorisk deltaking (OD): Det er obligatorisk deltaking på samlingar i dette emnet. Deltaking er berekna i forhold til undervisningsøkter. Deltaking må vere godkjend før innlevering av mappeeksamen. Vurderingsuttrykk: Godkjend/Ikkje godkjend. Teller 0/100 av karakteren i emnet.

• Mappeeksamen (MA): Mappa inneheld tre innleveringar. Kvar innlevering består av eit produkt, og eit refleksjonsnotat. Desse skal leverast på nytt i revidert form etter tilbakemelding. Mappa fyller til saman 10 sider (+/- 1 side). Vurderingsuttrykk A-F. Tel 100/100 av karakteren.

Alle. Om kandidaten bruker automatisk bilde- eller tekstgenerering (ex chatGPT, Midjourney) skal det vere tydeleg markert og diskutert i svaret.