Språk, formidling og kommunikasjonsteknologi
Emnet er obligatorisk for studentar på Master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid.
Har du ikkje studierett på Master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid, kan du søkje opptak på enkeltemner. Vel "enkeltemne med spesielle opptakskrav" i søknadsweben.
Krav til opptak for enkeltemnesøkjarar:
- Bachelorgrad eller tilsvarande, med eit vekta snitt på karakteren "C".
- Minst to år med relevant yrkespraksis (tilsvarande 100 stilling).
Kunnskap:
Studenten
- har avansert kunnskap om språk- og kommunikasjonsteori. Dette omfattar ulike teiknsystem sine (modalitetar) særpreg og korleis dei kan spele saman, sjangernormer, retorikk og konteksten og mediet sin betydning for meiningsdanning.
- har inngåande kunnskapar om vår mediekultur, og kva for betydning den har for utøvinga av yrket som journalist eller kommunikatør.
- kan bruke kunnskapane for å forstå dei muligheitar/ressursar digital kommunikasjonsteknologi gjev, i notid og framtid.
Ferdigheitar:
Studenten
- kan arbeide planmessig med formidling i tekst, bilete, video og lyd, sjølvstendig og i samarbeid med andre. Kan uttrykkje språkleg korrekt og formålstenleg.
- kan analysere og nytte ulike teoriar om mediert kommunikasjon og meiningsdanning.
- har avanserte analyseferdigheiter og kjeldekritisk kompetanse.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan formidle eit sjølvstendig arbeid, med forståing av kontekst, plattform, sjanger og målgruppe.
- kan formidle bevisst og formålstenleg ved hjelp av språk, foto, lyd og video.
- meistrar dei studietekniske verktøya som vert krevd ved nettbasert læring.
Emnet legg til rette for ulike læringsaktivitetar og undervisningsmetodar (ansikt-til-ansikt på samlingar og via nettet): Forelesningar og seminar/webinar, sjølvstudium, instruksjonar i sann tid og som videoopptak, arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver individuelt og i grupper, dels med tanke på presentasjon for medstudentar, dels for publisering i studiet si nettavis og på sosiale medium.
Haustens samlingar i veke 34 og 43
Obligatorisk deltaking (-/OD): Det er obligatorisk deltaking på samlingar i dette emnet. Obligatorisk deltaking berekna per økt, ikke time for time. Vurderingsuttrykk: Godkjent/Ikke godkjent. Tel 0/100 av karakteren. Forutset fullført før framstilling til eksamen/vurdering i emnet.
Oppgåve (OP/O): Skriftleg individuelt arbeid (essay) ut frå gitt tema, med innlevering på fastsett dato (første gang 2022 haust). Det vert gitt rettleiing i en avgrensa tidsperiode. Vurderingsuttrykk: A-F.
Alle hjelpemidlar er tillatne.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigne svar er å rekne som fusk