Kulturhistoriske materialflater og formspråk
Det er genuint menneskeleg å ta lærdom av fortida for å forstå samtida, slik at ein sjølv kan bidra til berekraftige og kreative løysingar som samfunnet vil trenge i framtida. I den manuelle utforskinga av material, handverktøy og teknikkar skjer det eit samspel mellom hjerne og hand som dannar «taus kunnskap» som kroppen seinare vil huske. Alle sansar er i aksjon i dei estetiske læreprosessane. Nokre materialflater og verktøy har resultert i visuelle uttrykk som fortel noko om mennesket sitt behov for å kommunisere. Helleristingar, holemaleri, runeskrift, tatoveringar og tekstmeldingar er eksempel på former for kulturelle symbolspråk. Dei er visuelle ytringar som vert forstått og gjer meining i ulike kontekstar.
Dette emnet hjelper det å sjå nokre samanhengar mellom mennesket sitt behov for å kommunisere og dei til ein kvar tid nærliggande materialflater, verktøy og teknikkar som trengs for å forstå seg sjølv i verda.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om materiale stein, skinn, papir og glas som flater til formidling av informasjon, frå helleristingar til digitale skjermar.
Ferdigheiter
Studenten
- har ferdigheter i å hogge, risse, skjære og fuse semiotiske budskap med ulike formspråk på ulike materialflater.
Generell kompetanse
Studenten
- har kompetanse i å sjå digitale skjermflater i eit kulturhistorisk perspektiv.
Teoriemne
Valemne
I emnet vert teori knytt til praktisk-estetisk verkstadarbeid, som introduksjon til tema, og for å belyse pensum og synleggjere koplingar mellom teori og handling som metode for utvikling av ferdigheiter og erfaringsutveksling.
Undervisning er organisert i ein digital introduksjon som vekslar mellom studentaktive forelesningar, og temabasert og problemløysande gruppearbeid. Det praktiske verkstadarbeidet vert organisert ut frå verkstadpedagogiske prinsipp.
Samansett vurdering - alle delane må vere godkjent/bestått for å få karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD): Obligatorisk deltaking på undervisning vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Det er krav til minimum 80% deltaking grunna aktivitetar/undervisning som gjer vesentleg kompetanse (ferdigheit) som ikkje kan prøvast ved ordinær eksamen. Teller 0/100 av karakteren.
Arbeidskrav (AK): Arbeidskravet er del av undervisningsgrunnlaget der det kan ble gjeven rettleiing undervegs. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
Mappe (MA): Praktisk individuelt skapande arbeid, i tillegg til visuell og skriftleg logg. Utstilling eller digital presentasjon av mappa. Munnleg samtale om mappa. Teller 100/100 av karakteren. Karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F.
Alle hjelpemiddel er tillate.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.