Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Bacheloroppgave
KRO2005
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Bacheloroppgave

KRO2005
Innhaldet i emnet vil ha hovudfokus på studenten sitt sjølvstendige arbeid med bacheloroppgåva. Kvar student vil få tildelt ein rettleiar til bacheloroppgåva, som dei er forplikta til å kontakte og ha rettleiing med.
Opptak skjer på bakgrunn av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter gjeldande reglar. Emnet er for studentar som er tekne opp på lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag. For å starte på emnet, er det krav om at første studieår i lektorutdanninga er gjennomført.
For å starte på emnet, er det krav om at første studieår i lektorutdanninga er gjennomført.

Kunnskapar

Studenten har:

  • kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar innan kroppsøving og idrettsfag
  • brei kunnskap om relevante emne for bacheloroppgåva

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke vitskapsteoretisk kunnskap innan kroppsøving og idrettsfag i utforminga av bacheloroppgåva
  • kan på sjølvstendig grunnlag finne og vurdere aktuell faglitteratur
  • har forskingsetisk medvit og meistrar korrekt bruk av kjelder, samt akademisk skriving

Generell kompetanse

Studenten:

  • er i stand til å arbeide kritisk, sjølvstendig, ansvarleg og vitskapleg med teori innan kroppsøving og idrettsfag
  • kan bidra med ny kunnskap og nye perspektiv innan kroppsøving og idrettsfag
  • kan presentere og formidle problemstillingar innan kroppsøving og idrettsfag i ulike samanhengar
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føresetnad at studenten har tilgang til ein berbar datamaskin.
Obligatorisk
Det er nødvendig med deltaking og aktivt samarbeid mellom studentane for å kunne oppnå dei ønskte læringsutbytta vi har sett for emnet. Her vil mellom anna undervisning, rettleiing, eigenøving og andre interaktive prosessar mellom medstudentar og mellom studentar og lærarar vere essensielle.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
Studentar har praksis i samsvar med praksisplanen for lektorutdanninga i kroppsøving og idrettsfag. Praksis er ein del av kroppsøving og idrettsfaget i lektorutdanninga, og erfaringar studentane gjer i praksis, skal vere utgangspunkt for drøfting og analyse i studiet. Kvar student skal gjennomføre arbeidsoppgåver knytte til praksis.

Bacheloroppgåve, individuell og munnleg høyring. Karakter A-F. Tel 100/100 av endeleg karakter.

Eksamen i emnet består av innlevert bacheloroppgåve og ei munnleg høyring på 30 minutt. Det blir gitt ein samla karakter basert på den skriftlege innleveringa og den munnlege høyringa. Begge delar må vere bestått for å få karakter.

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.