Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Teoretiske emner i kroppsøving og idrettsfag
KRO5001
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Teoretiske emner i kroppsøving og idrettsfag

KRO5001
Emnet gir ei fordjuping innanfor dei sentrale teoretiske emna i kroppsøving og idrettsfag.
Opptak skjer på bakgrunn av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter gjeldande reglar. Emnet er for studentar som er tekne opp på lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag. For å starte på emnet krevst at første studieår i lektorutdanninga er gjennomført.
For å starte på emnet krevst at første studieår i lektorutdanninga er gjennomført.

Kunnskap

Studenten har:- inngåande kunnskap om kroppsøving og idrettsfag i eit breitt skule- og samfunnsperspektiv- inngåande kunnskap om samanhengar og spenningsforhold mellom kroppsøving, idrettsfag og idrett- inngåande kunnskap om samanhengar og spenningsforhold mellom idrett, individ og samfunn- inngåande kunnskap om problemstillingar knytte til verdiar, normer, etikk og moral innanfor fagområda kroppsøving, idrettsfag og idrett

Ferdigheiter

Studenten kan:- orientere seg, analysere og forhalde seg kritisk til teoriar og eksisterande forsking innan fagområdet kroppsøving og idrettsfag- orientere seg, analysere og forhalde seg kritisk til aktuelle problemstillingar innanfor fagområda kroppsøving og idrettsfag- bruke faglitteratur og andre relevante informasjonskjelder til å strukturere og formulere sjølvstendige resonnement innan fagfeltet

Generell kompetanse

Studenten:- har brei kunnskap om teori og forsking innan fagområdet kroppsøving og idrettsfag- kan vurdere, formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit fagleg avansert nivå

Utover semesteravgift og pensumlitteratur, krevst det at studenten disponerer ein berbar datamaskin.
Obligatorisk
Teoretisk undervisning og seminar. Sjølvstendig arbeid og arbeidskrav individuelt og i gruppe.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
Studentar har praksis i samsvar med praksisplanen for lektorutdanninga i kroppsøving og idrettsfag. Praksis er ein del av kroppsøving og idrettsfaget i lektorutdanninga, og erfaringar studentane gjer i praksis skal vere utgangspunkt for drøfting og analyse i studiet. Kvar student skal gjennomføre arbeidsoppgåver knytte til praksis.

Samla vurdering (SV):

Arbeidskrav (AK): Fire skriftlege arbeidskrav. Arbeidskrava må vere godkjende for å få endeleg karakter i emnet.

Skriftleg skuleeksamen (SK): 6 timar. Tel 100/100 av karakteren. Karakteruttrykk A-F.

Ingen tillatne hjelpemiddel.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.