Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Fra teori til problemstilling
KRO5002
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Fra teori til problemstilling

KRO5002
Akademisk skriving i form av paper. Omgrepa forskingsfelt og forskingsfront. Litteraturgjennomgang. Analyse og drøfting av forskingslitteratur. Bruk av søkjeverktøy og metode for innhenting, bearbeiding, systematisering og analyse av forskingslitteratur. Komponering og framstilling av ei skriftleg oppgåve i samsvar med spesifikke krav. Utforming av prosjektplan og søknad om godkjenning av mastergradsoppgåve. Spesialiseringa skal vere basert på forskingsprosjekt og forskingskompetanse i fagmiljøet for kroppsøving, idrettsfag og friluftsliv.
Opptak skjer på bakgrunn av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter gjeldande reglar. Emnet er for studentar som er tekne opp på lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag. For å starte på emnet blir det kravd at første syklus (dei tre første åra) i lektorutdanninga er gjennomført.
For å starte på emnet blir det kravd at første syklus (dei tre første åra) i lektorutdanninga er gjennomført.

Kunnskap

Studenten har:

  • kunnskap om omgrepa forskingsfelt og forskingsfront, litteraturgjennomgang og prosjektbeskriving
  • kunnskap om søkjeverktøy og metode for innhenting, bearbeiding, systematisering og analyse av forskingslitteratur
  • kunnskap om forskingsfronten innan eit valt og avgrensa forskingsfelt
  • inngåande kunnskap om relevant forskingslitteratur

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • hente inn, systematisere, referere, vurdere og drøfte relevant forskingslitteratur ved hjelp av ulike søkjeverktøy og metodar
  • produsere tekstar som tek utgangspunkt i faglege omgrep og teoriar, og som oppfyller krava til akademisk skriving
  • utforme prosjektplan og søknad om godkjenning av mastergradsoppgåve
  • orientere seg i faglitteratur, analysere og forhalde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar innan fagfeltet

Generell kompetanse

Studenten:

  • har kunnskapsgrunnlag for å utvikle problemstilling til eiga mastergradsoppgåve
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøving på eit fagleg avansert nivå
Semesteravgift og pensumlitteratur.
Valfritt

Førelesingar, teoriundervisning og seminar.

Sjølvstendig arbeid og arbeidskrav individuelt og i gruppe.

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa er ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samla vurdering (SV)

Arbeidskrav (AK): 2 arbeidskrav, som blir nærare skildra i emnet si arbeidsplan. Godkjend / Ikkje godkjend. Godkjend arbeidskrav gir tilgang til endeleg vurdering. Tel 0/100 av endeleg karakter.

Munnleg eksamen (MU): Karakter A-F. Studenten skal ha minst 3 timar rettleiing. Tel 100/100 av endeleg karakter.

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Unntak: Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.