Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Friluftsliv
KRO5008
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Friluftsliv

KRO5008
Dette emnet tilbyr spennande turopplevingar og gode moglegheiter til å utvikle eigne ferdigheiter innan eit breitt utval av friluftslivsaktivitetar. I emnet lærer du korleis du kan formidle og undervise i friluftslivsaktivitetar slik at born, unge og vaksne skal få trygge og gode turopplevingar i naturen, i ulike årstider.

Emnet er forbeholdt studentar på følgjande studieprogram:

Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag

Emnet er forbeholdt studentar på følgjande studieprogram:

Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag

Kunnskap

Studenten skal:

  • ha kunnskap om ferdsel i dei ulike naturkategoriane skog og mark, fjell, vatn og vassdrag
  • ha kunnskap om tryggleik, konsekvenstenking og risikoreduserande tiltak, særleg i samband med fotturar og skiturar i skog og fjell, og kanopadling
  • ha kunnskap om naudsynt utstyr, inkludert tryggleiksutstyr, og bruk og vedlikehald av dette knytt til dei aktuelle friluftslivsaktivitetane
  • ha kunnskap om rettleiing i friluftsliv, leiing og handtering av grupper i dei aktuelle friluftslivsaktivitetane

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • ha basisferdigheiter innan friluftsliv i ulike naturkategoriar og årstider, inkludert mellom anna bekledning og utstyr, bruk av kart og kompass, båltypar og matlaging på bål, og ulike leir- og buformer
  • kunne grunnleggjande førstehjelp knytt til friluftsliv
  • meistre grunnleggjande padleteknikk og kjenne att dei viktigaste formasjonane i elv og stryk
  • vise evne til å lage føremålstenlege turplanar
  • kunne fungere som medlem i ei gruppe og bidra til utviklinga av gruppa

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne reflektere over korleis dei ulike aktivitetane kan gjennomførast med ulike typar grupper på ein føremålstenleg og trygg måte
  • ha innsikt i samanhengen mellom gode eigne ferdigheiter, kunnskapar og overskot, og kva dette har å seie for eit trygt friluftsliv
  • kunne sjå kunnskapen og ferdigheitene i samanheng, og bruke kombinasjonen av desse i praktiske situasjonar
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det forutsett at studenten har tilgang til ein berbar datamaskin. I tillegg må ein rekne med kostnader knytte til eventuelle innkjøp av ulikt utstyr til trening og reise til og frå bestemte arenaer.
Obligatorisk
Det er naudsynt med deltaking og aktivt samarbeid mellom studentane for å kunne oppnå dei ønska læringsutbytta vi har sett for emnet. Her vil mellom anna undervisning, rettleiing, det å dra på tur i grupper utan lærar, og andre interaktive prosessar mellom medstudentar og mellom studentar og lærarar vere essensielt.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av kvalitetssikringssystemet ved universitetet.

Samla vurdering (SV):

Obligatorisk deltaking (OD):

Obligatorisk deltaking i undervisning, minimum 80 %, og i avtalt studentstyrt aktivitet.

Obligatorisk deltaking må vere godkjend for å få endeleg karakter i emnet.

Munnleg (MU):

Munnleg eksamen med individuell vurdering, karakterskala A-F, varigheit 30 minutt.