Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
Bacheloroppgave i teknologiledelse
LED2009
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

Bacheloroppgave i teknologiledelse

LED2009

Bacheloroppgåva skal utgjere eit sjølvstendig utviklingsarbeid, utgreiingsarbeid eller mindre forskingsarbeid. Det skal brukast relevante faglege teoriar og perspektiv på eit sjølvvalt tema innan økonomi og teknologileiing.

Oppgåva kan vere av ulik karakter, men vil ha eitt eller fleire av følgjande element:

  • Ei empirisk undersøking i ei enkeltverksemd, eller ei gruppe av verksemder eller institusjonar der samanlikningar og analysar er vesentlege.
  • Ei utgreiing av ei konkret problemstilling for ei eller fleire verksemder eller institusjonar.
  • Eit teoretisk studium basert på tilgjengeleg litteratur.

For nærare utdjuping av krav til problemstilling og gjennomføring, sjå eiga rettleiing, "BOPP-rettleiinga", som er tilgjengeleg i Canvas-rommet for emnet.

Emnet er berre ope for studentar på studieprogrammet Bachelor i økonomi og teknologiledelse.
Anvendt metode for økonomi og teknologiledelse og Teknologiledelse må vere bestått for å starte på bacheloroppgåva.

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsresultat:

Kunnskapar:

  • Ha brei kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet.
  • Ha kjennskap til ulike teoriar og metodar innan fagområdet.

Ferdigheiter:

  • Kunne formulere ei problemstilling og drøfte denne med utgangspunkt i ei fagleg grunngjeven tilnærming og metode.
  • Kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillinga.
  • Kunne framstille informasjonen og fagstoffet slik at det belyser ei problemstilling gjennom eit sjølvstendig skriftleg arbeid.

Generell kompetanse:

  • Kunne planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig arbeid over tid, åleine eller i gruppe saman med andre.
  • Kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar, drøftingar og løysingar skriftleg og munnleg.
  • Kunne nytte fagleg kunnskap samt relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar.
  • Kunne gjennomføre eit større sjølvstendig arbeid i tråd med etiske krav og retningslinjer.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det føresett at studenten disponerer ein berbar datamaskin.
Obligatorisk
Rettleiia sjølvstudium.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
  • Arbeidskrav, individuelt eller i gruppe på inntil 3 personar (godkjent/ikkje godkjent, må vere godkjent før oppgåva kan leverast).
  • Oppgåve, individuelt eller i gruppe på inntil 3 personar. Karakter A-F.

Endelig karakter etter muntlig justering.

Alle relevante hjelpemiddel er tillatne. Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere henne heilt eller delvis som eiga besvarelse, er å rekne som fusk.