Matematikk 1D - Algebra og algebraisk tenkning, 1-7
I kurset blir det arbeidd med ulike overgangar frå aritmetikk til algebra. I generalisering av aritmetikk arbeider ein mellom anna med mønster og samanhengar, der dei blir uttrykte i ulike representasjonar. Elevane sine utfordringar og misoppfatningar i algebra og algebraisk tenking er òg i fokus. Tydinga av likskapsteiknet og løysing av lineære likningar på ulike måtar, samt tydinga og skilnaden mellom bokstavar, ukjende og variablar, er ein viktig del av algebra og algebraisk tenking. Variablar er òg viktige i lineære funksjonar. I dette kurset skal vi arbeide med eigenskapane til lineære funksjonar.
Tema:
- Overgangen frå aritmetikk til algebra og generalisering av aritmetikk
- Elevar sine utfordringar med algebra og algebraisk tenking
- Mønster og samanhengar uttrykt i ulike representasjonsformer
- Likningar og likskapsteiknet
- Bokstavar og variablar
- Lineære funksjonar
Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent. Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 1-7
Opptakskrava kjem fram på studiane sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
Kunnskap:
Studenten
- har djupnekunnskap om algebra og algebraisk tenking på barnetrinnet. Det inneber mellom anna kunnskap om overgangen frå aritmetikk til algebra, generalisering av aritmetikk, likningar og likskapsteiknet, bokstavar, variablar og lineære funksjonar.
- har kunnskap om ulike algebraiske representasjonar, og korleis bruken av og overgangane mellom dei ulike representasjonane verkar inn på elevane si læring i algebra.
- har kunnskap om bruk av både digitale og andre læremiddel, og moglegheiter og avgrensingar ved slike læremiddel.
Ferdigheter:
Studenten
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, resonnering og argumentasjon
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar ut frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
Generell kompetanse:
Studenten
- har forståing for matematikkfaget si tyding som allmenndannande fag, og samspelet faget har med kultur, filosofi og samfunnsutvikling
Det vil bli lagt vekt på varierte arbeidsformer, spesielt med tanke på å førebu studentane på arbeidsmåtar dei sjølve vil måtte praktisere med eigne elevar. Undervisninga vil bestå av studentaktive læringsformer som problemløysing, gruppearbeid, individuelle oppgåver og samtalar/diskusjonar.
Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all undervisning og læringsaktivitet som er fastsett i semesterplan og timeplan for emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for at emnet skal bli registrert som fullført.
Samansett vurdering (SV) - alle delane må vere godkjent/bestått for å få karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD): Obligatorisk deltaking på undervisning vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Det er krav om minimum 80% deltaking. Teller 0/100 av karakteren.
- Arbeidskrav (AK): 3 arbeidskrav med matematiske og didaktiske oppgåver innen algebra og algebraisk tenking. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100.
- Skriftleg skuleeksamen (SK): Individuell Nasjonal deleksamen, 5 stp. Tid: 4 timar. Karakter A-F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Teller 67/100 av karakteren.
- Munnleg individuell eksamen (MU): Munnleg eksamen, 2,5 stp. Tid: 25 min. Karakter A-F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Teller 33/100 av karakteren.
Penn og linjal.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
MAT1003 - Matematikk 1B, 1-7 - 7.5 Studiepoeng
MAT1009 - Matematikk 1B - 7.5 Studiepoeng