Akademisk skriving og metode
Emnet er forbeholdt studentar på følgjande studieprogram:
- Havbruksdrift og leiing, bachelorgradsstudium
- Naturforvaltning, bachelorgradsstudium
- Dyrepleie, bachelorgradsstudium
- Skogfag, bachelorgradsstudium
- Husdyrvitskap, bachelorgradsstudium
Kvalifiserte enkeltemnestudenter kan få adgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studieveileder.
Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- kan beskrive vitskapeleg framgangsmåte, frå problemstilling og hypotese til rapportering
- kan forklare sentrale vitskapelege metodar med omsyn til aktuelle etiske utfordringar innanfor vitskapelege undersøkingar
- kan gi eksempel på kor ein kan finne vitskapelege kjelder/litteratur og forklare kva som er forskjell på vitskapelege kjelder og andre kjelder
- kjenner til dei vanlegaste statistiske metodane for dataanalyse og kan identifisere kva type data desse er eigna for
Ferdigheiter:
- kan finne, kritisk granske, samanfatte og formidle relevant informasjon for å belyse vald problemstilling
- kan formulere tydelege og presise problemstillingar og vitskapelege hypotesar
- kan gjennomføre grunnleggjande dataanalyse med hensiktsmessige metodar
- kan vurdere eigen og andre sin faglege framgangsmåte og framstilling innanfor fagområdet og kjend metodikk
Generell kompetanse:
- kan planlegge eit prosjekt som strekk seg over tid
- kan beskrive, konkludere, og samanlikne resultat frå ulike dataanalyser
- kan formidle fagstoff i relevante uttrykksformer
Arbeidskrav: Innlevering av inntil 8 rapportar, 6 av desse (75 %) må vere godkjente for å ta eksamen.
Skriftleg heimeeksamen (mini-review): 3 dagar.
Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:
MET2000 - Innføring i vitenskapelig metode og skriving - 7.5 Studiepoeng