Emneomtale for 2026/27
Mat og helse 2A: Mat og måltiders miljømessige dimensjoner
MOH2001
Emneomtale for 2026/27

Mat og helse 2A: Mat og måltiders miljømessige dimensjoner

MOH2001

Vil du fordjupe deg i mat og måltid sine miljømessige dimensjonar, og i berekraft i mat og helse?

Vi tilbyr ei fleksibel og desentralisert vidareutdanning i mat og helse, skreddarsydd for deg som allereie undervisar i faget i skulen.

Mat og helse er eit svært viktig fag i grunnskulen, både for folkehelse og livsmeistring. Dette emnet byggjer på mat og helse 1.

Dette emnet utdjupar mat og måltid sine miljømessige dimensjonar, og korleis mat og måltid inngår i ulike samanhengar i skulen si verksemd. Studenten skal vidareutvikle si pedagogiske og fagdidaktiske kompetanse ved å reflektere over og kritisk vurdere undervisningsarbeid i faget mat og helse. Studenten skal tileigne seg akademiske ferdigheiter og vurdere faget mat og helse i ei vidare samfunnsmessig kontekst.

Emnet skal gje brei erfaring med studentaktive læringsformer knytt til mat og måltid.

Emnet byggjer på mat og helse 1

Emnet består av digital undervisning ein dag per veke og to fysiske samlingar à 3 dagar, i tillegg til synkront (i sanntid) og asynkront (tidsmessig uavhengig) digitalt arbeid mellom samlingane. Dei fysiske samlingane vil verte tilbydde parallelt både ved studiestad Bodø og studiestad Levanger, med plass til inntil 20 studentar på kvar studiestad.

Nettundervisninga vil vere for alle studentane på studiet samla og føregår éin gong i veka gjennom heile semesteret.

Det er mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemne. Det vert teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for Mat og helse 2. Sjå opptaksinformasjon på studieprogramsida, og les meir om opptak til enkeltemne her.

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om korleis matvaresystemet og forbrukarane kan påverke kvarandre
  • har kunnskap om kosthaldet si påverking på helse og strategiar for implementering av helsefremmande kosthaldstiltak
  • har kunnskap om korleis ny kunnskap vert omdanna til nasjonale kosttilrådingar

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan kritisk vurdere ny kunnskap om kosthald og påstandar om kosthald og helse i ulike medium
  • kan kritisk vurdere etiske, økonomiske og miljømessige aspekt av matproduksjon og drøfte korleis forbrukarmakt kan påverke lokal og global matproduksjon
  • kan leggje til rette for kreative læringsaktivitetar som bidreg til reflekterte og berekraftige matvareval i tråd med kostråda

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan vurdere helsemessige og miljømessige perspektiv ved mat og måltid
  • kan implementere styringsdokument som er relevante for mat- og helsefaget og for skulemåltidet
  • kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen undervisningspraksis i mat og helse
  • kan utvikle og kommunisere tydelege mål for opplæringa i mat og helse, vurdere elevane sitt læringsutbytte, gje elevane fagleg relevante tilbakemeldingar og leggje til rette for elevar si eigenvurdering
Utover semesteravgift og pensumlitteratur er det ei føresetnad at studenten disponerer ein datamaskin med kamera og headset for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettlinje med kapasitet til nettundervisning.

Teoriemne

Obligatorisk

Vi vil bruke Canvas som læringsverktøy, der vi hentar inspirasjon frå digitalpedagogiske tilnærmingar for å støtte og forbetre pedagogiske prosessar og læringsopplevingar. Undervisninga vil ha eit praksisnært fokus, slik at studentane kan prøve ut undervisningsopplegg og ulike didaktiske komponentar i arbeidskvardagen mellom samlingane, og reflektere kritisk over eigen praksis i samarbeid med medstudentar og faglærarar.

Gjennom denne utprøvinga får studentane og utforske ulike perspektiv og roller som kan bidra til betre læring og undervisningspraksis og økt refleksjonsnivå og didaktisk forståing, i det vi vekslar mellom studentperspektivet, elevperspektivet og lærarperspektivet i planlegging, gjennomføring og evaluering av dei ulike undervisningskomponentane.

På dei fysiske samlingane vil vi vektleggje aktiv og praktisk læring, der studentane får kjennskap til og erfaring med ulike undervisningsmetodar, som demonstrasjonar, utforsking og eksperimentering med mat, ekskursjonar, feltarbeid, smaking og utprøving av ulike matlagingsteknikkar og -metodar. Vi vil leggje vekt på berekraftige matvanar, etisk matforbruk og miljømedvit i undervisninga. Vi stør oss på konstruktivistisk-, sosial-, kognitiv- og humanistisk læringsteori i arbeidet med dette studiet.

Obligatorisk deltaking er nødvendig for å ivareta faget si praktiske eigenart og den praktiske delen av læringsutbytta.

Studieprogrammet evaluerast årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering - alle delane må være godkjende/bestått for å få karakter i emnet.

Obligatorisk deltaking (OD): Obligatorisk deltaking på undervisning vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Det er krav om minimum 80 % deltaking. Tel 0/100 av karakteren.

Arbeidskrav (AK): Studenten skal levere/presentere 3 mindre oppgåver/arbeid knytt til faglege emne. Alt arbeid må vere utført innan fastsette tidsfristar og vere godkjend av faglærar før endeleg karakter i emnet kan settast. Vurderast til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.

Nærare opplysningar om premissa for obligatorisk deltaking, innleveringsfristar og krav til innhald, vert gitt i semesterplanane ved studiestart og i studiet.

Mappe (MA/L): Individuell mappe som er samansett av to skriftlege arbeid som leverast innan fastsette tidsfristar; eitt reint individuelt arbeid, og ei individuell innlevering basert på arbeid gjennomført i grupper på 3-4 studentar. Det vert gitt rettleiing på eitt av arbeida i mappa. Studenten leverer til slutt ei samla mappe, og mappa blir gitt ein samla karakter. Karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F. Tel 100/100 av karakteren.

Alle hjelpemiddel er tillate.

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.