Masteroppgave i musikk- og ensembleledelse
Studentane skal gjennomføre eit større, sjølvstendig forskingsarbeid innanfor temaet musikk og ensembleleiing, med hovudvekt på eitt av studiet sine to hovudelement: det kunstnariske eller det pedagogiske.
Arbeidet skal vere av kunstnarisk og/eller musikkpedagogisk karakter, og resultatet skal leverast i eit format som er relevant for det aktuelle arbeidet. Døme på dette kan vere skriftleg materiale, audiovisuelt materiale, lydopptak, notar og ulike andre digitale format.
Omfanget og forma på materialet er avhengig av kva for modell studenten vel (dette blir spesifisert under eksamensomtale).
Det blir stilt krav til akademisk skriving, kritisk refleksjon og tydeleg presentasjon.
Studentane vil bli oppmoda om å sende inn arbeida sine som artiklar og/eller kunstprodukt til relevante publiseringskanalar.
Studentane må ha fullført og bestått minimum 30 studiepoeng frå første studieår, før dei kan melda seg opp til masteroppgåva.
Alle arbeidskrav og eksamenar må vere bestått før studenten kan levere masteroppgåva.
Kunnskap
Studenten:
- har spesialisert kunnskap om kva som kjenneteiknar eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsarbeid.
- har kunnskap om dei ulike fasane i ein forskings-/utviklingsprosess.
- kjenner relevante forskingsdiskursar og kan plassere eiga (kunstnarisk og/eller pedagogisk) verksemd i høve til desse.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan utarbeide ei kritisk, sjølvstendig, fagleg relevant og godt strukturert framstilling av ei valt problemstilling innanfor samspel og ensembleleiing.
- kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planleggje, gjennomføre, dokumentere og reflektere over musikalske utviklingsprosjekt eller musikkpedagogiske forskingsprosjekt.
- kan vurdere og analysere ulike felt innanfor samspel og ensembleleiing.
- kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor samspel og ensembleleiing.
- skal etter fullført studium ha inngåande kunnskap om ulike læringsmetodar og utøvingsformer retta mot barn, unge og vaksne.
Det blir gitt undervising i mellom anna forskingsmetodar, kunstnarisk utviklingsarbeid, kritisk refleksjon og akademisk skriving i det andre studieåret, til saman minst fem dagar. Desse dagane blir nytta til formell undervising, men kan òg fungere som eit forskarforum, der studentane presenterer og får respons frå faglærar og medstudentar på til dømes kunstnariske, teoretiske, didaktiske og metodiske val i masteroppgåva.
Kvar student får tildelt ein rettleiar og har rett på 10 timar rettleiing. Studenten skal levere rettleiingsgrunnlag i forkant av kvar rettleiing. Rettleiingskontrakt blir inngått og signert av student og rettleiar(ar).
Oppgåve med justerande munnleg eksamen (OMU)
Masteroppgåva skal utformast etter éin av to modellar:
- Musikkpedagogisk forskingsoppgåve, der det skriftlege materialet er på om lag 45 sider, ca. 18 000-22 000 ord. Skrifttype Times New Roman, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Blokkjustert eller venstrejustert tekst er valfritt. Forord, referanselister, samandrag, innhaldsoversikt og vedlegg kjem i tillegg. Det er mogleg å levere relevante vedlegg, som til dømes lydopptak eller video, eventuelt notar, som dokumenterer pedagogisk realisering eller det empiriske datagrunnlaget.
- Kunstnarisk oppgåve, der det utøvande produktet/prosessen står i fokus og blir dokumentert med om lag 20 minutt video- eller lydopptak, eventuelt også notar. I tillegg skal det leverast ein skriftleg refleksjonsdel på ca. 20 sider. Omfanget på dei ulike delane skal vurderast i høve til problemstillinga og kan justerast i samråd med rettleiar.
I begge modellane skal heile innleveringa til saman utgjere studenten sitt forskings- eller utviklingsarbeid knytt til samspel og ensembleleiing.
Obligatorisk deltaking (OD)
Det er krav om minst 80 % deltaking i undervisinga for å kunne levere masteroppgåve og få avsluttande vurdering i emnet.
Munnleg høyring blir gjennomført etter innlevering av masteroppgåva. Det blir sett ein karakter på oppgåva, som kan bli justert på bakgrunn av den munnlege høyringa. Oppgåva må vere vurdert til bestått før munnleg høyring kan gjennomførast. Varigheit opp til éin time.
Oppgåva og den munnlege høyringa blir vurdert av ein eksamenskommisjon. Kommisjonen består av ein ekstern sensor og ein intern sensor. Sensorane leier den munnlege høyringa. Emneansvarleg administrerer eksamen.
Vurderingsuttrykk: Gradert karakter, A-F.
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Unntak: Å nytte ChatGPT eller liknande kunstig intelligens til å generere svar, og levere dette heilt eller delvis som eiga oppgåve, blir rekna som fusk.