Rettslære for naturforvaltere
Emnet inneheld følgjande hovudtema:
- kommunane og staten, kommunen og innbyggjarane
- juridiske grunnomgrep og rettskildelære
- forvaltningsrett, verkemiddel og prinsipp i miljøretten
- erstatning og miljøkriminalitet
- oversikt over miljølover med vekt på plan- og bygningslova, lov om naturmangfald, jordlova, vassdragslova, forureiningslova og skogbrukslova
Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:
- Naturforvaltning, bachelorgradsstudium
- Skogfag, bachelorgradsstudium
Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.
Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- har grunnleggjande kunnskap om forvaltningssystemet i Noreg, men hovudvekt på statleg og kommunal miljøforvaltning
- har oversikt over kva rettsreglar som blir nytta for å ta vare på miljøomsyn i praktiske forvaltningsoppgåver
Ferdigheiter:
- har oppnådd ferdigheiter til å anvende riktige rettsreglar
- skal kunna gjera greie for korleis miljøspørsmål blir behandla i lovverk og forvaltning
Generell kompetanse:
- har erverva nok kunnskap til å kunna ta på seg ei styresmaktsrolle i offentleg miljøforvaltning
Samansett vurdering.
Arbeidskrav - 1 gruppeoppgåve. Godkjent/Ikkje godkjent. Må vere godkjent før framstilling til skriftleg skuleeksamen.
Skriftleg skuleeksamen, 3 timar, tel 100% av karakteren. Vurdering A-F.
Noregs lover og andre lovsamlingar som berre inneheld lovtekstar og forskrifter. Særtrykk av lover og forskrifter og penn, linjal, og inntil 2 stk. tospråklege ordbøker.
Å generera svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk.
Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:
NAT203 - Forvaltnings- og miljørett - 5 Studiepoeng