Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)
Arealplanlegging
NAF2005
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2025/26)

Arealplanlegging

NAF2005
I dette emnet får du god forståing for korleis prosessen med utarbeiding av kommunale arealplanar går føre seg, både den planfaglege og den karttekniske delen av prosessen.
Emnet legg vekt på korleis lover og reglar skal nyttast for å sikre ein god planprosess og gi ein ferdig arealplan som følgjer aktuelle føresegner. Vidare lærer studentane korleis medverknad kan bidra til å få fram ulike syn og interesser i planlegginga. Undervisninga er lagd opp som eit prosjektarbeid der studentane i grupper skal utarbeide ein reguleringsplan, kor element som feltarbeid, risiko og sårbarheit, GIS- og kartarbeid, planreglar og planskildringar inngår.

Emnet er reservert for studentar på følgjande studieprogram:

  • Naturforvaltning, bachelorgradsstudium

Kvalifiserte enkeltemnestudentar kan få tilgang dersom det er kapasitet (førstemann til mølla). Ta kontakt med studierettleiar.

Det blir krevd forkunnskapar tilsvarande GEO2011 Geografisk informasjonsbehandling

Ein student som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • har innsikt i planleggingshistorie og -teori
  • forklare korleis prosessar innan kommunal arealplanlegging blir gjennomførte
  • beskrive korleis lover, forskrifter, standardar og spesifikasjonar knytt til arealplanlegging skal nyttast i ulike samanhengar

Ferdigheiter:

  • utføre feltarbeid og datainnsamling i samband med reguleringsplanlegging
  • nytte GIS-verktøy for å utarbeide grunnlagsmateriale til konsekvensanalysar
  • nytte GIS-verktøy for utarbeiding av regulerings- og kommuneplanar

Generell kompetanse:

  • vurdere etiske sider i planprosessen og i plandokument
  • utveksle synspunkter og erfaringar med andre innan fagområdet
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det føresett at studenten disponerer ei berbar datamaskin.
Obligatorisk
Undervisninga blir gjennomført som samlingar med konsentrert undervisning i utvalde veker. Mellom samlingane jobbar studentane med oppgåver. Undervisninga på samlingane vekslar mellom forelesingar, praktiske øvingar inne på pc, og praktisk feltarbeid ute.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samansett vurdering.

Obligatorisk deltaking og arbeidskrav må vere godkjent før framstilling til skriftleg skuleeksamen.

  • Obligatorisk deltaking på feltarbeid. Godkjent/Ikkje godkjent.
  • Arbeidskrav - 1 innleveringar. Godkjent/Ikkje godkjent.
  • Skriftleg skuleeksamen, 3 timar. Vurdering A-F. Tell 100/100.

Berre hjelpemiddel utdelt på eksamen er tillaten å bruka og penn, linjal og inntil 2 stk. tospråklege ordbøker.

Å generera svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levera det heilt eller delvis som eige svar er å rekna som fusk.

Med overlapp menes en faglig likhet mellom emner med samme faginnhold. Du vil derfor få følgende reduksjon i studiepoeng om du har tatt emner som er angitt under:

NAT340 - Arealplanlegging med GIS - 15 Studiepoeng

NAF2000 - Arealplanlegging med GIS - 15 Studiepoeng

GEO2008 - Arealplanlegging - 10 Studiepoeng