Praksis 1. studieår PPU
Kunnskaper
Studenten:
har kunnskap om klasseleiing, læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer for elevar på trinn 8-13 (5.-13. trinn for *a-fags studentar)
har kunnskap om rolla, rettane og pliktene til læraren og om skulen som organisasjon
har kunnskapar om korleis dei grunnleggjande ferdigheitene blir brukte i eigne fag
har kunnskap om forskings- til skulen og utviklingsarbeid
har kunnskap om faglege innhaldet slik at det er tilpassa føresetnadene til elevane.
har kunnskap om ressursane i skulen innan spesialpedagogikk, sosialpedagogikk, helsefremjande arbeid og *karriereveiledning
Ferdigheter
Studenten:
kan leia læringsarbeid og tilpassa opplæringa til elevars individuelle føresetnader og behovs
kan åleine og saman med andre planleggja, tilpassa, gjennomføra og vurdera undervisning på trinn 8-13 (5.-13. trinn for a-fag) på bakgrunn av pedagogiske og didaktisk kunnskap i eigne fag
kan variera og grunngi eit utval undervisningsmåtar og læremiddel og bruk av varierte læringsarenaer, sjølvstendig og gjennom elevmedverknad
kan åleine og i samarbeid med andre støtte læringa til eleven gjennom underveisvurdering, og gjennomføra sluttvurdering i fag
kan samhandla med elevar, føresette, kollegaer, skuleleiing og andre aktørar i skolen
Generell kompetanse
studenten:
kan reflektera over eigen praksis i tråd med aktuelle læreplanar, andre nasjonale styringsdokument og profesjonsetiske perspektiver
kan byggja gode relasjonar og kommunisera med elevar og kolleger
kan stå fram som rollemodell fagleg og sosialt og reflektera over profesjonsetiske spørsmålskan visa interesse for skulens utviklingsarbeid
kan identifisera og handtera brot på normene til skulen og regler
kan reflektera over bruk av IKT i eiga undervisning