Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
5. praksisperiode
PRA2056
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

5. praksisperiode

PRA2056
I tredje studieår, sjette semester, er det fem dagar observasjonspraksis i vidaregåande skule.

I tredje studieår, sjette semester, er det fem dagar observasjonspraksis i vidaregåande skule. Innhaldet skal knytast til pedagogikk og didaktikk, slik at studentane utviklar profesjonskunnskapen sin gjennom teori, observasjon og refleksjon.

Det skal vere progresjon i praksisopplæringa, og ho skal ha ein integrerande funksjon i lærarutdanninga. Rettleiing og vurdering av praksis er eit felles ansvar for faglærarar, praksislærarar og rektor ved praksisskulen. Utviklinga av studentane si kompetanse knytt til det å vere lærar skjer i eit gjensidig samspel mellom praksisarena og undervisningsarena.

Den rettleia praksisopplæringa i første og andre studieår må vere bestått for at studentane skal kunne halde fram med utdanninga inneverande studieår.
Den rettleia praksisopplæringa i første og andre studieår må vere bestått for at studentane skal kunne halde fram med utdanninga inneverande studieår.

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og samarbeid mellom skule og heim
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon, samt om lokale og nasjonale kvalitetssystem
  • har kunnskap om struktur, hovudområde og organisering av vidaregåande opplæring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan aleine og saman med andre vurdere opplæring og undervising
  • kan meistre ulike vurderingssituasjonar og leggje til rette for eigenvurdering blant elevane
  • kan identifisere åtferd som er utfordrande for elevane si læring, og drøfte måtar dette kan handterast på

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte undervising, læring, fag og elevar i lys av gjeldande læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
  • kan reflektere over undervisingssituasjonar i lys av teori og forsking
  • har innsikt i kor viktig grunnleggjande ferdigheiter er for læring i fag og for elevane si forståing av fagkunnskap
  • kan samhandle med kollegaer, skuleleiing og andre offentlege instansar og aktørar både i og utanfor skulen

Det må påreknast noko kostnad i samband med reise til og frå praksis. Nord universitet gjev tilskot til reiseutgifter etter gjeldande vedtak.

Retningslinjer for økonomisk tilskudd til studenter somgjennomfører praksisstudier ved Nord universitet

Praksisemne
I denne perioden vil hovudfokuset liggje på observasjon og refleksjonar/erfaringar baserte på observasjon av undervising i vidaregåande skule.
Studieprogrammet blir årleg evaluert av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Nord universitet tildeler praksisplassar i kommunar som institusjonen har samarbeidsavtalar med.

Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag omfattar totalt 130 dagar rettleia, variert og vurdert praksis. I sjette semester vert det gjennomført 5 dagar observasjonspraksis i vidaregåande opplæring i vårsemesteret.

Det skal vere progresjon i praksisopplæringa, og ho skal ha ein integrerande funksjon i utdanninga. Rettleiing og vurdering av praksis er eit felles ansvar for faglærarar, praksislærarar og rektor ved praksisskulen. Utvikling av studentens kompetanse knytt til det å vere lærar skjer i eit gjensidig forhold mellom praksisarena og undervisningsarena.

I tillegg til den rettleia praksisen kjem ulike typar ikkje-rettleia praksis knytt til dei enkelte undervisningsfaga.

Døme på slik praksis kan vere observasjonar, datainnsamlingar og utprøvingar i skulen.

Løpande skikkaheitsvurdering av alle studentar skal føregå gjennom heile studiet, både i den teoretiske og den praktiske delen av studiet, og inngå i ei heilskapleg vurdering av studentens føresetnader for å kunne fungere i yrket.

Praksis blir vurdert til Bestått/Ikkje bestått

For å få bestått praksis, må studenten, etter ei heilskapleg vurdering, ha oppnådd læringsutbyttet for praksisemnet, ha 100 % oppmøte, samt ha gjennomført og fått godkjent alle oppgåver som høyrer til praksisperioden. Fråvær frå praksis eller manglande godkjenning av oppgåver vil i seg sjølv føre til ikkje bestått. Studentar som får ikkje bestått i praksis, må gjennomføre ny praksis i sin heilskap.

Oppgåver knytte til praksisperioden:

  • Innlevering om forventningar til praksis og inntrykk etter observasjonsveka - leverast digitalt i læringsplattforma
  • Oppgåvene blir vurderte av aktuell faglærar

Vitnemål og karakter:

På vitnemålet blir karakterane i alle praksisemna slått saman til éin samla karakter i praksisopplæringa.

Den rettleia praksisopplæringa i studieåret må vere bestått for at studentane skal kunne halde fram med utdanninga det påfølgjande studieåret.

Ny/utsett praksis:

I følgje «Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet» har studentar rett til å framstille seg til praksisopplæring to gonger. Ved ikkje bestått på første forsøk, må studenten vente til neste gong same praksisperiode blir gjennomført for å ta nytt forsøk. Studenten må melde seg skriftleg opp til ny praksis ved studiestart. Ny praksis blir gjennomført etter dei same retningslinjene som ordinær praksis. Studenten vil få ei skriftleg melding om ikkje bestått.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som si eiga besvarelse, blir rekna som fusk. Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens m.m. finn du her.