6. praksisperiode
I fjerde studieår, sjuande semester, er det femten dagar rettleia, vurdert og variert praksis i vidaregåande skule, der innhaldet skal knytast til pedagogikk og musikkdidaktikk. Målet er at studentane skal utvikle profesjonskunnskapen sin gjennom både teori- og erfaringsbasert refleksjon.
Det skal vere progresjon i praksisopplæringa, og ho skal ha ein integrerande funksjon i lærarutdanninga. Rettleiing og vurdering av praksis er eit felles ansvar for faglærarar, praksislærarar og rektor ved praksisskulen. Utviklinga av studentane si kompetanse knytt til det å vere lærar skjer i eit gjensidig samspel mellom praksisarena og undervisningsarena.
Emnet er forbeholdt studentar på lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk.
Det er òg krav om at tidlegare praksisperiodar er beståtte før du får tilgang til emnet.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om vurderingsarbeid i vidaregåande skule og kjenner til omgrepa vurdering for læring / undervegsvurdering, sluttvurdering og undervisningsvurdering
- har inngåande kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heim-samarbeid
- har inngåande kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon, samt om lokale og nasjonale kvalitetssystem
- har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid i skulen
- har kunnskap om struktur, hovudområde og organisering av programfaga
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke digitale verktøy i planlegging, dokumentasjon og gjennomføring av undervisning
- kan meistre ulike vurderingssituasjonar og leggje til rette for elevane si eiga vurdering
- kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid for ulike elevar, samt kunne rettleie i kollegafellesskap
- kan identifisere åtferd som er utfordrande for elevane si læring, og drøfte korleis dette kan handterast
- kan åleine og saman med andre planleggje, tilretteleggje, gjennomføre og vurdere opplæring i det praktiske og estetiske faget, i tverrfagleg arbeid og i utvikling av læringsmiljøet
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte relevant fagdidaktikk, formidle eigne musikalske oppfatningar i ulike samspel- og undervisningssituasjonar, og reflektere over eiga rolle som musikar og leiar
- kan drøfte undervisning og læring, fag og elevar i lys av gjeldande læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- kan reflektere over eigen og andre si praksis i lys av teori og forsking
- kan ta imot og bruke tilbakemeldingar på eigen praksis på ein konstruktiv måte, og kunne rettleie kollegaer
- har innsikt i korleis grunnleggjande ferdigheiter verkar inn på fagleg læring og elevane si forståing av fagkunnskap
- kan vurdere og kritisk reflektere over eigen lærarkompetanse og eige læringsbehov, og bidra til nytenking om profesjonsutøving
- kan vurdere og kommunisere dei praktiske og estetiske faga si rolle i skulen og i samfunnet
- kan ivareta krava til helse, miljø og tryggleik innanfor eige fagområde og i lærarprofesjonen generelt
- kan samhandle med kollegaer, skuleleiing og andre offentlege instansar og aktørar innanfor og utanfor skulen
Det må påreknast noko kostnad i samband med reise til og frå praksis. Nord universitet gjev tilskot til reiseutgifter etter gjeldande vedtak.
Retningslinjer for økonomisk tilskudd til studenter somgjennomfører praksisstudier ved Nord universitet
FORBEREIDING AV PRAKSIS
Oppstartsmøte og samtalar med praksislærar i forkant av oppstart for praksisperioden.
GJENNOMFØRING AV PRAKSIS
- Observasjon av praksislærar sin og medstudentar si undervisning
- Planlegging og gjennomføring av eigne undervisningsøkter, aleine og saman med medstudentar
- Evaluering av både eigne og medstudentar sine undervisningsøkter.
VEILEDNING
I praksisperioden skal studenten ha inntil 10 timar veiledning i gruppe per veke. Veiledninga skal givast både individuelt og i gruppe, og har som mål å støtte læring og utvikling hos den enkelte studenten. Det skal gjennomførast ei individuell midtevaluering og sluttevaluering i praksisperioden.
OPPGÅVEINNLEVERING
Det er 3 oppgåver knytt til praksisperioden:
- Forventningsoppgåve
- Fagoppgåve
- Eigenevalueringsoppgåve
Desse oppgåvene blir gjennomførte i vårsemesteret og er knytt til profesjonsfaget.
Nord universitet tildeler praksisplassar i kommunar som institusjonen har samarbeidsavtalar med.
Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag omfattar totalt 130 dagar veileidd, variert og vurdert praksis. I sjuande semester vert det gjennomført 15 dagar praksisopplæring i vidaregåande opplæring i haustsemesteret. Praksisdagane skal gjennomførast i ei samanhengande periode på 3 veker.
Det skal vere progresjon i praksisopplæringa, og ho skal ha ei integrerande funksjon i utdanninga. Veileding og vurdering av praksis er eit felles ansvar for faglærarar, praksislærarar og rektor ved praksisskulen. Utviklinga av studentens kompetanse knytt til det å vere lærar skjer i eit gjensidig forhold mellom praksisarena og undervisningsarena.
I tillegg til den veileidde praksisen kjem ulike typar ikkje-veileidd praksis knytt til dei enkelte undervisningsfaga.
Døme på slik praksis kan vere observasjonar, datainnsamlingar og utprøvingar i skulen.
Løpande skikkelegheitsvurdering av alle studentar skal føregå gjennom heile studiet, både i den teoretiske og den praktiske delen av studiet, og inngå i ei heilskapleg vurdering av studentens føresetnader for å kunne fungere i yrket.
Praksis vert vurdert til Bestått/Ikke bestått.
For å bestå praksis må studenten, etter ei samla vurdering, ha oppnådd læringsutbyttet for praksisemnet, ha 100 % oppmøte, og ha gjennomført og fått godkjent alle oppgåver som høyrer til praksisperioden. Fråvær frå praksis eller manglande godkjenning av oppgåver vil i seg sjølv føre til ikkje bestått. Studentar som får ikkje bestått i praksis, må gjennomføre ny praksis i sin heilskap.
Oppgåver som høyrer til praksisperioden:
- Innlevering av forventningar til praksis, leverast digitalt i læringsplattform
- Innlevering av eigenevaluering, leverast digitalt i læringsplattform
- Fagoppgåve i profesjonsfaget om praksis med gitt oppgåvetekst
Oppgåvene vert vurderte av aktuell faglærar.
På vitnemålet vert karakterane i alle praksisemna slått saman til éin karakter i praksisopplæring.
Den rettleidde praksisopplæringa i studieåret må vere bestått for at studentane skal kunne halde fram med utdanninga påfølgjande studieår.
Ny/utsatt eksamen:
I følgje «Forskrift om studier og eksamen ved Nord universitet» har studentar rett til å framstille seg til praksisopplæring to gonger. Ved ikkje bestått på første forsøk må studenten vente til neste gong same praksisperiode vert gjennomført for å framstille seg til nytt forsøk. Studenten må skriftleg melde seg opp til ny praksis ved studiestart. Ny praksis vert gjennomført etter same retningslinjer som ordinær praksis. Studenten vil få ei skriftleg melding om ikkje bestått.