Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)
8. praksisperiode
PRA5009
Gjeldende emnebeskrivelse (sist oppdatert 2026/27)

8. praksisperiode

PRA5009
I studiets femte studieår, niende semester, er det lagt opp til en praksisperiode på 10 dager. Praksisperioden er knyttet til prosjektarbeid i grunnopplæringen.

I det femte studieåret, niande semester, er det lagt opp til ein praksisperiode på 10 dagar. Praksisperioden er knytt til grunnopplæringa, og det blir gjort individuelle avtalar med aktuelt praksisstad.

Denne praksisen har eit perspektiv der studenten gjennom eige utviklingsarbeid blir sjølvstendiggjort i det metodiske arbeidet. Medvitsgjering gjennom forsking på eigne erfaringar dannar eit sentralt grunnlag (aksjonsforsking og læring). Prosjektpraksis er tilpassa mange av faga i utdanninga. Det kan også vere aktuelt å samle inn empiri til masteroppgåve i denne praksisen.

Følgjande tema skal vektleggjast:

  • Inkluderande læringsfellesskap
  • Kreative og skapande prosessar
  • Produksjon og formidling av musikk for og med barn, unge og vaksne

Kvar studentgruppe vil få tildelt ein rettleiar frå Nord universitet som tek ansvar for oppfølging og kontakt med praksisfeltet.

Praksis blir gjennomført i grupper.

Emnet er forbeholdt studentar på lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk.

Det er òg krav om at tidlegare praksisperiodar er bestått før du får tilgang til emnet.

Den rettleia praksisopplæringa frå førre semester må vere bestått for at studentane skal kunne halde fram med utdanninga inneverande studieår.

KUNNSKAPAR

Studenten

  • har kunnskap om kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar
  • har kunnskap om ulike didaktiske metodar og metodeutvikling
  • har god kunnskap om produksjon og formidling av musikk for og med barn og ungdom

FERDIGHETER

Studenten

  • kan møte mangfald og variasjon gjennom differensiert opplæring
  • kan bruke relevant teknologisk utstyr, og kan nytte eit breitt spekter av uttrykksmiddel i arbeid med musikk for skule og frivillig musikkopplæring
  • kan sjølvstendig og saman med andre planleggje, gjennomføre og vurdere musikkprosjekt i eit læringsfellesskap

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • har erfaring med å arbeide skapande og kreativt med musikkens ulike element og kan bruke kunnskap om kreative prosessar i arbeid med å engasjere prosjektdeltakarar i musikkfaget
  • har utvikla medvit rundt eigen kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har innsikt i eigen utvikling som leiar

Det må påreknast noko kostnad i samband med reise til og frå praksis. Nord universitet gjev tilskot til reiseutgifter etter gjeldande vedtak.

Retningslinjer for økonomisk tilskudd til studenter somgjennomfører praksisstudier ved Nord universitet

Praksisemne

Praktisk arbeid med musikkprosjekt i grunnopplæringa.

Praksis blir gjennomført i grupper.

Studieprogrammet blir årleg evaluert av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evalueringa inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Nord universitet tildelar praksisplassar i kommunar som institusjonen har samarbeidsavtalar med.

Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag tilbyr 130 dagar veileidd, variert og vurdert praksis. I det femte studieåret, niande semester, er det lagt opp til ein praksisperiode på 10 dagar. Praksisperioden er knytt til grunnopplæringa. Det skal vere progresjon i praksisopplæringa, og ho skal ha ei integrerande funksjon i utdanninga. Veiledning og vurdering av praksis er eit felles ansvar for faglærarar, praksislærarar og rektor ved praksisskulen. Utviklinga av studentens kompetanse knytt til det å vere lærar skjer i eit gjensidig forhold mellom praksisarena og undervisningsarena.

Løpande skikkaheitsvurdering av alle studentar skal gå føre seg gjennom heile studiet, både i den teoretiske og den praktiske delen, og inngå i ei heilskapleg vurdering av studentens føresetnader for å kunne fungere i yrket.

Praksis blir vurdert til Bestått/Ikkje bestått.

For å få bestått praksis må studenten, etter ei heilskapleg vurdering, ha oppnådd læringsutbyttet for praksisemnet, ha 100 % oppmøte, samt ha gjennomført og fått godkjent alle oppgåver som høyrer til praksisperioden. Fråvær frå praksis eller manglande godkjenning av oppgåver vil i seg sjølv føre til Ikkje bestått. Studentar som får Ikkje bestått i praksis, må gjennomføre ny praksis i sin heilskap.

Oppgåver som høyrer til praksisperioden:

  • Innlevering om forventningar til praksis, leverast digitalt i læringsplattform
  • Innlevering av eigenevaluering/refleksjonsnotat, leverast digitalt i læringsplattform

På vitnemålet blir karakterane i alle praksisemna slått saman til éin karakter i praksisopplæring.

Den veileia praksisopplæringa i studieåret må vere bestått for at studentane skal kunne halde fram med utdanninga det påfølgjande studieåret.

Ny/utsett eksamen:

I følgje Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet har studentar rett til å framstille seg til praksisopplæring to gonger. Ved Ikkje bestått på første forsøk må studenten vente til neste gong same praksisperiode blir gjennomført for å få nytt forsøk. Studenten må melde seg skriftleg opp til ny praksis ved studiestart. Ny praksis blir gjennomført etter dei same retningslinjene som ordinær praksis. Studenten vil få ei skriftleg melding om Ikkje bestått.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere ho heilt eller delvis som si eiga besvarelse, blir rekna som fusk. Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens m.m. finn du her.