Perspektiver, relasjon og etikk i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid
Emnet er knytt til studieprogramma
- Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse, rus og avhengigheitsarbeid
- Master i helsevitskap
Emnet er obligatorisk for Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid, og Master i helsevitskap med fordjuping i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Emnet vil ikkje vere ope for andre studentar enn dei som er tatt opp i desse programma, og det kan ikkje takast som frittståande emne.
Kunnskap:
- Har inngåande kunnskap om relasjonen si betydning i møte med menneske med psykiske helse-, rusmiddel og/eller avhengigheitsproblem, familien og nettverket deira.
- Har inngåande kunnskap om sentrale teoriar knytt til relasjon, kommunikasjon og samhandling.
- Har avansert kunnskap om etikk, sentrale verdiar og etiske problemstillingar, samt teoriar og metodar for å identifisere og handtere etiske problemstillingar i praksis.
- Har avansert kunnskap om korleis psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit kan forståast ut ifrå ulike perspektiv, inkludert historiske, biologiske, psykologiske, sosiale, eksistensielle og kulturelle perspektiv.
- Har inngåande kunnskap om korleis problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit kan forståast frå ulike perspektiv.
- Har inngåande kunnskap om betydninga av menneske sine eigne erfaringar og forståingar knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit.
- Har inngåande kunnskap om forhold på individ-, gruppe- og samfunnsnivå som kan hemme og fremme betringsprosessar, gode kvardagsliv og sosial deltaking, til dømes i skule og arbeidsliv.
Ferdigheiter:
- Kan bruke relevante kommunikasjons- og samhandlingsteoriar for å skape relasjonar som fremmar hjelpande samhandling med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, og familien og nettverket deira.
- Kan bruke kunnskap om kommunikasjon og relasjon til å leggje til rette for at sensitive tema som krevjande livserfaringar, inkludert vald og seksuelle overgrep, blir identifiserte og møtte.
- Kan analysere, reflektere over og nytte avansert kunnskap om kommunikasjon i utfordrande samspelsituasjonar med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem og familien og nettverket deira.
- Kan analysere og forholde seg kritisk til ulike perspektiver på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengighet og problemer knyttet til psykiske helse, rusmiddelbruk og avhengighet og anvende kunnskapen i profesjonsutøvelse.
- Kan analysere samspillet mellom kjønn, alder og sosiokulturell kontekst, herunder minoritetskulturer, og problemer knyttet til psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengighet, og kan anvende kunnskapen for å møte differensierte hjelpebehov.
Generell kompetanse:
- Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter om ulike perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver.
- Kan kommunisere om ulike perspektiv og forståingar knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit med dei det gjeld, familien og nettverket deira, samarbeidspartnarar og allmennheita.
Førelesingar, seminar, gruppearbeid og sjølvstudium.
Samlingar: emnet har to samlingar frå måndag til fredag. Samlingsveke 1 i veke 42 er fysisk på campus Bodø og samlingsveke 2 i veke 45 er heildigitale på Zoom.
Obligatorisk deltaking (OD): den 03.11.2025 i samlingsveke 45 på dialogseminar (på Zoom).
Arbeidskrav (AK): blir jobba med i basisgruppe, det er førebuing til og deltaking på dialogseminaret 03.11 i veke 45. Skriftleg innlevering er ein gruppekontrakt (blir levert i Canvas innan 04.11.2025).
Eksamen: Individuell oppgåve (OP) med bokstavkarakter. Eksamensdato finn du i Studentweb (etter at semesterregistrering med undervisnings- og eksamensmelding for emnet er godkjend).
(Med atterhald om endringar).
- Arbeidskrav (AK) i gruppe: Godkjent / ikkje godkjent. AK må vere godkjent før endeleg karakter i emnet.
- OD i ferdigheitstrening: Godkjent / ikkje godkjent. OD må vere godkjent før endeleg karakter i emnet.
- Individuell oppgåve (OP): Bokstavkarakter A-F.
Eksamensdato finn du i Studentweb (etter at semesterregistrering med undervisnings- og eksamensmelding for emnet er godkjend).
Eksamenssvara skal alltid utarbeidast av kandidaten sjølv. Å generere oppgåvesvar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dei heilt eller delvis som eigne svar, blir rekna som fusk.
For meir informasjon om ChatGPT eller liknande kunstig intelligens, samt kjeldevising, ureglementert samarbeid og plagiering: Sjå Retningslinjer for eksamenskandidatar ved Nord universitet - rektorvedtak 16.05.23: https://www.nord.no/student/eksamen