Innovasjon og utviklingsarbeid i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid
Emnet er tilknytt studieprogramma
- Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
- Master i helsevitenskap
Emnet er obligatorisk for Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid, og Master i helsevitenskap med fordjuping i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Emnet vil ikkje vere ope for andre studentar enn dei som er tatt opp i desse programma, og det kan ikkje takast som frittståande emne.
Kunnskap:
- Har inngåande kunnskap om menneskerettar, relevant lovverk, politiske føringar, nasjonale faglege retningslinjer, organisering og tenesteutvikling samt administrative verkemiddel som legg føringar for psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
- Har inngåande kunnskap om betydninga av sjølvhjelp, likepersonsarbeid og frivillig arbeid.
- Har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske perspektiv og forskingsmetodar for å utøve og vidareutvikle psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
- Har kunnskap om metodar for å identifisere og kritisk vurdere relevans og kvalitet av ulike kunnskapskjelder og kunne ta kunnskap i bruk.
- Har kunnskap om systematisk fagutviklingsarbeid og om vilkåra for fag- og utviklingsarbeid innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
Ferdigheiter:
- Kan fremje sjølvhjelp, likepersonsarbeid og frivillig arbeid.
- Kan analysere samanhengar mellom ulike vitskapsteoretiske posisjonar og menneskesyn, forklaringsmodellar, forsking på og behandling av psykisk helse-, rus- og avhengigheitsproblem.
- Kan bruke relevante metodar for å finne og kritisk vurdere relevansen og kvaliteten til ulike kunnskapskjelder og kunne ta kunnskapen i bruk.
- Kan gjennomføre og evaluere fagutviklingsprosjekt med utgangspunkt i forskingsbasert, praksisbasert og erfaringsbasert kunnskap.
Generell kompetanse:
- Kan bruke kunnskap og ferdigheiter til å koordinere tenester, leie tverrfaglege team og leie samhandling på tvers av grupper, sektorar, tenester og instansar.
- Kan kommunisere om eige fag og forsking i møte med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, andre som er ramma, samarbeidspartnarar, avgjerdstakarar og allmennheita.
- Kan bidra til nytenking, fagutvikling, innovasjon og berekraft innan eige fagområde.
Seminar, rettleiing, sjølvstudium, førelesingar, læringssti, gjennomføring av innovasjons- og utviklingsarbeid i praksis.
Emnet har 3 dager fysisk samling i veke 3, og digital samling 1 dag i veke 5 og 1 dag i veke 12, våren 2026.
(Med atterhald om endringer).
Samansett vurdering (SV), karakterskala A-F:
- Arbeidskrav (AK), individuelt, tel 0/100 av karakteren, karakterskala Godkjent / Ikkje godkjent
- Obligatorisk deltaking (OD), 80 % deltaking i undervisning, tel 0/100 av karakteren, karakterskala Godkjent / Ikkje godkjent
- Oppgåve (OP), individuell, tel 100/100 av karakteren, karakterskala A-F.
Obligatorisk deltaking og arbeidskrav må vere godkjent for å få endeleg karakter i emnet.
Eksamensdato finn du i Studentweb (etter at semesterregistrering med undervisnings- og eksamensmelding for emnet er godkjend).
Eksamenssvara skal alltid utarbeidast av kandidaten sjølv. Å generere oppgåvesvar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere dei heilt eller delvis som eigne svar, er å rekne som fusk.
For meir informasjon om ChatGPT eller liknande kunstig intelligens - samt kjeldevising, ureglementert samarbeid og plagiering: Sjå Retningslinjer for eksamenskandidatar ved Nord universitet - rektorvedtak 16.05.23 www.nord.no/student/eksamen