Emneomtale for 2026/27
KRLE 1A KRLE-didaktikk 1, 1-7
REL1007
Emneomtale for 2026/27

KRLE 1A KRLE-didaktikk 1, 1-7

REL1007
Emnet KRLE-didaktikk er ein del av studiet KRLE 1 som inngår som ein valbar del av Grunnskolelærerutdanninga (1-7) og Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk. I emnet får studentane ei grunnleggande innføring i didaktiske spørsmål knytt til KRLE-faget. Tema som inngår i emnet er: utviklinga av religions- og livssynsfaget i skolen, ei innføring diskusjonen om formålet med faget (fagsyn) og ei innføring i sentral forsking om faget. I tillegg vil tema som didaktikk, begynneropplæring, tilpassa opplæring og vurdering i KRLE på trinn 1-7, inngå i emnet.

Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.

Dette emnet inngår i følgjande program:

  • Grunnskulelærarutdanning master 1-7
  • Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk

Opptakskrava kjem fram på studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.

KUNNSKAP

Studenten:

  • har kunnskap om læreplanen i skulen og utviklinga av religions- og livssynsfaget i Noreg
  • har kunnskap om didaktiske utfordringar som er spesielle for faget på trinn 1-7.
  • kan gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar og forskingstradisjonar i skulefaget

FERDIGHEITER

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere KRLE-undervisning i faget som grunnlag for elevretta vurdering som verkar utviklande for alle elevane
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar som integrerer begynneropplæring og dei grunnleggande ferdigheitene
  • kan samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og aktørar i lokalmiljøet
  • 3MAGLU: studenten kan planlegge, gjennomføre og reflektere over egen undervisning der det tverrfaglige temaet bærekraftig utvikling er integrert.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten:

  • har grunngjeve synspunkt på kva det inneber å vere KRLE-lærar
  • kan reflektere kritisk over skulefaget og vidareformidle forsking om barn, religion og livssyn
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ei berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.
Valemne
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, videoar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.
Studieprogrammet evaluerast årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitetssikringssystem.
Praksis er ein integrert del av KRLE-faget. Viktige tema for praksis i KRLE er; begynnaropplæring, heim- skulesamarbeid og vurdering av og utprøving av læremiddel i KRLE, inkludert digitale læremiddel. Sjå elles eigen praksisplan.

Samansett vurdering (SV): Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.

Obligatorisk deltaking (OD): 80 % obligatorisk deltaking på nettundervisning, eller 80% obligatorisk gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Deltakinga blir vurdert til godkjend/Ikkje godkjend.

Mappe (MA): Mappa skal innehalde tre ulike arbeider (to tekster og ett audio-visuelt produkt). Mappa blir vurdert samla med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.

Alle

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

REL1005 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1A, 1-7 - 7.5 Studiepoeng

REL1003 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1A, 5-10 - 7.5 Studiepoeng

REL1008 - KRLE 1A KRLE-didaktikk, 5-10 - 7.5 Studiepoeng

REL1001 - Kristendom, religion, livssyn og etikk 1A - 7.5 Studiepoeng